Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Foto - fjellbygd i Sør-Noreg 1


Recommended Posts

Eg vonar eg ikkje trør over tolegrensa for identifisering av bilete på forumet, men dristar meg frampå sidan det ikkje ser ut som andre foto krev merksemd her i dag.

 

Dette biletet er teke av morbror min som døydde i 1985. Han var tilsett ved Lien landbruksskule i Ål i Hallingdal frå midten av sekstitalet til midten av syttitalet. Han fotograferte mykje og bileta etter han har eg skanna og katalogisert så godt som ferdig.

 

Eg lurte fyrst på om biletet nedafor var frå Tunnhovd-/Pålsbufjorden i Uvdal, men har fått folk med lokalkunnskap til å sjå på det, og dei seier "nesten" sikkert ikkje.

 

Så lurte eg på om det kunne vera frå Hols- eller Hovsfjorden i Hol, men ein autoritet som Hol bygdearkiv seier nei.

 

Vassfjorden i Vats i Ål har eg ikkje fått sjekka med lokalkunnige, men andre høgtliggjande fjellbygder i Sør-Noreg kan det jo også vera.

 

I Nord-Noreg er det lite truleg det kan vera.

 

Kva meiner ekspertisen her inne?

post-134-0-73988900-1335046643_thumb.jpg

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/177634-foto-fjellbygd-i-s%C3%B8r-noreg-1/
Del på andre sider

Tatt på høsten i hvertfall, kanskje først i oktober?

 

Litt uren-luren-beliggenhet på gårdene, men heller ikke av de bratteste en har sett.

 

Det er i hvertfall ikke Gudbrandsdalen, men kan kanskje være et sted i Valdres, men mulighetene er mange?

 

Litt bedre oppløsning hadde vært et ønske, (men vet ikke hvor enkelt det er å få til?) for bedre å identifisere denne røde konstruksjonen/gjenstanden en ser rett fram, og er det en førstøtnings-/gabionmur en ser et stykke der framme?

 

Artig med slike bildenøtter :)

Større oppløysing skulle eg gjerne ha hatt, men Digitalarkivet har sett grensa for opplasting til 500 kb, så da kan det ikkje bli større. Eg måtte dessverre forminske det kraftig ned for å kunne leggje det inn her.

 

Den raude konstruksjonen er ein lastebil sett forfrå med lasteplanet oppe i tippestilling. Eit stykke foran ser eg også nokre folk i vegen som ser ut som vegarbeidarar. Det er nok ein heilt ny vegstrekning som her er på gong.

 

Redigering: Hurra, eg har klart å få biletet til å bli større, iallfall stort nok til å fylle skjermen.

 

Men 500 kb gjeld som øvre grense. Ganske trasig med kronglete nedskalering. Ein kunne ønskje seg automatisk nedskalering av foto som er over den programinnebygde fastsette grensa.

Større oppløysing skulle eg gjerne ha hatt, men Digitalarkivet har sett grensa for opplasting til 500 kb, så da kan det ikkje bli større. Eg måtte dessverre forminske det kraftig ned for å kunne leggje det inn her.

 

Den raude konstruksjonen er ein lastebil sett forfrå med lasteplanet oppe i tippestilling. Eit stykke foran ser eg også nokre folk i vegen som ser ut som vegarbeidarar. Det er nok ein heilt ny vegstrekning som her er på gong.

 

Akkurat, det har blitt slike begrensninger i det nye forumet ja!

Det er nesten så eg synst det liknar på Vangsmjøsa (veit ikkje om det er det den heiter) Vang i Valdres.

 

No skal det seiast at det brukar gå nokre år mellom kvar gong eg (me) køyrer her, men eg har køyrt ein del gongar forbi Vang i løpet av mine 50+1 år :-))

 

Det er jo slett ikkje sikkert det er der, men det liknar iallfall!

Mitt tips er Krøderen. På vei mot Gol. Slo meg ved første blikk før jeg leste innlegget om at mannen hadde bosted Ål i Hallingdal. Kjørte langs innsjøen for første gang i høst, så ikke kjent i området, men kan være verdt å google etter bilder fra dette området.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.