Gå til innhold
Arkivverket

Elling Peterson Aaberge, Sogndal (1737-1806) - kven var første kona hans, Kari ??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Bygdeboki for Sogndal, band I, side 408 fortel oss at:

 

"Elling {Peterson Aaberge}, fødd 1737, gifte seg 1770 med Kari Halvorsdotter Kvaale"

 

Eg har søkt gjennom bygdebokmanuskriptet for Kvåle, men finn ingen som høver.

 

Denne vigsli syner i Kyrkjeboki for Stedje sokn (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11655&idx_id=11655&uid=ny&idx_side=-22); både trulovingi 20.5. og vigsli 28.5. syner brudgom Elling Petterson Aaberge og brur Kari Halvorsdotter Qvalen. Vitne var Erik Aaberge og Johannes Andersson Aaberge.

 

Elling og Kari flytte til Bergen, og dei fekk ein son i lag:

 

* Johannes, døypt i Nykyrkja i Bergen 21.6.1772 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8718&idx_id=8718&uid=ny&idx_side=-37), men her heiter mori Kari OLSDOTTER!

 

So går det eit år, og me finn dødsfallet til drager Elling Petersens kona, Karen KNUDSDOTTER - gravlagd 1.7.1773, 50 år gamal (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8722&idx_id=8722&uid=ny&idx_side=-13)!

 

Alderen på 50 år i 1773 er truleg litt i høgste laget, når me veit at sonen Johannes vart døypt året før, men KVEN VAR KARI? Halvorsdotter, Olsdotter eller Knutsdotter?

 

Eg står heilt fast, men kanskje ein eller annan kan greia denne?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kirkebok Sogndal/Stedje 1768-1782 side 19b:

 

Lyst til Ægteskab 1. Gang for Elling Pettersen Aaberge og Kari Halvorsdtr. Qvalen af Lysters Præstegd.

 

Finner ei Kari Halvorsdtr. 17 år konfirmert i Luster 1753, og ei Kari Halvorsdtr. Hougen 30 år konfirmert i Luster 1756.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for spennande og nyttig innlegg!

 

Denne Kari Halvorsdotter er ei skikkeleg utfordring. Eg har ikkje grunnlagsmaterialet for Luster for handi, men den Kari Halvorsdotter Haugen, 30 år. som vart konfirmert i 1756, er nok jenta som me leiter etter... Alt i 1754 fekk ho ei dotter i Luster, Cecilia, døypt 20.1.1754 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-47). Her er ein Johannes Larsson skriven som barnefar, men det kjem fram av andre kjelder (eg meiner det var tingboki) at barnefar var gardbrukar og enkjemann Henrik Olson Haugen i Gaupne sokn i Luster (1707-1772). Her er til dømes konfirmasjonen hennar frå 1772 som Cecilie Henriksdotter Haugen: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-221.

 

MEN, då eg jobba med band IV (Gaupnesokni) i Luster først på 1990-talet, var eg ikkje i stand til å identifisera Kari Halvorsdotter. Me manglar dåpsprotokollane for Luster før 1731. No KAN desse nye opplysningane kanskje hjelpa oss litt på veg; særleg dette med bruken av ulike farsnamn. Kanskje var ogso Kari Halvorsdotter fødd utanfor ekteskap, og kanskje finst det ei farsskapssak frå kring 1726 der ein Halvor står tiltalt? Som nemnt, eg har ikkje grunnlagsmaterialet for handi...

 

Kvar so namnet Qvalen kjem frå, er eit anna problem. Me har ein gard Kvale òg i Luster, men han ligg på ein heilt annan kant av bygdi enn Haugen! Kanskje Kari berre har tent, anten på Kvale i Luster eller på Kvåle i Sogndal?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg bor i Sogndal og kan ta en tur til biblioteket over påske hvis du ønsker oppslag i noe. Bare si i fra hva du ønsker jeg skal kikke i!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.