Gå til innhold
Arkivverket

Ole Pedersen Tonning, handelsmann i Stryn: Når fødd og død?


Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

Magnar Kruse Bjørge skriv i Familien Abelseth, s. 17, at handelsmann i Stryn, Ole Pedersen Tonning , var fødd 1740 og død 1824.

 

http://www.sedak.no/tekster/sed_0041_001-famabelseth.pdf

 

Dei same opplysningane finst fleire stader ”på nettet”, men eg kan ikkje sjå at nokon har opplyst kjelde for dette.

 

Ole Tonning gifta seg 27. januar 1778 med Maren Abelseth.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15997&idx_id=15997&uid=ny&idx_side=-78

 

Kona Maren vart gravlagt 26. januar 1798.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11506&idx_id=11506&uid=ny&idx_side=-245

 

Ole Tonning var på ”Tonning Gaard” i 1801 som enkjemann saman med m.a. 4 born.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=4&filnamn=f18011447&gardpostnr=71&merk=71#ovre

 

Etter FT1801 var han 54 år. I så fall skulle han ha vore fødd ca. 1746-1747.

 

Kva er då kjelda for fødselsåret 1740?

 

Eg har spekulert på om årstalet 1740 kan vere eit årstal som er utrekna med grunnlag i opplyst alder ved hans død. Men så er spørsmålet: Kvar finst det opplysningar om dette? Eg har leitt i kyrkjebøkene for Innvik utan å finne gravferda hans.

 

På hausttinget for Stryn i 1825, og på hausttinget for Olden 1825, vart det tinglyst eit ”Delebrev” mellom arvingane etter Ole Tonning. Dette skiftebrevet var datert 13. august 1824. Ole Tonning må då i alle fall vere død før denne dato.

 

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12503&uid=ny&idx_side=-327

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kyrkjeboka kan i alle fall ikkje vere kjelde for fødsel/dåp ettersom alt før 1750 brann med prestegarden i Innvik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei. Og då er det framleis eit spørsmål om kva som er kjelda for fødselsåret 1740 - som ikkje er heilt i samsvar med FT1801.

 

Har nokon sett gravferda hans ført inn i kyrkjeboka?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Mange takk til Carsten og Ann-Mary! Dette var til god hjelp.

 

At eg skulle gløyme å sjekke Gløersen, er vanskeleg å forstå no - etter at Ole er dokumentert oppført der.

 

Så får eg satse på å finne dødsfallet i kyrkjeboka. Det bør etter dette vere piece of cake, får eg tru.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jacob Aalands bygdebok for Innvik og Stryn, har fødselsåret 1740 for Ole Pedersen Tonning som er oppført som nesteldste son til Peder P. Tonning. Den eldre broren Peder er fødd 1738.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg var nok alt for snar då siste innlegget mitt vart lagt inn. Vart kanskje for oppglødd over at no skulle eg endeleg finne gravferda og dokumentasjon for alderen ved hans død, og hadde ingen tanke for at det som er skrive av Gløersen, er i strid med dei dokumenta som vart tinglyste i 1825.

 

Kjelda for Gløersen er eit avertissement av sonen "P. T." (som eg går ut frå må vere Peder Tonning, postmeister m.m. i Ålesund). Og opplyst alder og tittel/yrke for den Ole som er opplyst å vere død 1832, høver godt med den Ole som dette tema gjeld. Opplyst alder (85 år i 1832) stemmer med alderen i FT1801. Kjelda for Gløersen ser ut til å vere "R 31". "R" skal vere Den norske Rigstidende. Talet 31 må vel her vere noko anna enn årstalet 1831? Det skulle ha vore interessant å sjå ordlyden i dette avertissementet.

 

Eg har leitt i kyrkjebøkene for Borgund, men har ikkje lukkast med å finne nokon Ole Tonning død i Ålesund 1832.

 

Det "Delebrev" av 13. august 1824 som vart tinglyst på hausttinget 1825, opplyser at det var gjort avtale mellom "Ole Tonnings Arvinger". "Sønnen Postmester Tonning" fekk lagt ut "Gaarden og Handelsstædet Tonning" og partar i fleire andre gardar. Døtrene Else Catharine Viig og Henninge Elisabeth Knoph fekk begge utlagt andre gardpartar etter far sin. Etter dette kan det neppe vere grunnlag for tvil om at Ole Tonning var død før 13. august 1824. (På tinget same dagen vart det avlyst eit dokument "udstædt" av Ole Tonning 29. juni 1821. Desse to dokumenta tyder på at Ole Tonning døydde ein gong mellom 1821 og 1824.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FS viser dette.Vet ikke hvor mye hold det er i det.

 

name: Ole Pedersen TONNING gender: Male birth: 1740

Tonning, Stryn, Sogn Og Fjordane, Norge christening: 1740

Stryn Kirke, Stryn, Sogn Og Fjordane, Norge death: 1824

Tonning, Stryn, Sogn Og Fjordane, Norge burial: 1824

Stryn Kirke, Stryn, Sogn Og Fjordane, Norge AFN: 18SG-V2V

https://familysearch...M9.2.1/M7LJ-H59

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den fila som Leirvaag har lagt ut på FS kan eg ikkje sjå har ei einaste kjeldeopplysning.

 

Dødsfallet og/eller gravferda til Ole Pedersen Tonning er kanskje ikkje ført inn nokon stad?

 

Eg ser at Fylkesleksikonet på NRK Sogn og Fjordane opplyser at Ole døydde "ca. 1825" og var fødd "ca. 1740". Årstala for både fødsel og død ser ut til å vere usikre. (Ca. 1824 burde nok her vere eit meir korrekt dødsår. - Under avsnittet "Tonning til Ålesund – Brandt overtek" har Fylkesleksikonet ei motstridande opplysning: "I 1829 selde difor faren, Ole Pederson Tonning, handelssetet på Tonning til nordlendingen Peter L. Brandt". Det var sjølvsagt postmeister Peder Olsen Tonning som selde i 1829. Skøytet frå postmeister Tonning var datert 09.10.1829.)

 

Det tinglyste delebrevet datert 13. august 1824 kan gje grunnlag for å stipulere dødsåret til "ca 1824".

 

Men kva er så grunnlaget for det opplyste om fødselsåret 1740? Då også bygdebokforfattaren for Innvik og Stryn held fast ved fødselsåret 1740, trass i at FT1801 indkerer eit anna fødselsår, går eg ut frå at han har funne dokumentasjon for dette.

 

Som nemnt ovanfor har Gløersen ei opplysning om at Ole var vel 85 år gammal. Dersom denne alderen referer seg til opplyst dato 13.03.1832, stemmer dette bra med opplyst alder i FT1801. Men om denne aldreren referer seg til den dagen Ole døydde (ca. 1824) - noko som synest mest nærliggjande å tru - tilseier det at han var fødd ca. 1739, men ca 1740 om ein reknar frå tinglysingsdato for delebrevet. Kan kjelda for fødselsåret vere aldersopplysninga i det avertissementet som er nemnt av Gløersen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.