Gå til innhold
Arkivverket

Fødestaden til Helene Marie Olsdtr Svanøe


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Helene Marie er dotter til Ole Torjussen Svanøe og Kersti Amundsdtr Svanøe, som dreiv hovedgården på Svanøy i Kinn prestegjeld frå 1804.

 

Dei fekk mange barn, men eit av dei har eg ikkje funne dåpen til. Helene Marie skal være fødd kring 1814.

 

Her er konfirmasjonen i Kinn den 15. september 1828. Ho er då oppgitt til å være 15 år, og fødd på Svanøy (nr. 1).

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Konfirmerte 1828, side 25.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11534&idx_id=11534&uid=ny&idx_side=-231

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620391.jpg

 

Så blir ho gift den 14. juni i 1847 i Kinn med Thomas Pedersen Amlie. Ho er då oppgitt å være 33 år og født på Svanøy. (nr. 2)

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 9 (1841-1852), Ekteviede 1847, side 35.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6893&idx_id=6893&uid=ny&idx_side=-38

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310238.jpg

 

I 1865 bur Helene Marie og Thomas Amlie i Christiania. Helene Marie er då oppgitt å være 52 år gamal og fødd i Kinn.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f60301&gardpostnr=781&personpostnr=22084&merk=22084#ovre

 

Så i 1875 tellinga for Christiania er det plutseleg oppgitt at Helene Marie er fødd i Bergen, og fødselsår 1814

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f70301&gardpostnr=1306&personpostnr=38884&merk=38884#ovre

 

I 1885 er det igjen opplyst at ho er fødd i Kinn

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=f80301&gardpostnr=1769&personpostnr=38567&merk=38567#ovre

 

Helene Marie døyr i Christiania i 1897.

 

Det er vel mykje truleg at 1814 er rett fødselsår. Ein av brødrene hennar var fødd i byrjinga av 1812, ein annan i slutten av 1815, så der er rom imellom (dei er begge døypte i Kinn).

 

Foreldra hennar budde på Svanøy, men i 1812 vart far hennar kjøpmann i Bergen, og skal i periodar ha budd i Bergen i samband med dette, men hovedsakleg fortsatte han å bu på Svanøy. Hausten 1814 var han på Eidsvoll i samband med at det første Stortinget var samla.

 

Eg veit altså ikkje om ho er fødd i Kinn eller i Bergen, og heller ikkje kor ho blei døypt. Eg har lett gjennom dåpane i Bergen og Kinn, utan å finne noko.

 

Er det nokon som veit kor og når ho blei fødd, eller evt. kan finne dåpen hennar?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var ikke godt å finne noe om henne - med unntak av denne opplysningen på Family search og hvor de har funnet disse opplysningene står det ingenting om.

 

Kirkeboka var mildt sagt vanskelig å tyde!

 

http://www.familysearch.org/eng/search/igi/individual_record.asp?recid=700089273570&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9Hord&juris2=Hord&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Hordaland+%28Bergen%29&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=

Mvh. Johan Arthur Hansen

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for dei opplysningane Johan. Då fann eg i alle fall registreringa av dødsfallet i kyrkjeboka også.

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Johannes, Ministerialbok nr. 8 (1897-1917), Døde og begravede 1897, side 8.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=635&idx_id=635&uid=ny&idx_side=-12

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060227020012.jpg

 

Her er det opplyst same fødedato som hos familysearch, men fødestaden er oppgitt som Søndfjord (dvs. må då bety Kinn).

 

Det positive er då at opplysningane i familysearch ikkje (i alle fall åleine) kan være henta frå registreringa av dødsfallet. At den same fødedato er oppgitt skulle då kunne bety at det er rimeleg sikkert at det er rett dato.

 

Spørsmålet blir då igjen: Kor vart ho fødd/døypt?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit nytt søk gjennom kyrkjebøkene i Bergen og Kinn knytt til fødselsdatoen 17. februar, har dessverre ikkje gitt noko resultat ang. Helene Marie sin dåp.

 

Likevel noko interessant. Den 4. 1814 mars er far til Helene Marie oppført i kyrkjeboka for Korskirken som fadder for sonen til ein annan haugianar. Den 19. mai finn eg han som fadder i Kinn.

 

Kanskje har dei gløymt å føre ho inn i kyrkjeboka i Korskirken?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.