Gå til innhold
Arkivverket

Endre Hansson Kalhagen - gift Hafslo 1715 - opphavet hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ingeborg Pedersdotter Bratt, opphavleg frå Jevnaker i Årdal (1675-1744), sat enkje i Kalhagen i Hafslo i 1715 og henta på same tidi heim ein ny brudgom:

 

ENDRE HANSSON

 

Me har ingen alder på denne Endre, og ikkje er han heller nemnd mellom soldatane i store nordiske krig frå Sogn og Fjordane/Hordaland.

 

Manntalet frå 1701 for Sogn og Fjordane har berre to høvelege kandidatar:

 

* Endre Hansson, 22 år gamal, tenestedreng på Vangsnes i Leikanger, fødd i sokni

 

* Endre Hansson, 11 år gamal, son av gardbrukar Hans Endreson på Hatleli øvre i Leikanger.

 

Ætteboki for Leikanger nemner den siste på side 569, men han er tydeleg flytt frå Leikanger, og lagnaden hans er ukjend! Eg ser av skiftet etter broren Baard Hansson frå 1739 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24160/82/) at Endre Hansson då framleis levde, men bustaden er ikkje nemnd! Kan det vera han som flytte til Hafslo for å "ta hand om" Ingeborg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette skifte etter Endre Hansen?

 

Namn arvtakar: Endre, Hansen

Gard: Kalhage, nr.:

Husmannsplass:

Yrke:

Skipreide: Solvorn

Protokoll/side: 5b-433

Datering: 1741-1748

Dato: 5.5.1747

Eiga:

Gjeld:

Netto:

Merknad: Mykje tekst - er det eit skifte ?

 

Personar i skiftet :

(1) Margrethe Endresdatter Myndling Datter

 

 

Hvis dette er dåpen til Margrethe, så ble hun døpt i Hafslo to år etter at Ingeborg Pedersdatter Bratt døde:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=23&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=1374&merk=1374#ovre

 

Og jeg ser at Endre Hansen Kalhagen giftet seg i Hafslo i 1745 med Christi Larsdatter Tang

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=32&filnamn=HAFSVI&gardpostnr=375&merk=375#ovre

 

Det står ingen sivilstatus på Endre, men vi jo anta at han var enkemann. Det ser ikke ut som han fikk flere barn med Christi enn datteren Margrethe, og datteren er ikke oppkalt etter avdøde ektefelle Ingeborg.

 

Her er skiftet etter Ingeborg, hvor første ektefelle og barn av første og andre ekteskap er nevnt:

 

Namn arvtakar: Ingebor, Pedersdtr

Gard: Kalhage, nr.:4

Husmannsplass:

Yrke: Danneqvinde

Skipreide: Solvorn

Protokoll/side: 5b-403

Datering: 1741-1748

Dato: 15.5.1745

Eiga: 109 Dalar, 4 ort, 12 skilling

Gjeld: 53 Dalar, 2 ort, 12 skilling

Netto: 56 Dalar, 2 ort, 0 skilling

Merknad:

Personar i skiftet :

(1) Jacob Pettersen Svingel MyndigLærdalsøren Gift med Marita

(2) Berent Skaffar Marifieren Gift med Ingebor

(3) Anna Aamundsdatter Datter

(4) Anders Kielsen Norhorlehns Gift med Anna

(5) Anna Endresdatter Enken Datter, 2. ekteskap

(6) Endre Kalhage Enkemanden

(7) Aamund Trondsen Kalhage Død 1. mand

(8) Lasse Lae Død Gift med Anna

(9) Ingebor Aamundsdatter Datter

(10) Boets gjeld Kreditor

(11) Trond Aamundsen Holsetter Myndig Søn, 1. ekteskap

(12) Marita Aamundsdatter Datter

 

Dette gir jo ikke svar på det du spør om, men håper jeg har fått folk og etterslekt på plass :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget som teikner eit godt bilete av huslyden til Endre Hansson. Han vart attgift som enkjemann, som du òg har oppdaga. Me finn ikkje noko som knytter mannen til ytre Sogn, men det var hyppige samband mellom desse gardane på sørsida av Sognefjorden og bygdene innanfor, so eg har stor tru på at eg har funne den rette Endre Hansson. Men so var det dette med prov...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje du bør utvida søkjefeltet ditt til grannefylket i sør, Lars?

 

Det fins nemleg to gode kandidatar ytst i Sognefjorden, i Eivindvik (Gulen).

Og dét er ikkje irrelevant, for før 1763, då Bergenhus amt vart kløyvt i Nordre- og Søndre Bergenhus Amt, vart nemleg Eivindvik rekna som del av Nordhordland; og ikkje av ytre Sogn.

Difor finn vi då Eivindvik i 1701-manntalet for søndre - ikkje nordre - Bergenhus.

 

Når me går 1701-manntalet for 'Efvindvigs' nærare etter i saumane finn vi då to høvelege kandidatar der: - Endre Hansen Tuet på Tuedt, 22, tjener; og Endre Hansen på Wndeland, 40, ops.

 

http://digitalarkive...&merk=3118#ovre

 

Av desse to er kan hende Endre Hansen på Tveit i Gulen den beste kandidaten med omsyn til alder. Men då dette er ikkje _min_ heimebane, så veit eg ikkje meir om dén karen.

 

Med vennleg helsing Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for spennande innlegg. Dei to kandidatane frå Eivindvik KAN so absolutt vera aktuelle. No er ikkje eg heller særleg kjend i Eivindvik, men me kjenner til litt flytting ut og inn av fjorden, helst utover, til Eivindvik med Solund, og me veit at ei av stedøtrene hans Endre vart gift på Manger, so kanskje...

 

Men, er det nokon med ekspertise på Eivindvik som kan bidra med noko meir?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...

Her kjem eg inn og kan fortelje at stedotter Anne Åmundsdtr vart gift med Ein Anders på Kjeset i Manger. Anne/Anna hadde ein uekte sønn med Lars Larssen/Lassesen fra Oppheimshaugen i Hafslo Anders...

 

Men eg leiter etter Anne/Anna sine foreldre..Eg har hatt Ingeborg Persdtr som mor og Aamund Trondsen Kalhage som far...

 

Kva veit du om far Aamund?

 

Her er litt historikk om Anne Og Anders:

GARDEN KJESET, GNR 59 - heile garden:

 

 

 

Anders Olsen Håland (7a) f.kr. 1713, d. 1782 på Kjeset, gifte seg med Anna Åmundsdtr. Kalhagen f. 1711, d. 1777 på Kjeset, dotter til Ingeborg Persdtr. og Åmund Trondsen Kalhagen, Hafslo i Sogn. Anders fekk bygselsetel på Kjeset i mai 1742 og flytta hit. Seinare møtte han som lagrettemann på bygdetinget. I 1777 viste han fram ein pengepung som inneheldt 10-11 dalar og tilhøyrde den umyndige arvingen Bottel Olsen Lervik (7a). Som formyndar for Bottel ønskte Anders å låna ut pengane. Men ingen ville låna. Dermed forsegla dommaren pungen og leverte han tilbake til Anders.

 

I 1759 overlet Anders og Anna halve garden til stesonen Åmund. Men alt {s 728] året etter gifte Åmund seg til Halland, og dermed rådde dei igjen over heile Kjeset. Men i 1774 delte dei garden på nytt, denne gongen med den yngste sonen.

 

Born:

 

a. Trond f.kr. 1744, ikkje nemnd i skiftet etter mora i 1777, d. ung.

 

b. Ingeborg f.kr. 1746, sjå nedanfor.

 

c. Ola f.kr. 1747, ikkje nemnd i skiftet etter mora i 1777, d. ung.

 

d. Per f.kr. 1750, til Kjeset (30), g. 1774 med Ragnilla Ingebrigtsdtr. Syslok, han d. 1777 på Kjeset.

 

 

 

Før ho vart gift, fekk Anna eit barn med LARS LASSESEN OPPHEIMSHAUGEN i Hafslo:

 

e. ÅMUND f. 1736, til Halland (13), g. 1760 med ALET PALMESDTR. HALLAND.

 

 

 

[Radøy gjennom tidene, bd 3, s 728-29]

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.