Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen SF - hjelp til å tolke skifte etter Kristi og Knut Henden ytre


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg trudde eg hadde oversikta over Kristi Kristendtr Henden ytre og hennar nære familie. Ho var fødd ca 1669 og døydde 1741.

 

Det er skifte i levande live etter henne og mannen Knut Pederson, f. Hestenes, i 1733. Der er inga oversikt over arvingane deira i skiftet, men eg veit at dei hadde desse borna:

 

Peder, f.1695, gift til Rand i Stryn.

Kari, f.og d. 1697

Rasmus, f.1698, d.1699

Kristen, f.1700, busett i Bergen i 1733 i følgje bygdeboka

Ingeborg, f.1703, gift med Anders Markusson Henden ytre (frå Øyestad)

 

Ekteskapet mellom Kristi og Knut er ikkje registrert i kyrkjeboka, og det er ikkje nemnt namn på mora ved dåpen, men alt tyder på at det er Kristi som er mor deira.

 

Før det må Kristi ha vore gift med Rasmus Pederson Henden ytre, frå Fannemel i Hornindal, sjølv om vigsla i 1686 kallar brura Kristi Endredtr Ladehaug. I dette ekteskapet er det tre born før Rasmus døyr i 1692:

 

Peder, ca 1690 – er i Bergen i 1711 i følgje bygdeboka

Mari, f.1690, fekk barnet Marte med Johannes Olsson Henden

Brite, f.1692, gift med Ola Rasmusson Tvinnereim

 

Som nemnt har skiftet ikkje noka oversikt over arvingane, men nederst til høgre på s 383 b kjem noko av interesse:

 

Dei har summert alt dei finn i buet, og «dertil legges, som sønnen Peder Knudsen Rand forhen hos forældrene har be-(sideskift) bekommet til hiemmegifte 2 kiør og 1 qvige for hvilket han svarer igien her til boen......-5-'-'

 

«Magdeli Joensdatter Frøstad ilige maade som hun har bekommet til hiemmegift – 6- - nok? Som hun aparte er skyldig her til boen -1-'-'

 

Og Brite Rasmusdatter Tvinderem har lignende bekommet -5-3-'- hvorimod decourteres? Som hun har til gode -3-3-'

Bliver saa endda deraf boen igien tilgode -2-'-, hvilket giør da til sammen....»

 

Kva gjer Magdeli Jonsdtr Frøystad her? Er ho også dotter av Kristi Kristendtr? Ho er fyrste gong å finne i skiftet etter Anton Hansson Henden ytre i 1698, som den fyrste av tre døtre etter hans avlidne bror Jon Hansson Henden. Fødselsåret hennar bør dermed vere tidleg på 1690-talet – yngste barnet hennar er fødd i 1739, og ho bør dermed ikkje vere fødd før 1690 i alle fall.

 

Har Jon Hansson også vore gift med Kristi Kristendtr?

 

Er det nokon som kan oppklare dette for meg? Eg skal legge inn litt fleire lenker, men må prioritere ei lamming akkurat no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser no at der er eit skifte etter "barnet Marte med Johannes Olsson Henden" - ho er død ugift, og eg prøver meg no på eit dårleg leseleg skifte for å sjå om det kan gje meg leietrådar.

 

Arvingane her er i 5 greiner:

 

Moderens eldste halvbror si grein - Peder Knutson Rand; han er sjølv død (og det vil seie t heilbroren Peder Rasmusson må vere død utan arvingar)

 

Moderens yngste halvbror si grein - Kristen Knutson i Bergen, han er sjølv død og etterlet dottera Kristine.

 

Moderens eldste syster si grein - Brite Rasmusdtr Tvinnereim, sjølv død, etterlet seg 3 born - Jakob, Synnøve og Kristi

 

Moderens andre syster - Ingeborg Knutsdtr, i live

 

Moderens yngste halvsyster Mari Rasmusdtr Fannemel sine attlevande born, som dei frammøtte ikkje kjenner namn og tal på.

 

Opplysningane om denne siste lagar rot for meg, ser det ut til, men uansett:

 

 

denne mystiske Magdeli Jonsdtr Frøystad er her ikkje - altså er ho ikkje halvsyster, korleis heng ho då i hop med familien?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje om det er nokon som heng med her lenger, men eg er her i alle fall sjølv, og eg har funne ei ny og nyttig opplysning!

 

Sidan Mari Rasmusdtr Fannemel blir kalla "moderens yngste halvsyster" gjekk eg til kyrkjeboka for å sjå innføringa av dåpen til Marte Johannesdtr i 1722. Og konklusjonen er rett og slett pinleg - eg har gått i den klassiske fella og stolt på bygdeboka. Det er ikkje Mari Rasmusdtr som får barnet Marte i 1722, men Mari JONSDTR!

 

Altså HAR Kristi vore gift med ein Jon fyrst, og Magdeli Frøystad er dotter hennar, men må vere død utan arvingar før skiftet etter Marte i 1765. Hurra for meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Joda, det er da noen som følger med fortsatt, og som er stum av beundring over din evne til å tolke skribleriene til prester og andre øvrigheter på 16 og 1700 tallet. Hurra for deg :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Rune, eg rødmar!

 

Her måtte eg til å redigere - eg hadde skrive at eg ikkje visste kven far til Magdeli var, men det må vere lamminga som har gjort meg "lam" i logikken - det har eg då allereie skrive i det fyrste innlegget; ho er nemnt som dotter til Jon Hansson!

 

Det framgår av dette skiftet etter Anton Hansson Henden, som eg nemnde lenger oppe. Dette greier vel du og, Rune ;)

 

Eg har også skrive at Magdeli fekk siste barnet i 1739, men det trur eg er feil. Mannen hennar må ha hatt to koner, det er ein lang pause i barneflokken.

 

Ein liten detalj til slutt: Kristi Kristendtr døyr i 1741, angiveleg 72 år gammal. Dette må vere omlag 10 år for lite, då ho elles må vere ned mot 10 år når eldste barnet kjem.

 

Då skal eg føre ei ny kobling inn i gloppe-treet mitt, og deretter ta kvelden med eit problem mindre (!)

Endret av Aase R Sæther - Sandane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.