Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Pederson (1811) og Synneva Østensdotter (1823) - til Amerika frå Sogndal 1856 - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Følgjande huslyd utvandra frå Sogndal til Amerika i 1856 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8413&idx_id=8413&uid=ny&idx_side=-111):

 

Johannes Pederson Midtun, døypt i Sogndal 9.6.1811

gift i Sogndal 6.6.1842 med

Synneva Østensdotter Ølnes (Eskestrand), fødd i Sogndal 19.3.1823

Dei var gardbrukarar på Nornes i Sogndal, men utvandra i 1856 med fire born:

 

* Britha, fødd i Sogndal 26.4.1842

 

* Kirsti, fødd i Sogndal 25.2.1844

 

* Østen, fødd i Sogndal 22.11.1845

 

* Peder, fødd i Sogndal 15.10.1853

 

Mor hennar

Kirsti Sølfestsdotter Ølnes, døypt i Sogndal 22.3.1795, sat att åleine i Sogndal etter at mannen døydde hausten 1856. Synneva var einaste barnet, og truleg utvandra Kirsti òg til Amerika kring 1858.

 

Er det mogeleg å finna att denne huslyden i Amerika? Eg har søkt "overalt", men det er no ein gong slik, at fire, seks eller åtte auge ser meir enn berre to...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.