Gå til innhold
Arkivverket

Else Aasmundsdotter f. i Bergen, gift i Jølster?


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Else var døypt i Nykirken i Bergen i 1717. Foreldra hennar var Aasmund Henrichsen og Berite Gundersdtr. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=dp12011668&gardpostnr=40296&personpostnr=118140&merk=118140#ovre

 

Eg har funne tre sysken av ho; Henrick f. 1709, Aasmund f. 1711 og Berite f. 1720, alle døypte i Bergen.

 

I 1749 blir ei Else Aamundsdtr med Tollef Hansen Bjørset i Jølster http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=vi14311696&gardpostnr=554&personpostnr=1094&merk=1094#ovre. Ho blei seinare gift med Jens Eriksen Nedrebø i 1782.

 

I 1801 er Else enke på Bjørset, og 84 år, dvs. f. kr. 1717 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=f18011431&gardpostnr=1&personpostnr=1&merk=1#ovre

 

Aamund/Aasmund/Osmund (eller liknande) er ikkje noko vanleg namn i Jølster. Ho må difor truleg være tilflytt. Kan det være ho som er fødd i Bergen?

 

Eg har lett etter skifte etter Foreldra til Else i Bergen, men eg har ikkje funne sikre spor etter nokon ut av dei. Aasmund Henrichsen er ein uvanleg namnekombinasjon. Eg finn ingen i MT 1701 for Søndre Bergenhus, og heller ikkje i Nordre Bergenhus. Eg finn heller ikkje noko dødsfall i Bergen som kan tilhøyre Aasmund Henrichsen, så kanskje er familien flytta frå Bergen?

 

Er det nokon som kjenner til familien, eller som kan finne koblinga til Else Aamundsdtr på Bjørset?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk Berit. Det var litt oppklarande.

 

Då veit vi i alle fall att Berite Gundersdtr døde i 1723, og at ho og Aasmund truleg fekk to barn til i 1716 og 1723, som døde før dei blei døypte.

 

Else Gundersdtr er vel truleg då ei syster av Berite.

 

Når det gjeld Else Aamundsdotter som du har funne død i 1753 (innlegg 2), så har eg sett denne før, og sjekka kyrkjeboka, men dessverre er det ikkje nokon alder som er opgitt, slik at den er veldig uviss, men det kan være den same.

 

Kanskje er det Aasmund Henriksen som giftar seg i 1728 med Dorthea Gundersdtr (endå ei syster av Berite?) http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=13179&merk=13179#ovre

 

I fylgje kyrkjeboka var både Aasmund Henriksen og Dorthea Gundersdtr enke/enkemann når dei gifta seg, så det passer jo bra.

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 7 (1719-1781), Ekteviede 1728, side 51.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8723&idx_id=8723&uid=ny&idx_side=-52

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416620360.jpg

 

Då blir spørsmålet: kor blei det av Aasmund og Dorthea?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.