Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Hei!

 

Johan Andreas, foreldra hans og tre søsken er omtala under Eidsøra (Gjestgjevarplassen) i Gards- og ættesoge for Nesset bind 4 s. 125. Det står at han vart gift med enkja Anna Hansdotter Hogstad i Frosta, og det blir vist til bygdeboka for Frosta.

 

Faren hans var Nils Eriksson Flatvad f. 1768, som truleg stamma frå Sunndalen. I Sunndalsboka bind 2 s. 254 under Flatvad bruk nr. 5 finn vi iallfall ein Nils Eriksson som var fødd dette året. Ved hjelp av dette bindet, samt bind 3 og 4 av det same bygdebokverket, er det muleg å følgje slekta hans vidare bakover.

 

Om Marit Kristoffersdotter blir det opplyst i bygdeboka for Nesset at ho var f. ca. 1757, og at ho visstnok hadde vore gift ein gong tidlegare.

 

Elles står det om Nils Eriksson at familien hadde vore i Trondheim før dei kom til Eidsøra, og at Nils i FT 1801 er omtala som ”arbeidsmand og brandsvend. Her er familien i folketeljinga:

 

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f18011601&gardpostnr=913&personpostnr=7168&merk=7168#ovre

 

Helsing Knut.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.