Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag i bygdeboki for Stord - garden Tyse


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I eit anna tema har Grethe Flood avslørt at Synneva Johannesdotter, fødd på Kjeringnes i Hafslo 1800, vart gift og budde i Skånevik.

 

Denne Synneva tok utflytting som Synneva Johannesdotter Thyse frå Stord til Skånevik i 1842, men utflyttingslista seier ho flytte alt i 1836 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8303&idx_id=8303&idx_listetype=fl&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-3).

 

Foreldri hennar, Johannes Johannesson (1767- ) og Britha Olsdotter (1759- ), flytte truleg med dotteri frå Nagløyri i Sogndal kring 1820, og eg trur dei alle må vera flytte til Stord. Me ser at ei husmannskone Britha Olsdotter Thysestølen døydde på Stord 28.8.1844 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=gr12211841&gardpostnr=277&personpostnr=277&merk=277#ovre). Ho var 80 år gamal og KAN soleis ha vore mor til Synneva...

 

Har bygdeboki for Stord noko å seia om denne huslyden under garden TYSE?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars :-)

Eg har ikkje bb for Stord i hus, men eg veit at den er særdeles dårleg!

 

Nokre gardar har han teke (nokså) greit for seg, men heilheten er elendig!

 

Kanskje du er heldig at bebuarar på Tyse garden er tekne med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det stemmer det som Mariann sier om Stord bygdebok.Jeg fant ei Brita Olsdtr., men hun var gift med Nils Gabrielson 1768-1848. Denne Brita er født på Hystad i 1767 og kan være den som er død i 1844, selv om alderen ikke stemmer helt. Hun bodde på Thysestølen. Alderen til Nils stemte heller ikke. Han var oppgitt å være 86 år, men var bare 80 år da han døde.

Mvh.

 

Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mariann og Johan Arthur for interessante om enn skuffande innlegg! Då var altso Britha Olsdotter eit blindspor, og me er attende til "square #one". Eller kanskje budde dei på ein annan gard på Stord??

 

Det kan sjølvsagt tenkjast at Johannes Johannesson og Britha Olsdotter IKKJE flytte til Stord likevel; tre av døtrene vart jo buande i Sogn, men eg kan i alle fall ikkje sjå noko til dei i Sogndal, Hafslo eller Luster....

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.