Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Sild i ulike variantar


Recommended Posts

Sild som er flakt etter ryggen og heng ihop i buken, blir her hjå oss berre vaska i sjø og tredd vrengd innpå ei trode, altså med innsida ut. Det blir kalla turrsild eller boknasild. Somme røykjer henne litt òg. Poenget er at ho ikkje skal vere salt, men turke fort. Dersom silda er mager, kan ho etter ei tid bli for turr/hard. Og før ho vert turr, kanskje etter berre fire-fem dagar, er ho svært god dampa. Eg legg henne då oppå potetene når eg kokar dei, og dampar silda 5-7 minutt. Suveren mat... :)

 

Boknasild betyr berre at silda er opphengd til turking. Storsild eller vintrasild som er opphengd heil, to og to, kallar vi kubbesild. Den blir litt salta, og står seg lenger utan at ho blir hard.

 

 

Der lærte eg noko nytt som må prøvast. Har nemleg vorten svært glad i sild etter kvart ;-))

Mange gode sildeinnlegg for tiden nå :)

 

En lenke til boknasild-lag her:

 

http://www.auning.com/koret/Docs/Boknasild.htm

 

Men hva kommer navnet boknasild av, kommer det fra Boknafjorden, og hva passer best som

drikke til denne delikatessen etter bildene å dømme? :)

Eg kjøpte 30 sildar i slutten på februar. Halvparten laga eg boknasild av, og har alt hatt to herremåltid av godsakene!

Tillaging: Eg fyller litt vatn (ca 2 cm) i ei gryte. Set så ei rist i gryta. Deretter skiver eg potet i ca 1 cm tjukke skiver og legg i botnen av rista. Oppå der legg eg boknasilda. Så dampar eg potetskivene og silda til fiskekjøtet løsner frå beina. Litt av feittet frå silda (som er reinhekla helsekost) vil då sive ned på poetskivene og setje godsmak også på dei!

Og så godt flatbrød til.

Eit Lukullisk måltid.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.