Gå til innhold
Arkivverket

Studere historie på nett ved Høgskulen i Volda


Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Dette er ei vidareføring av dette temaet frå det gamle Brukarforumet. Som ein kan sjå, har Høgskulen i Volda hatt nettstøtta studietilbod i historie heilt sidan 2001, og mange hundre studentar har teke utdanning i omfang frå eitt emne (15 studiepoeng eller 5 gamle vekttal) til full bachelorgrad i denne perioden. Dette er i all hovudsak personar som ikkje elles har hatt høve til å gjennomføre slike studiar.

 

Tilboda våre har eigentleg ikkje vore reine nettstudium. Vi har lagt dei lokale tilboda våre til rette for studentar som ikkje bur i Volda, og har brukt nemninga nettstøtta studieemne (når vi ser bort frå det reine nettbaserte tilbodet vi har i slektsgransking).

 

Frå komande studieår (2012-13) blir tilboda omlagde, slik at vi lagar eigne opplegg for reine nettstudentar, førebels tre emne i norsk og internasjonal oversynshistorie på grunnivået (til saman 45 studiepoeng). Dette tilsvarar 3/4 av eit årsstudium (gamalt grunnfag) i historie slik det er / har vore på dei fleste universitet og høgskular i Noreg.

 

For den som vil ta meir enn desse 45 studiepoenga vil det framleis vere eit tilbod av andre emne med nettstøtte som ein kan søkje på.

 

Og best av det heile:-) alle desse tilboda (bortsett frå slektsgransking) er førebels utan studieavgift, dvs. dei som vil ta dei betaler berre semesteravgifta (p.t. kr 670,-). Pensumlitteraturen må sjølvsagt kjøpast.

 

Meir informasjon og lenke til søknadsweb: http://www.hivolda.no/historie_nett

 

(Dette kan sjølvsagt oppfattast som reklame, men eg har fått løyve av Digitalarkivet til å legge ut informasjonen som eit framhald av den gamle tråden.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Eg hentar opp att denne tråden for å gjere merksam på at dei ordinære nettstudia for komande studieår no er i ferd med å bli fylt opp.

 

Men på studiet i slektsgransking er det ledige plassar (det er førebels litt usikkert om studiet blir gjennomført 2012-13).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har vore inne og sett på dette studiet, og vart svært frista til å melde meg på!

Her får ein ei fagleg og solid innføring i slektsgransking, og i tillegg studiepoeng (inntill 30p) for ein hobby :)

Underleg at ikkje studiet er fullteikna allerede?

 

Er det nokon her på forumet som har delteke i SLG?

Kva synspunkt/erfaringar har dykk med studiet? Vil nokon anbefale studiet?

 

Helsing

Leiv Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slektsgransking hadde vært kjempespennende. Hvis jeg visste programmet mitt framover hadde jeg vurdert å melde meg på. Veldig greit å lære seg riktig arbeidsmetode fra starten, er redd jeg har klart å legge meg til et par uvaner allerede. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var mykje dei same vurderingane eg og gjorde meg Anett.

Sjølv om eg har halde på med mellomalder i nærare 20 år, so ser eg heilt klart nytta av eit slikt studie.

Eg har difor meldt mi interesse for å delta på desse nettstudia, og oppfordrar alle andre som no sitt og vurderar det om å gjere det same.

Dette kan bli kjekt! Blir sikkert bra sosialt også, med eigen nettprat og diskusjonsforum.

I staden for "Kven trur du at du er" blir dette litt sånn "Kva trur du at du kan :o"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tatt dette studiet som en årsenhet på nett hos Arnfinn & co., og kan anbefale det på det varmeste! Jeg tok ikke slektsgranskingsbolken, men det er (forhåpentlig fremdeles) anledning til å velge et lokalhistorisk emne som jeg hadde stort utbytte av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
  • 2 år senere...

Eg er så fri å hente opp att dette temaet. Klikk her for tilbodet i vårsemesteret. Studia er delt i emne a 15 studiepoeng. Kodane HI111N-AVG, HI112N-AVG og HI113N-AVG viser til reine nettemne som dekkjer norsk og internasjonal oversynshistorie frå tidleg mellomalder / vikingtida til i dag, kronologisk inndelt (HI111: ca. 300 eKr. - ca. 1536, HI112: Ca. 1536 - ca. 1870 og HI113: Ca. 1870 - i dag). Lenkene viser til emneplanane (studiehandboka). Emnekode utan N-AVG viser til emne som berre kan takast lokalt i Volda (m.a. med obligatorisk frammøte til undervisning). Koden N-AVG viser at det er studieavgift på emna.

 

Emna på 200-nivået er utan avgift og er kombinerte tilbod for lokale studentar og fjernstudentar. Dei er likevel i betydeleg grad lagt til rette for studentar som tek dei på nett - dei fleste som tek desse emna er ikkje fysisk i Volda. HI201 er globalhistorie, HI202 kysthistorie, HI204 lokalhistorie og HI207 den kalde krigen (kortvariantar av emnenamna, klikk på lenkene for å sjå nærare om innhaldet).

 

Studiet i slektshistorie er ikkje tilbode dette studieåret. Det er under vurdering og kjem ev. i gang att frå hausten 2015.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Sidan denne tråden får stå, hentar eg den fram att.

Her er dei ordinære tilboda våre: opne emne på grunnivå4 x 15 studiepoeng på grunn- og fordjupingsnivå og opne emne på fordjupingsnivå

Og frå hausten 2018 eit nytt tilbod: masteremne i mikrohistorie, med litt meir info her.

Velkomen som nettstudent i Volda!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.