Gå til innhold
Arkivverket

Jacob Jacobson Svingel (1742) og kona Lucie - frå Lærdal til Vågan?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg ønskjer i kveld å henta fram att tema #52725 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/138156-52725-jacob-jacobson-svingel-og-kona-lucia-fraa-lcrdal-til-bergen-1779-lagnad/page__p__1144473__hl__svingel__fromsearch__1#entry1144473).

 

Eg er framleis på leiting etter lagnaden til dette parfolket:

 

Jacob Jacobson Svingel, døypt i Lærdal 18.8.1742, gifte seg i Lærdal 12.12.1766 med Lucia Jensdotter, døypt i Lærdal 6.12.1742. Dette parfolket budde på Lærdalsøyri i Lærdal til kring 1779, men vert då borte derifrå. Det same gjeld for dei tre borni:

 

* Jacob, fødd 1772

 

* Petter, fødd 1774

 

* Jens, fødd 1776

 

Eit skifte frå 1784 fortel oss at Jacob då var busett i BERGEN, men eg har ikkje funne att parfolket der.

 

Men so er det at augi mine fell på denne huslyden som i 1801 budde på Brættesnæs i Vågan, Vesterålen:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

847744 * Mallena Klæboe Huusmoder 55 Enke i 1ste ægt. Giestgiver med bøygdefahrs ret. bøxlet gaard M

847745 Johan Wilhelm Delahej Søn 22 Ugivt M

847746 Ole Wold Skriverkarl 32 Ugivt M

847747 Lars Johansen Tienestedreng 29 Ugivt M

847748 Jens Jacobsen Tienestedreng 21 Ug. M

847749 Ane Martha Berg Stuepige 33 Ug. K

847750 Ane Martha Olsdtr Kokkepige 24 Ug. K

847751 Karen Larsdtr Fremgaardpige 41 Ug. K

847752 Lucie Jensdtr Budeje 61 G. 2det ægt. K

847753 Marithe Monsdtr Underbudeje 39 Enke i 1ste ægt. K

847754 Sara Kathrine Riber Logerende 42 Enke i 1ste ægt. K

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne Lucie Jensdotter er den EINASTE i heile landet med denne namnekombinasjonen og nokolunde rett alder, og i same huslyden finn me ein Jens Jacobson som godt kan vera son hennar!?

 

So er spørsmålet; er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg stadfesta identiteten til denne Lucie Jensdotter og eventuelt mann hennar? Og kven var ho attgift med?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars !

No veit eg ikkje akkurat noko om skjebna til Jacob og Lucie, men det står ein del om forfedrene deira i bygdeboka for Lærdal. Eg skal ikkje sitere frå denne, du har gjerne opplysningane frå før. Om du ynskjer det kan eg det, sjølvsagt! Sjølv har mannen min Svingel-anar gjennom Mari, dotter til Jens Pettersen Svingel.

 

Med helsing

 

Eva Bjørø Pedersen, Bergen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eva for nytt innlegg!

 

No er det so at eg alt har dei opplysningane som eg treng om opphavet til Svingel-ætti, og når det gjeld borni til Jacob Petterson Svingel, so manglar berre lagnaden til Jacob Jacobson og kone Lucie samt opplysningar om kvar det vart av søsteri til Jacob Jacobson, Magdeli Jacobsdotter, fødd 1745. Eg har søkt etter ho i konformantlistene, men utan hell, og me veit ho var avlidi før 1784, so mest truleg døyde ho kort etter fødsli... Kanskje du veit svaret?

 

Elles vonar eg framleis på innspel frå Vesterålen om Lucie...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen Lars!

Du har sikkert prøvd dette og, men eg nemner det likevel:

Ein del kyrkjelydar har inn-og utflyttingslister i kyrkjebøkene, så har du adressen til Jacob i Bergen og er heldig, så kan det vere napp å få.

 

Med helsing

 

Eva Bjørø Pedersen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har cd'en med skifter for Lofoten og Vesterålen. Finner ikke Lucie Jensdatter i den.

Kan heller ikke se at "dine" Jens Jacobsen eller Lucie Jensdatter er nevnt i dødslistene fra 1809: http://www.trekilen.com/excel.html

Kan heller ikke ved en rask titt finne Jens i innrulleringslistene for Vågan 1808 eller Gimsøy og Valberg 1806. https://docs.google.com/View?id=dcg8n2bw_19ccfs44c8

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eva og Erlend for nye innlegg!

 

Eg har søkt etter denne huslyden i Bergen både "høgt og lågt", men utan å finna spor etter dei. Og sovidt eg forstår, er det ikkje lett å finna noko meir i Vågan, so lenge som kjeldematerialet er so tungt som det er. Eg held likevel på at samanfallet i namni er so spesielt at dette "truleg" er same huslyden, men noko prov vil me truleg aldri finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Etter at Ivar Moe i dag i eit anna emne har henta fram etterlysningi etter Jacob Jacobson (Svingel) i samband med skiftet etter morbroren Trond Aamundson som døydde i Hafslo i 1784, vil eg nytta høvet til å henta fram att denne uløyste utfordringi som har lege i «dvale» sidan 2012!

 

image.png.9d3bc0b714866d0995fc6e2fd51c74c7.png

 

Me veit at Jacob Jacobson i 1784 budde i Bergen, men eg trur framleis at han kort tid ettter tok med seg huslyden sin og flytte til Vågan i Vesterålen!?

 

Kanskje er det i mellomtidi dukka opp nye kjelder som kan stadfesta denne flyttingi og lagnadane til Jacob og kona Lucia - eventuelt òg borni deira?

 

Slik ser manuskriptet mitt for Jacob ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Jacob Jacobson Svingel, døypt i Lærdal 18.8.1742, gifte seg i Lærdal 12.12.1766 med Lucia Jensdotter frå Øye i Lærdal, døypt i Lærdal 6.12.1742.  Jacob og Lucia budde nokre år i Fortun, Lærdal, men flytte kring 1779 til Bergen der dei framleis levde i 1784.  Noko seinare ser det ut til dei flytte vidare til Vågan i Vesterålen der

 

     ##### (dødsfallet til Jacob Jacobson? - før 1801)

 

     ##### (dødsfallet til Lucia Monsdotter? - etter 1801)

 

     ##### (FT1801 seier Lucia var gift for andre gongen - oppl.?)

 

     Jacob og Lucia fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg lyt be om òrsaking om eg har fornærma nokon med å omtala Vågan som ein del av Vesterålen i staden for Lofoten.  Eg har ættemessig alltid «kobla» Vågan med Bø og Hadsel, men eg lyt òg leggja til at eg ALDRI har vore nord for Namsos, og det er vel 45 år sidan, so dette er absolutt ukjend «territorium» for meg...

 

Men kanskje det likevel let seg gjera finna ut noko om lagnaden til Jacob Jacobson og kona Lucia?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kompletterta denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.