Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag i bygdebok for Tysnes


Tore Nordvik
 Del

Recommended Posts

Finst det opplysningar om ekteparet Nils Monsson Sundavika og Ingeborg Henriksdatter som fekk dottera Ingeborg Marie Nilsdotter i 1762? Dei skal ha budd i Sundavika (Sundevigen) som ligg like nord for dagens Lukksundet bru, heilt aust på Tysnesøya. Kvar kom dei i frå og kor mange born hadde dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står ikkje mykje i Tysnesboka om desse. Eg har teke med det eg har funne:

Drange, Tysnes 3 s 791:

 

Henrik Henrikson f. o. 1712 d. 1782 vart g. I. o.

1734 m. enkja Anna Halvorsdtr. Korsneset f.

o. 1705 d. 1770. Dei kom til Sundavikjo 1760

etter å ha budd som husmannsfolk i Korsneset,

i Kroken og i Einengevikjo. Dei var likevel

ikkje fattige folk. Tvert i mot var dei særs

velståande. Henrik dreiv fiske med nøter, garn

og snøre, sjå under Fiske og

sjøbruk. Så heldt ekteparet svin, men ikkje

andre dyr. Henrik hadde både dreng og taus då

han døydde, som kravde løn i buet hans. Han

måtte nok ha mannfolkhjelp når han skulle

kasta med nøtene. Henrik vart g. II. 1770 m.

enkja Lisbet Knutsdtr. Vikse, Sund f.o. 1720d.

1815, som var enkja etter Størk Kåreson Vikse.

Ho vart g. opp att tredje gong,

sjå nf.

Born (Anna og Henrik):

1. Anna f. 1735 d.lita.

2. Ingeborg f. 1737 vart g. m. Nils

Monsen, fekk dotter Ingeborg

Marie i Sundavikjo 1762, men

budde sidan i Bergen.

3. Henrik f. 1740 d. liten.

4. Henrik f. 1741 d.liten.

5. Anna f. 1743 d.lita.

6. Henrik f. 1745 d. 1779/82 vart

g. 1765 m. Maddel Olsdtr.

Berge, Strandvik, leiglendingar

i Bergsvåg, men dei to døtrene

budde i 1782 på Haugen i

Strandvik.

7. Halvor f. 1748, utkommandert i

kongen si tenesta som

konstabel kring 1767, og i 1782

hadde dei ikkje høyrt frå han

på lang tid og visste ikkje om

han var levande eller død.

Anna sine born i første ekteskap, sjå Korsneset.

Lisbet hadde med seg dottera Vibeke frå sitt først

ekteskap. Ho budde sidan i Einengevikjo, sjå der.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.