Gå til innhold
Arkivverket

Sjt Hans Jakob Hee f. ca 1730 i Stange


Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

I samband med eit prosjekt der eg skal analysere kven underoffiserane ved dei nasjonale infanteriavdelingane var i dansketida prøver eg å identifisera alle som har vore knytt til kompania i prestegjelda Lesja og Lom i Gudbrandsdalen. Ein grunn til at eg nyttar desse bygdene som undersøkingsområde er at eg i si tid skreiv bygdebøkene for Lesja og hadde hovudansvaret for å gjere ferdig tilsvarande for Lom. Dermed har eg ein del underlagsmateriale som eg kan bruke relativt systematisk. Som hovudkjelder for å plukke ut desse karane nyttar eg er tittelbruk i kyrkjebøker (og folketeljinga 1801) og militære rullar frå Riksarkivet og Statsarkivet, der underoffiserane er lista for seg.

 

Ein er har problem med var sersjant Hans (Jakob) Hee. Han døydde i Lesja og vart jordfesta 16. P. T. 1773 (permanent sidelenke, oppe til venstre, 50 år gamal). Det var einaste innføringa med han vi hadde da arbeidet med bygdebøkene gjekk føre seg, så han vart ikkje nemnt der. Men frå seinare gjennomgang av kyrkjebøkene ser eg han var fadder i alle fall 11 gongar heilt frå 1751 til han døydde. Den første kompanirulla han er nemnt i er frå 1756, og da er alderen oppgjeve til 26 år. Det står òg at han har tent i fem år, dvs. at han nok hadde heile si karriere i bygda. I rullene og ved eit par av fadderskapa står han elles med dobbelt fornamn, Hans Jakob.

 

I rullane står det som regel berre Norge som fødestad, men i ei, frå 1765, står han med Stange som fødestad. Eg har så lånt inn dei to binda med gards- og slektshistorie for Stange og skumma slektstavlene der, utan å finn noko namn som kunne likne på "Hee" (kan nok ha oversett noko).

 

Eg har heller ikkje funne dette namnet i registeret til Norsk slektshistorisk tidsskrift eller andre kjelder på nettet, men ser at det kan ha vore personar med namnet knytt til Stange på eit par private slektssider. På Family Search finn eg òg namnet knytt til Odalen.

 

Er det nokon som har kjennskap til kven foreldra hans var?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det trur eg ikkje, jf. kyrkjeboka for Lesja. Eg legg òg ved utklipp frå mønstringsrulla for kompaniet frå 1756 - det kan ikkje vere tvil om skrivemåten av namnet.

post-254-0-20353600-1325774944_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være at Stange er bom, og at det kan i Sand sogn i Odalen?

 

Fra O. Rygh:

36. He. Udt. hé:. -- Hædh, Hæædh (nedre, øvre øvre) ">RB.

465. Hææd DN. VI 622, 1476 Heden DN. XIII 138, 1499 Heed

NRJ. I 16. Hee 1557. Hædt St. 101. Heed 1594.1/1. Hee 1617.

Hee med Wiig 1723.

 

Hæð f., Høiden, jfr. GN. 16.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Først av alt vil jeg bemerke at vi her har fått et forbilledlig førsteinnlegg til dette temaet, der vi både får vite hvilke undersøkelser som er gjort, og hvilke kilder som til nå er anvendt.

 

Tre små ting:

 

1.

Har du tenkt på Heen i Norderhov?

Exempel:

Når datteren til Erich Christian på Heen( PETRONELLA DORTHEA) døpes 13 feb.1780, kalles faren Eric Xtian Hee: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8525&idx_id=8525&uid=ny&idx_side=-92

(Heen er nok et gårdsnavn man finner flere steder på Østlandet landet, bl.a. i Lier)

 

2.

Kan man regne det for sikkert at Hans Jacob Hee IKKE hadde noen ektefelle ?

 

3.

Har du sett noe mønster for hvordan underoffiserer anvendte "etternavn"?

Var det gården (der man eventuelt var født) som i det alt vesentligste lå til grunn for etternavnet. - Eller var det andre forhold, som for eksempel et sted/gårdsnavn hvor man tjenestegjorde?

 

IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til (4): eg har sett at gardsnamnet i Odalen kan vere ei muleg lenke ja, men har ikkje undersøkt den nærare. Det er dessverre ein del fleire av desse eg har å gjer med, og tida er avgrensa (derfor bruk av forumet).

 

Til (5) 1: Nei, av same grunn som nemnt over. 2: Ja, det trur eg kan seiast med stor grad når det gjeld innabygds i Lesja prestegjeld - men om slike underoffiserar (som jo var på øvingar / samlingar årleg) kan ha hatt familie i andre bygder har eg ikkje oversikt over. 3: Ja, det ser ut til at dei (dvs. rulleførarane) brukte gardsnamnet som etternamn i moderne forstand på underoffiserane. Dei vart òg forflytta mellom kompania i overraskande stor grad (eg har gått igjennom rullene for alle kompania i Gudbrandsdalen ovanfor Fåberg / Lillehammer) fram til 1814.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang. Heen i Norderhov. Det står at faren het Erich Christan Hee, og han er av presteslekten Hee på Jylland. Det er ingen Hans Jacob i den grenen av slekta. Jeg tror heller ikke at det kom noen Hee fra Jylland så tidlig som rundt 1730.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes kun en som er døpt Hans Jacob i Stange mellom 1724 og 1734: Han ble døpt 7.6. 1729. Foreldre: Ole Andersen Nordvieejer og Regina Hansdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

eg har no bestilt innlån av Birger Kirkeby sine bygdebøker for Sand sokn.

 

- men dei gav dessverre heller ikkje napp. Så kven han var ser ut til å bli nok ei uløyst gåte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Det er godt jeg fortsatt har et relativt godt minne! Begynner å bli en stund siden jeg leste denne etterlysningen. Men her er løsningen!

 

Dette er et eksempel på at kilden (selvfølgelig) har rett, men vi forstår bare ikke hvordan/hvorfor! Bengt E. Vesthagen har allerede pekt på svaret. Det er kun døpt en Hans Jacob i Stange. Vi må imidlertid til nabosognet Romedal for å finne bekreftelsen på at dette var rett person. Jeg satt akkurat nå og lette etter noe helt annet og skummet gjennom sidene om gården Aasen i Romedal. I Romedal bygdebok bd. 5 I på side 364 står følgende:

 

" Denne gardhandelen ble det sak av. Syver Anderssen, som hadde vært eier og bruker av garden 1732-1760, hadde en bror, Ole Anderssen, g.m. ei Regina Hansdatter. Disse to hadde en sønn, sersjant Hans Olsen Hee. Denne la nå sak om Aasen nordre, han mente seg odels og innløsningsberettiget til garden."

 

Så da er det bare å løpe til biblioteket igjen. Jeg har desverre ikke noen skanner her, ellers kunne jeg sendt deg sidene på epost.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Bevares! Av ein eller annan grunn har eg ikkje fått varsel om dette innlegget (fy Digitalarkivet). Hjerteleg takk - eg har alt slått opp i Romedalsboka på NB Digital og funne sida.

Det spørsmålet som står att er da kvifor han kalte seg Hee, men det blir nok vanskelegare å finne ut av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.