Gå til innhold
Arkivverket

Forfedrar til Hans Knag Juuhl / Juul / Juel


Halvor Skurtveit
 Del

Recommended Posts

Hei

 

Eg leiter etter opplysningar om Hans Knag Juuhl. Han vart gift 1761 med Anne/Anna Eriksd. Busch. Dei budde då på Hernar i dåverande Manger prestegjeld (no Øygarden kommune), og Hans arbeidde truleg for eigaren av handelsstaden der, Alexander Wallace.

 

Hans og Anne fekk minst tre born:

 

1. Alexander Knag Juuhl, f. 1761 (Hernar). Busett i Bergen. Ved folketeljinga i 1801 var han ”Mester Svænd”. Han var då ugift. Ved teljinga i 1815 var han seglmakarmeister, og truleg framleis ugift.

2. Hans Erich Juuhl, f. 1763 (Hernar), d. før 1830. Styrmann. G. 1791 med Christiane Elisabeth Hochkirchen, f. 1764, d. 1830. Busette i Bergen.

3. Berthe Margrethe Juuhl, f. 1766 (Bergen).

 

Familien flytta altså frå Hernar til Bergen mellom 1763 og 1766.

 

Mine spørsmål er:

 

1. Kor og når vart Hans Knag Juuhl født?

2. Kven var foreldra hans?

3. Kor og når døydde Hans og kona Anne?

 

Vidare har ein hypotese om at Hans Knag Juuhl kan vera ein etterkommar etter følgjande:

 

Hans Eriksen Juul, f. ca. 1625, d. 1691 (skifte dette året er bevart), g. med Magdalena/Mallena Nielsd. Borch, d. før 1691. Busette på Sogn i Tingvoll på Nordmøre. Dei hadde fire søner som fekk etterkommarar: Nils, Erik, Jens og Isak.

 

Skulle gjerne fått slektskapen mellom Hans Eriksen Juul og Hans Knag Juuhl stadfesta eller avkrefta.

 

Venleg helsing

Halvor Skurtveit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har no funne ut at Hans Knag Juuhl var son til Hans Jensen Giuul/Juell, f. ca. 1692, d. 1752, som var g. med Beret(?) Knutsd. Dei budde på Berge i Kornstad sokn i Kvernes prestegjeld på Nordmøre. Dette framgår av skifte etter Hans Jensen. Jfr. også kyrkjebok.

 

Reknar med at Hans Jensen var son til Jens Hansen, f. ca. 1649, som budde på Smedneset på Averøy, men har ikkje funne stadfesting på det enno.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Da er enda ei gåte løst.

Jeg har Hans Knag Hansen Juul i mitt store arkiv og visste at han hadde flytta til bergenstraktene, men ikke hvem han var gift med, hvor han bodde eller om han hadde barn.

 

Takk for innlegget ditt.

Er du etterkommer etter ham?

 

Hans Knag Hansen Juul var f. ca 1732 på bruket Berget under matrikkelgarden Vevang i nåværende Eide kommune.

Fram til 1964 lå Vevang under Kornstad kommune i Kvernes prestegjeld, men ble da overført til Eide kommune.

 

Han ble konfirmert i 1749, se http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16094&idx_id=16094&uid=ny&idx_side=-70

 

På skiftet etter broren Nils Hansen i 1783, se http://arkivverket.no/URN:sk_read/24671/541/, står det at han var død, hadde bodd i Bergen og etterlatt seg barn.

 

Hans foreldre var Berit Knutsdtr. f. ca. 1693 på Vevang d. 3. nov. 1767, 74 år gl., se http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16095&idx_id=16095&uid=ny&idx_side=-147 og Hans Jensen Juul f. ca. 1696 (ca 1692 etter dødsfallet i 1752).

 

Hans Jensen var fra Smednesset som sønn av Jens Hansen Juul og hans andre kone Marit Hansdtr. Kvalvåg (Mechelborg?).

 

De ble trolova i 1678 i Tingvoll, festo visitatio, se http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16115&idx_id=16115&uid=ny&idx_side=-132,

og gift der rett etter, 24. post trin, se http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16115&idx_id=16115&uid=ny&idx_side=-134

 

Jens Hansen var som du skriver, sønn av Magdalena Nilsdtr. og Hans Eriksen på Gyl (Juul) i Tingvoll, se Gards- og ættesoge for Tingvoll, b. 1, s. 237.

 

Berit Knutsdtr., mor til Hans, var datter av Anne Kristensdtr. Mechelborg, se Eideboka b. 2, s.134, f. ca. 1669, og Knut Nilsen Svenning f. ca. 1664 på Strømsholmen, nabogarden til Vevang, der Atlanterhavsvegen starter.

 

Knagnamnet har Hans fra naboøya Smørholmen, hvor Åge Hansen Knag med familie bodde. Trolig var denne Åge Knag gudfar på Hans slik at han fikk dette mellomnavnet.

 

Matros seinere skipper Steffen Ågesen Mechelborg Knag, sønn til Åge, ble gift i Korskirka i Bergen 19. sept. 1786, se http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8681&idx_id=8681&uid=ny&idx_side=-95

Etterkommere etter denne familien finnes fortsatt i Bergen.

 

Hilsen

 

Jonny Lyngstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for mykje nyttig informasjon!

 

Særleg var det interessant å få veta at Hans Knag Juuhl var død før 1783. Om eg les rett i skiftet etter broren står det om Hans at ”han paa Farten skal være bortdød”, dvs. at han døydde medan han var til sjøs. Det forklarar kvifor eg ikkje finn dødsfallet i kyrkjebøkene for Bergen.

 

Eg fann no Juul-familien på Smedneset i manntalet 1701. Finst det andre kjelder som viser at Hans Jensson Juul på Berget var son til Jens Hansson Juul på Smedneset?

 

Når det gjeld etterkommmarar etter Hans Knag Juuhl, har eg oversyn over sonen Hans Erich Juuhl (f. 1763) og hans etterkommarar (sjå nedanfor).

 

Den eldste sonen til Hans Knag Juuhl, seglmakar Alexander Juuhl, var truleg ugift, og døydde (eller kom vekk? - står kanskje "Bortblevne" i skiftet?) seinast i 1821 (skifte då).

 

Det tredje barnet til Hans Knag Juuhl, Berthe Margrethe Juuhl, f. 1766, har eg førebels ikkje funne ut meir om.

 

Hans Erich Juuhl, f. 1763, d. før 1830. G. 1791 med Christiane Elisabeth Hochkirchen, f. 1764, d. 1830. Frå Bergen, dotter til Johan Wilhelm Hochkirchen og Eva Elisabeth, f. Gude. Hans var matros og styrmann. Familien var busett i Bergen. Ved folketeljingane i 1801 og 1815 budde dei hjå enkja Eva Molberg, som truleg var syster til Christiane. (Hans Erich var truleg ute til sjøs ved begge teljingane.) Born:

1. Anna Juuhl, f. 1791. G. 1818 med styrmann Samuel Johan Nielsen. Busette i Bergen. Born: Niels Samuel Nielsen, f. 1818; Christiane Elisabeth Nielsen, f. 1821; Hans Juuhl Nielsen, f. 1824; Johan Wilhelm Nielsen, f. 1826 og Christian Bøhrs Nielsen, f. 1828.

2. Johan Vilhelm Juuhl, f. 1794, d. 1868. Sjå under.

3. Stine Malene Juuhl, f. 1801, d. same året.

 

Johan Vilhelm Juuhl, f. 1794, d. 1868 (Kopervik). G. med Engel Karine Magnussen, f. 1813 (Alvøen), d. 1892 (Bergen). Frå Alvøen og Knarrvika, dotter til Magnus Andreas Magnussen og Berte Jørgensen. Johan Vilhelm var skipper, og gjestgjevar i Brattholmen frå 1844. Johan Vilhelm, Engel Karine og dottera Christiane Elisabeth flytta i 1864 til Kopervik på Karmøy, men etter at Johan Vilhelm var død, kom Engel Karine attende til Brattholmen og budde hjå sonen og familien hans. Born:

1. Hans Johan Wilhelm Juuhl, f. 1839 (Alvøen), d. 1888. Sjå under.

2. Christiane (”Janna”) Elisabeth Juuhl, f. 1843 (Brattholmen). G. 1864 med Nils Amundsson, f. ca. 1837. Frå Bjerkreim. Busette i Kopervik, der Nils var landhandlar og øl- og vinhandlar. Truleg identisk med den Janna Amundsen, f. ca. 1848, som budde som enkje hjå ein familie i Kopervik ved folketeljinga i 1900.

 

Hans Johan Wilhelm Juuhl, f. 1839 (Alvøen), d. 1888. G. 1863 med Johanna (Hanna) Berntine Bjelland, f. 1841, d. truleg 1932 (Bergen). Frå Bergen, dotter til Johan Christian Bjelland og Gurine Malene Michelsen. Hans var landhandlar i Brattholmen, og ordførar i Fjell kommune frå 1868 til 1887. Born:

1. Johan Christian Walhammer Juuhl, f. 1866, d. 1947. (Journalist og forfattar - skreiv fleire bøker med handling frå strilelandet.)

2. Harald Magdalon Vilhelm Juuhl, f. 1872, d. 1952.

3. Hjalmar Juuhl, f. 1877, d. truleg mellom 1891 og 1900.

4. Rikhard Juuhl, f. 1885 (Bergen), d. 1959.

 

Venleg helsing

Halvor Skurtveit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Datteren Berthe Margrethe er vel henne som begraves på Nykirkegården som Hans Knag Juels pbarn 28/7-1767.Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 10 (1759-1775), Døde og begravede 1766-1768, side 35.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8722&idx_id=8722&uid=ny&idx_side=-23

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416620298.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Ei lita retting til det eg skreiv over: Engel Karine Magnussen (1813-1892) var dotter til Anders Magnussen (1775-1846) og Anne Elisabeth Engelsdotter (1779-1849).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.