Gå til innhold
Arkivverket

The Master Genealogist v.8


Knut Rage
 Del

Recommended Posts

Sist veke lasta eg ned The Master Genealogist v.8 (nyaste versjon). Samanlikna med Legacy, som eg har brukt hittil, har det så langt vore relativt komplisert å setja seg inn i, men eg reknar med at det berre er snakk om litt tid før eg vert varm i trøya. Men nett no er læringskurven bratt. Er det nokon som har erfaringar med TGM, på godt og vondt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

TMG v 8 har eg enno ikkje lasta ned. Eg har framleis v. 7. Tidlegare har eg brukt fleire andre program, m.a. Legacy som er eit svært bra program. Den viktigaste grunnen til at eg tok i bruk TMG var at fleire personar enkelt kan koplast til same hending, m.a. fadrar ved dåp, arvingar på skifte, m.m. I tillegg kjem stor fleksibilitet ved utarbeiding av nye hendingstypar med tilhøyrande setningar. For å få full nytte av funskjonane var det i startfasen ei læringskurve, men den viste seg mindre bratt og kortare enn det såg ut til då eg starta. Det er neppe aktuelt for meg å ta i bruk eit anna program. Lukke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har vore TMG-brukar i over 15 år, og har nett gått over til v8. Du får ha dette i tankane når det gjeld mine erfaringar:

 

Hovudgrunnen til at eg i si tid gjekk over til TMG var at det da var det einaste programmet eg fann på marknaden som hadde den fleksibiliteten eg var ute etter, dvs:

  1. Ein datamodell basert på kobling mellom personar og hendingar som ikkje var "fastlåst" i eit fast oppsett med mor + far + barn.
  2. Moglegheit for å registrere kjelder på kvar einaste hending, og kva einaste person
  3. Moglegheit for å definere egne hendingar med fast setningsstruktur for rapportar etc.

 

Dette gjer at eg kan registrere t.d.

  • alle aktuelle namnformer for ein person, med kjeldehenvisning og informasjon om tidspunkt for bruk. Eg har t.d. ein ane som er registrert i ulike kjelder med fem ulike "etternamn", ettersom familien flytta mykje. Alle fem namn er søkbare. Eg kan òg registrere både originalform (som i kjeldene) og normert form (for å lette søk).
  • "uekte" barn utan å måtte definere foreldra som "ektefeller" (slik eg måtte tidlegare)
  • fleire aktuelle kandidatar som foreldre dersom dette ikkje er klart, med kjeldehenvisningar på kvar registrering og drøfting/kjeldekritikk (kan velge om dette skal visast i rapportar eller ikkeje)
  • kopling mellom personar eg meiner 1) kan vere same person, men som eg ikkje er sikker på, eller 2) er i slekt, eller har hatt samband om kan indikere slektskap, men der dette ikkje er klart. Eg har mange slike registrert ("'Peder Nielsen Berrig' (#1254) nemnt i kyrkjeboka 1787 kan vere same person som 'Peder Nilsen' (#3789) som er nemnt i FT1801 under Dalberg")
  • fleire personar inn mot same hending, som t.d. ein barnedåp der eg kan registrere barnet, definere foreldra og liste faddere med kobling til desse i basen. Ved truloving kan eg liste brudeparet, evt. foreldre og forlovarar. I siste versjon (v8) er det òg eit eige vindauge du kan opne som viser alle personar som er kopla til den aktive personen med info om kva slags kopling.

 

Som eg nemnte innledningsvis har eg brukt TMG i over 15 år. Eg har med ujamne mellomrom prøvd å sjekke ut kva som finst på marknaden, men har enno ikkje funne noko anna som har overbevist meg.

 

Om det er noko eg skal nemne på den negative sida er det vel at framdrift på utviklinga kan vere noko ujamn, og at systemet er basert på ein database som ikkje lenger er vidareført, og som går ut av generell support i 2015 (link). I tillegg er det vel òg slik at jo meir tilpassingar ein gjer sjølv, jo vanskelegare kan der vere å eksportere data til andre program ved ein seinare korsveg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldingar! Eg var på førehand åtvara om at det ikkje alltid er like populært å ta opp spørsmål om programvare i brukarforumet, men for meg fall det naturleg å spørja ettersom div. programvare trass alt er eit viktig innslag i arbeidet for dei fleste her inne.

 

Eg er van med å jobba med databaser frå før, og det var nett denne fleksibiliteten ved TMG som gjorde meg nysgjerrig. Når det gjeld slektsforsking er eg derimot relativt fersk, med drygt eitt år på baken. Med ca 350 namn i Legacy gjekk importen til TMG relativt greitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ettersom du er van med å handtere databasar burde ikkje brukarterskelen for TMG vere for høg. Det som kan vere nyttig å sette seg inn i (og ta ei vurdering på) før ein gjer for mykje er korleis ein vil handtere notisfelt og setningsmalar. Her kan det fort bli litt arbeid å gå attende for å rydde opp dersom ein bommer i starten. (Kan godt gje døme seinare, om det er interessant...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg brukte TMG fra 1997 og fram til 2005 da jeg overførte dataene til mitt eget hjemmesnekrede program. Jeg har stort sett beholdt datamodellen fra TMG, men kuttet ut mye jeg ikke synes jeg trenger, for eksempel setningskonstruksjonene knyttet til hendelser. Jeg har «låst» presentasjonen av data til slik det ser ut på Solumslekt, se for eksempel Hans Jacobsen Rugtvet med familie, aner og etterkommere. Jeg har selvsagt flere rapporter i produksjonssystemet mitt. Jeg har omarbeidet kildeapparatet til et hierarkisk system.

 

Inntil for få år siden ville jeg ikke nølt med å anbefale TMG, men programmet framstår mer og mer som en dinosaur som utviklingen har løpt fra. Databasemotoren er FoxPro, som Microsoft forlengst har sluttet å vedlikeholde. Det verste er nok den manglende støtten for Unicode, her opererer man fortsatt med codepages som i salig MS-DOS' dager. Det er heller ingen tegn til at Bob Velke, eieren av TMG, har tenkt å bytte til en annen databasemotor.

 

Dessuten er programmet tregt og buggy, men det er vel noe man må regne med så lenge man opererer med lekedatabaser av type FoxPro, Access og for den saks skyld MySQL :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spørsmålet er vel òg, Leif: Finst det noko anna system på marknaden med tilsvarande fleksibilitet utan desse ulempane? Eg har ikkje funne noko...

 

Og eg må jo spørre: Har du nokon planer om å gjere ditt system tilgjengeleg for andre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spørsmålet er vel òg, Leif: Finst det noko anna system på marknaden med tilsvarande fleksibilitet utan desse ulempane? Eg har ikkje funne noko...

 

Det vet jeg faktisk ikke, men jeg regner jo med at det har kommet andre programmer med avanserte datamodeller etterhvert. Jeg har ikke fulgt med på det kommersielle markedet for slektsprogrammer på mange år.

 

Og eg må jo spørre: Har du nokon planer om å gjere ditt system tilgjengeleg for andre?

 

Det ligger fritt tilgjengelig på adressa jeg oppga over, men det krever endel kunnskap å sette det opp. Problemet er at jeg ikke har ork til å jobbe mer med programmet enn det jeg trenger til eget bruk. Jeg skulle gjerne hatt andre å samarbeide med, men siden jeg startet med dette prosjektet for ca. ti år siden er det svært få som har vist noen interesse. Siden i sommer har jeg imidlertid vært i kontakt med et menneske fra universitetet i Melbourne som er svært positiv til Yggdrasil og har sendt meg noen patcher, og det er mulig at vi etterhvert kan få hanket inn flere utviklere den veien. Her er en lenke til hennes prosjektbeskrivelse.

 

Ellers har jeg begynt å skrive en detaljert bruksanvisning, men det står litt i stampe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.