Gå til innhold
Arkivverket

ang. skifter i Nordfjord


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Vil gjerne informere at eg tilsynelatande ikkje får tilgang til sidene 63a/b og 64a/b i skanna skifte i protokollen; Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 11 , 1750-1753. Skiftet på desse sidene er ifølge indekseringa på det søkbare skifteregisteret etter ei Marte Olsdatter Isane Ytre. Står det forrøvrig ytre Isane i protokollen? Eg ser ikkje vekk frå at det her burde vore indeksert Isane Indre istaden...

 

Eit anna mulig problem eg har oppdaga er at det søkbare skifteregisteret har indeksert ei Marite Olsdatter under Isane Indre i protokoll 5a side 217. På side 217a og øverst side 217b finn ein etter det eg kan forstå slutten på skiftet etter ein Svend Anthonsen Myklebust, der skiftet startar side 214a. Nederst side 217 b finn ein eit skifte etter ei dame ved namn Ane Olsdatter på gården Isane Ytre... Har ikkje klart å lokalisere skiftet etter den omtala Marite Olsdatter.

 

Håpar Dykk har tid til å sjå litt på desse to problema for meg...

 

mvh

Morten Sylte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å ta det siste fyrst: Marte Olsdtr og Erik Olsson er omtala inne i skiftet etter Anne Olsdtr som startar på 217 b - litt nedanfor midten av høgre spalte på 218. Erik er halvbror og Marte fullsyster, og sidan dei er døde er der noko som må ordnast opp i - Anne sitt bu skal vel ha noko arv etter dei; eg har ikkje lese dette så nøye. Eg skulle gjerne visst kven desse tre er.

 

Dei sidene du etterlyser fyrst i spørsmålet ser ikkje eg noko til heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å ta det siste fyrst: Marte Olsdtr og Erik Olsson er omtala inne i skiftet etter Anne Olsdtr som startar på 217 b - litt nedanfor midten av høgre spalte på 218. Erik er halvbror og Marte fullsyster, og sidan dei er døde er der noko som må ordnast opp i - Anne sitt bu skal vel ha noko arv etter dei; eg har ikkje lese dette så nøye. Eg skulle gjerne visst kven desse tre er. Dei sidene du etterlyser fyrst i spørsmålet ser ikkje eg noko til heller.

 

Ok, då har ein iallefall slått fast at indekseringa bør ordnast. Med tanke på kven desse tre er so kan dessverre ikkje EG vere til hjelp. Eg kom over dette problemet med Ane Olsdatter som resultat av at eg forsøkte å finne skifte etter Marte Olsdatter gift med Hans Olsen Indre Isane. Noko eg håpar fyrste skiftet eg nemner kan vere sidan det skiftet vert halde i det året (1750) "min" Marte Olsdatter døyr. "Min" Marte skal forrøvrig etter boka til J. Åland vere frå Myklebust, trulig i Ålfoten utan at eg har funne nokon god kandidat som far der...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da har statsarkivar Nedrebø vært så vennlig å legge ut bilder av disse to oppslagene. De mangler på mikrofilmen som har vært grunnlag for skanning.

 

Når det gjelder eventuelle feil i det søkbare skifteregisteret, kan slike meldes i forumet for spørsmål om transkribert materiale, der meldingene fanges opp av de som håndterer det transkribert materiale. For øvrig kan det henvises til skifteregisterets dokumentasjon: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&gardpostnr=&personpostnr=&sidenr=1&filnamn=skifnfjo&visdok=vis

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal Dykk ha,

 

og då lagar eg ein ny tråd ang. protokoll 5a i forumet for transkribert materiale.

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.