Gå til innhold
Arkivverket

Foto frå ein av dalane - truleg Austlandet


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

post-134-0-88597200-1335043486_thumb.jpg

 

Da prøver eg med eit foto til i kveld, men så har eg heller ikkje fleire gåter.

 

Den forrige fotonøtta mi denne kvelden ligg her: http://forum.arkivve...__fromsearch__1

 

Men så var det dette biletet frå ein austlandsdal da. Her er Numedal "nesten" avskriven, men det er jo flust av andre dalar i landsdelen likevel. Hallingdal kan det jo mogelegvis vera, men eg har ikkje den store kjensla av at det er rett. Da står Valdres og Gudbrandsdalen att. Østerdalen kan det knapt vera.

 

Biletet er teke av morbror min som døydde i 1985. Han var tilsett ved Lien landbruksskule i Ål i Hallingdal frå midten av sekstitalet til midten av syttitalet. Han fotograferte mykje og bileta etter han har eg skanna og katalogisert så godt som ferdig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

kan det vere Lom?

Nei - dreg framlegget attende. Det er ei umiskjenneleg straumleidning til jernveg i bakgrunnen....

Er det andre linjer enn Dovrebanen som var elektriske kring 1970?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

hei, vi tror bildet er tatt i Hallingdal, muligens Ål eller Nesbyen. Må vel være høyspentledninger (Oslo Lysverker?) i åskanten, og Bergensbanen ble vel elektrifisert omtrent samtidig med Dovrebanen,

 

mvh. Astrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er usikker, men jeg syntes at dette minner om Torpo i Hallingdal. Jeg var med på campingtur dit på 1970 tallet, og jeg syntes å kjenne igjen campingplassen.

 

Alf.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bakgrunnen, rett over klesvasken, eller om lag 1/4 inn i biletet frå venstre kant, er det noko som kan vere eit kyrkjespir.

I denne oppløysinga er det noko uklart, men Anfinn ser det kanskje betre på originalen.

 

Bergensbanen vart elektrisk i 1964, før Dovrebanen (til Otta 1967, ferdig 1970).

 

At fotografen ser i nordleg retning er opplagt (sola i ryggen).

Solhøgda er ikkje så lett å fastslå for det er ingen skuggar som er lette å måle (40-50 grader er for romsleg til at det hjelper noko...)

 

Ut frå "tilstanden" på plassen, vil eg tru dette må vere kring middag. Dei som reiser har reist og dei som kjem for natta er ikkje komne. I sesongen brukte det å vere fullt på slike plassar kveld og morgon. Alternativt så er det litt tidleg eller seint i sesongen.

 

Eit utgangspunkt kan vere at dette er nær middag, og at det næraste teltet står nesten i nord-sør retning - med sør mot oss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for mange nyttige tips her. Torpo, Ål og Nesbyen snevrar jakta inn til Hallingdal, sjølv om ein førebels ikkje kan utelukke andre stader. Men Ivar E. i innlegg 8 meiner å sjå eit kyrkjespir i bakgrunnen. Det kan han ha rett i, sjølv om eg ikkje kan seie det for visst etter å ha sjekka originalen. Jernbanelina og elva er interessant. For meg ser det ut som jernbanelina ligg på andre sida av elva.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg hengte meg litt opp i denne haugen bak v. campinghytte, og tenker gravhaug Dovre. Toftemo camping/ skysstasjon?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har sett på det dere antyder "kan" være kirkespir,kan det være noe annet.

 

Tenker da på det til høyre,er en strømmast til jernbanen? Sammenlign med den rett bak campingen,det går noen armer ut til begge sider.

 

Til venstre for den,synes den er litt butt i topp,er det ysteripipe?

 

Oddleiv

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes også det ser ut som om jernbanelinja går på andre siden av elva - og det gjør den jo mange (de fleste?) steder i Hallingdal. F. eks. ved Stavn i Flå, men jeg synes ikke det passer med retningen på høyspentlinjene til å være der, selv om det er en campingplass der nede ved elva per dags dato (også ovenfor).

 

Noen kirkespir kan ikke jeg se.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bildet kan kanskje være tatt i 1968, eller litt senere?

 

Denne Volkswagen Transporter Type 2-modellen som en ser i bildet kom i 1968, og de andre bilene er nok også typiske sent 60-tall.

 

Nei, Reidar, dette er bakenden av ein Type 1. På Type 2 (og 3 og 4) er luftinntaket i stolpen bak det bakarste vindauget - og det er det ikkje plass til her. På Type 1 er det under vindauget.

 

 

Kraftlinjer: Eit (småstilt) kart over sentralnettet ligg her: http://www.energifakta.no/documents/Energi/Transport/Kraftnett/Sentralnett.htm

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, Reidar, dette er bakenden av ein Type 1. På Type 2 (og 3 og 4) er luftinntaket i stolpen bak det bakarste vindauget - og det er det ikkje plass til her. På Type 1 er det under vindauget.

 

 

Kraftlinjer: Eit (småstilt) kart over sentralnettet ligg her: http://www.energifak...Sentralnett.htm

 

Du har nok rett, en ser dette "gjerdet" som var bak i Type 1, men denne Kadett B kom i hvertfall i 1965 og Cortina`en kan kanskje være fra 1965-66?

Det kom vel ny type i 1967.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom biletet er frå Ål må det vera teke i retning søraust. Ein uventa vinkel, eg har heile tida sett på dalsida i motivet som om den låg sørvendt. Dersom Grete Singstad har rett må dalsida me ser vera baklia, ho hellar mot nord. Kraftlinene stemmer, campingplassen må liggje på nordsida av elva, og jernbanelina liggje på sørsida av elva, som ho gjer på heile strekninga iallfall frå Gol til nesten Geilo. Skal dette reknestykket gå opp må biletet dessutan da vera teke på ettermiddagen ved at sola kjem frå sørvest.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser dessutan på Ål-kartet at ein campingplass ligg "omringa" av Myrovegen på nordsida av elva den dag i dag. Det ser ut som det no er bygt eit større anlegg med scene og amfi i vestre del av denne plassen. Men kyrkjespir i det fjerne passar dessverre ikkje heilt inn i dette biletet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oppgåva er løyst takka vere alle gode hjelparar som førte meg til Ål! Eg sende epost til Ål Camping, og fekk straks tilbakemelding om at biletet ikkje var frå deira plass, men frå daverande Sundre Campingsenter. Det låg 1-2 km vest for stasjonsbrua i Ål sentrum og var kombinert med utstillingsplass (dyrsku). "Den heitte fyrst Sundre Campingsenter , seinare Ål folkepark , og no er der i gang storutbygging til noko som skal heite Hallingdal feriesenter. Biletet ditt er frå Sundre Campingsenter."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.