Gå til innhold
Arkivverket

Torkild Larsson Hillestad, Hafslo (1645-1716) - var han frå Årdal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Torkild Larsson, fødd kring 1645, døydde våren 1716 som gardbrukar på Hillestad i Hafslo. Han var gift to gonger, først kring 1669 med ei enkje på nabogarden Solvi, Ingeborg Pedersdotter, og sidan med ei Kari Christensdotter.

 

Namnet Torkild er svært uvanleg i indre Sogn på den tidi. Futemanntalet frå 1666 syner seks personar med namn Torkild i heile indre Sogn, tre i Luster og tre i Sogndal, men ingen av desse høver med Torkild Larsson, som i 1666 må ha vore gamal nok til å vera medkomen i manntalet.

 

So var det gamle Jon Laberg som i bygdeboki si for Hafslo frå 1926 har motstridande utsegner om denne karen:

 

* Under Solvi seier han at Torkild Larsson OFFERDAL gifte seg med enkja der.

 

* Under Hillestad seier han at Torkild Larsson var frå Skagen i Luster, men at han "stemnde ein aardøl for han hadde kjørt hans søster Gunhild av sit brød og tjeneste St. Olavsdag uden lovlig aarsag". Det er berre det at det ikkje budde nokon Lars på Skagen i Luster på 1600-talet!!

 

Eg har meir tru på at Torkild trødde barneskoi sine i Årdal, men er det mogeleg å prova dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld, her er skiftet etter Torchild:

 

Namn arvtakar: Thorchild,

Gard: Hillestad, nr.:2

Husmannsplass:

Yrke:

Skipreide: Solvorn

Protokoll/side: 3-254

Datering: 1708-1722

Dato: 4.4.1716

Eiga: 221 Dalar, 2 ort, 10 skilling

Gjeld: 52 Dalar, 5 ort, 15 skilling

Netto: 168 Dalar, 2 ort, 11 skilling

Merknad:

Personar i skiftet :

(1) Karj Thorchildsdatter Død Datter

(2) Ingebor Pedersdatter Død 1. kone

(3) Lars Torchildssen Søn, 1. ekteskap

(4) Boets gjeld Kreditor

(5) Karj Christensdatter Enken

(6) Thosten Stenehiem ? Gift med Karj

(7) Sønnefue Torchildsdatter Datter

(8) Pol Thorchildsen Søn. 2. ekteskap

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.