Gå til innhold
Arkivverket

Marthe Margrethe Nagel og Henning Christophersen Abelseth gift 13.07.1750. Kvar?


Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

Johan Fredrik Lampe (Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen, bd. II s. 119), opplyser at dåverande sokneprest i Holmedal, Henning Christophersen Abelseth, gifta seg med Marthe Margrethe Nagel den 13.07.1750. Han seier ikkje kvar dei gifta seg.

 

På "nettet" ser eg at somme har lagt ut at dei gifta seg i Svanøy. (Dette har kanskje samanheng med at Marthe Margrethe sin far, Hans Thiis Nagel, kjøpte Svanøy-godset 1749 og flytta deretter til Svanøy frå Fure i Fjaler?)

 

Vigselen av dette paret finn eg ikkje i kyrkjeboka for Svanøe sokn i Kinn på den opplyste dato, og eg finn heller ikkje vigselen ført inn under Bremanger eller Kinn sokn.

 

Kan dei ha gifta seg i Holmedal der Henning då var sokneprest? - Dette kan ikkje kontrollerast mot kyrkjebøkene; det finst ikkje kyrkjebøker før 1755 for tidlegare Holmedal (no Gaular og Fjaler).

 

Kjenner nokon til kva som er kjelda for den opplyste datoen 13.07.1750, og i tilfelle kvar vigselen skjedde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Name:Charlothe Amalia Henningsen Gender:Female Baptism/Christening Date:21 Jun 1756 Baptism/Christening Place:, HARAM, MORE OG ROMSDAL, NORWAY Birth Date:Birth Place:Death Date:05 Jul 1756 Name Note:Race:Father's Name:Henning Abelseth Father's Birthplace:Father's Age:Mother's Name:Marte Margrete Nagel https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWLL-6JT

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innlegget. Men Henning Abelseth kom ikkje til Haram før 1755. Henning og Marthe hadde fleire born fødde for den tid (i Holmedal). Haram er neppe den staden dei gifta seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.