Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Nils Jacob Lie (1881-1948) - Fiskum - Kongsberg - Holmestrand - detaljar?


Recommended Posts

FT1910 for Mønsterpladsen 355 på Kongsberg syner denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Lie hf g Løsarbeider 24.09.1881 Fiskum

Inger Lie hm g Hustru 18.05.1886 Viksnes

Ludvig Lie s ug Søn 03.08.1905 Ulefoss

Birger Lie s ug Søn 06.03.1908 t

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Jacob Nilsson Lie var fødd i Fiskum 24.9.1881 og døydde i Holmestrand 10.6.1948. Han ligg gravlagd i Botne med andre kona si:

 

Ingeborg Christiansdotter Kvam, fødd i Hafslo 30.5.1878, døydde i Holmestrand 4.1.1974.

 

Det vert fortalt at Ingeborg først i godt vaksen alder gifte seg på Kongsberg med Nils Jacob Lie, og at dei sidan flytte til Holmestrand. Dei fekk ingen born i lag, men med første kona var det "fleire" born (jmf. FT1910)

 

Eg har funne at Inger Lie er identisk med Inger Alet Kristine Sørensen, fødd på Vigsnes i Avaldsnes 18.5.1887. Foreldri hennar, Søren Hansson og Lovisa Corneliusdotter, var i 1900 busette på Ulefoss i Holla.

 

MEN, eg finn ikkje nokon av dei to fødslene (Ludvig og Birger), og ikkje finn eg vigsli i Holla for Nils Jacob og Inger...

 

Kanskje er det nokon som dreg kjensel på denne huslyden og som kan hjelpa meg med følgjande:

 

* Dato og stad for vigsli til Nils Jacob Nilsson Lie og Inger Alet Kristine Sørensen - kring 1905?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Inger Alet Kristine Lie?

 

* Dato og stad for vigsli til Nils Jacob Nilsson Lie og Ingeborg Christiansdotter Kvam?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Eit tilleggsspørsmål:

 

Inger Alet Kristine Sørensen er i 1900 på Ulefoss i Holla med freldre og søsken:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Søren Hansen hf g Jerngrubearbeider (Minerer) 1863 Ytre Holmedal NB

Lovise Korneliusdatter hm g Arbeiderkone 1854 Førde Søndfjord NB

Henrik Sørensen s ug Jerngrubearbeider 1885 Avaldsnæs

Karl Sørensen s ug Søn 1895 Mo Thelem.

Albert Sørensen s ug Søn 1895 Mo Thelem.

Inger Sørensen d ug Datter 1887 Avaldsnæs

Kristine Sørensen d ug Datter 1889 Avaldsnæs

Sofie Sørensen d ug Datter 1892 Mo Thelem.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Søren Hansson er frå Åkrevik under Langenes i Fjaler, men kven var Lovise Korneliusdotter? Eg finn ho ikkje i Førde!

 

d.s.

Endret av Lars E. Øyane - Oberammergau- Bayern

Kona til Søren Hansen het kanskje Sørine Korneliusdatter?Elller leser jeg feil?

Dåpen til Henrik Nikolai,født april 1885.(nr 42)

Klokkerboken.

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Klokkerbok nr. B 7 (1885-1909), Fødte og døpte 1885, side 12.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-12

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70102320304.jpg

 

 

I Ministerialboken kalles mora Lovise Korneliusdatter.

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 14 (1880-1889), Fødte og døpte 1885, side 106.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-112

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70102310422.jpg

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt innlegg!

 

Nei, ho heitte nok Lovisa Korneliusdotter, for no har eg funne dødsfallet hennar i Holla 7.3.1905 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4262&idx_id=4262&uid=ny&idx_side=-179), og her står det at ho er fødd i KINN i 1853.

 

AHA, under leitingi i aftes etter Lovisa såg eg ei som var fødd i Kinn i 1853 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1437&kenr=007&bnr=0058&lnr=000, busett på Dansgård under Stavanger i Kinn), so det lyt vera ho..., eller?

 

Her er Lovise Pernille Corneliusdotter, fødd på Ullebust i Førde 23.6.1853, men konfirmert i Kinn i 1869 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6892&idx_id=6892&uid=ny&idx_side=-72). Må vel vera same jenta...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nok eit interessant innlegg! Søren Hansson med ny kone!

 

Eg har i mellomtidi sjekka ut vigselsprotokollane og lysingslistene for Kongsberg 1915-1942, men finn ikkje Nils Jacob Lie og vigsli hans med Ingeborg Kvam! So, det kan sjå ut som dei gifte seg ein annan stad... Hadde me berre visst...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Ser av ft 1910 at familien har betania oppgitt som trossamfunn.

 

Nils Jacob Nilsen og Inger Alet Sørensdt viet borgelig 26/2 1903 i Holla

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4262&idx_id=4262&uid=ny&idx_side=-155

Hjarteleg takk til Anne for spennande og interessant svar!

 

Etter dette funnet er det kanskje ikkje so underleg at eg ikkje finn korkje fødslene (dåpane) til borni eller andre vigsli til Nils Jacob Lie!

 

Nils Jacob Lie og Ingeborg Kvam er vel truleg òg vigde borgarleg, og borgarlege vigsler for Kongsberg ser ut til å mangla heilt etter 1918? Og ikkje står dei vel heller i lysingsprotokollane?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 2 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få kasta fram att dette teamet som framleis står uløyst når det gjeld:

 

* Dødsfallet på Kongsberg (kring 1915-1920?) for Inger Alet Lie, og

 

* Vigsli på Kongsberg (kring 1920-1925?) for Nils Jacob Lie og Ingeborg Kvam?

 

Borgarlege vigsler ser framleis ut til å mangla for Kongsberg, men kanskje nokon veit kvar dei er?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 1 måned senere...

Eg har endeleg lukkast i å spora opp etterkomarar etter denne huslyden. Det syner seg at Nils Jacob Lie og første kona Inger fekk ein tredje son, Kåre N. Lie, som var ein kjend misjonær i Afrika i ein mannsaldar, og dotter hans kunne fortelja meg følgjande:

 

"Første kona Inger reiste frå mann sin, medan gutane var ganske unge. Ho dro til Amerika med ein annan mann, og ho vart skild frå Nils Jakob! Sidan gifte han seg so att med Ingeborg Kvam frå Sogn."

 

Ho kunne ikkje hugsa kva andre mann hennar heitte, men i alle fall er me komne eit skritt vidare!

 

Hjelper dette? Kanskje Inger kan sporast i utvandringslistene?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 2 år senere...

Hei,

 

Jippi - med ovennevnte ble også en "gåte" løst fra meg.

 

Min oldemor Inger Alet Kristine Sørensen giftet seg med Einar Nilsen (født 1. juni 1896 i Modum), og fikk sammen datteren Ruth Nilsen (født 3. september 1917). Ruth er min farmor. De to reise med skipet Fredrik VIII over til USA 22.4.1927 og bosatte seg i Canada.

 

Er helt ny på å forske på slekten, og vet ikke alt - men vet at Inger Alet Kristine Sørensen døde i Canada og ligger begravet der borte. Vet også at Einar Nilsen døde i Canada på 1970-tallet og siste kjente bostedsadresse for ham var Fort St. John i British Columbia. Om det var dit de dro med en gang de reiste over og hvorvidt det er der Inger Alet Kristine ligger begravet vet jeg enda ikke (men jeg skal fortsette å lete).

 

Datteren Ruth Nilsen giftet seg med Einar Victor Nilsen (opprinnelig fra Tromsø i Norge), og bosatte seg her på 1930-tallet. Hun fødte totalt 5 barn, hvorav eldstemann ble født i 1932 og bortadopert i Canada (Else - som nå er død). I tillegg fikk hun ytterligere 4 barn - Rose, Stein, Knut og Inger Christine, hvor Knut er min far.

 

Dersom du sitter på mere opplysninger om etterkommere etter Nils Jacob Lie, dvs. Ludvig, Birger og Kåre vil jeg VELDIG gjerne få ta del i dette :-)

Hjarteleg takk til Tone for spennande innlegg!  Eg hadde vel ikkje drøymt om at etterkomarar etter Inger Sørensdotter sitt andre ekteskap var å finna i Noreg, so dette var ei overrasking!

 

Eg arbeidde ganske so aktivt med denne huslyden på våren i 2012, men kom i grunnen ingen veg, bortsett ifrå at eg fekk kontakt med ei dotter av misjonær Kåre Lie.  Kontakten med ho var utelukkande pr. telefon, og eg kan diverre ikkje hugsa namnet hennar, men eg meiner ho budde i eller nær Holmestrand.

 

Her er den teksten som eg skreiv i band IX i bygdebokserien for Luster, som kom ut hausten 2012:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 2. Ingeborg Christiansdotter, dotter av Olina Eriksdotter og skomakar og vegarbeidar Christian Martinusson i Kvam i Sogndal (1853-1944), opphavleg frå Hodneland på Lindås, men oppvaksen på Døsen under Oppedal ytre i Lavik, var f. 30.5.1878,

Ingeborg Kvam kom i ung alder til far sin og ei stemor i Kvam i Sogndal og voks opp der, men flytte kring 1920 til Kongsberg der ho kort etter, dato ukjend, gifte seg med enkjemannen Nils Jakob Nilsson Lie, opphavleg frå Grønli i Fiskum, Øvre Eiker.  Han var son av gardbrukar Nils Gjertson på Grønlie, opphavleg frå Bråten, og andre kona Bertha Marie, kjend som Maria Andersdotter frå Liverud Fiskeløs og f. i Fiskum, Øvre Eiker 24.9.1881.  Han gifte seg første gongen i Holla 26.2.1903 med Inger Alet Kristine Sørensen frå Ulefoss i Holla.  Ho var dotter av jarngruvearbeidar Søren Hansson på Ulefoss, opphavleg frå Åkrevik under Langenes i Fjaler, og kona Lovisa Pernille Corneliusdotter frå Ullebust i Førde og f. på Vigsnes i Avaldsnes 18.5.1887.  Nils Lie var arbeidar, og han og Inger budde for det meste på Kongsberg, men Inger utvandra til Amerika og vart sidan skild frå Nils.  Nils og Ingeborg vart buande ei tid på Kongsberg, men flytte sidan til Holmestrand der Nils livnærte seg som jarnbanearbeidar.  Nils d. i Holmestrand 10.6.1948, medan Ingeborg Lie d. same staden 4.1.1974.  Dei fekk ikkje born i lag, men Nils hadde tre søner frå første ekteskapet sitt.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dotteri til Kåre Lie visste ikkje noko utover det som her er skrive, men eg er sikker på ho ville setja pris på kontakt med deg om du kan finna ho att!  Kanskje du kan "googla" misjonæren og soleis få kontakt?

 

Eg ønskjer deg lukke til i vidare gransking!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.