Gå til innhold
Arkivverket

Modesta Didriksdtr Fester - kjelde?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eit skifte etter Didrik Fester i Bergen 1676 er referert i Sollieds skifteavskrifter, men eg kan ikkje sjå at det ligg ute i skanna versjon, så eg får ikkje kontrollert innhaldet.

 

Han har med borna Aleksander og Margrete, men eg ser m.a. på Geni at enkelte opererer med ei dotter til, Modesta. Eg reknar ikkje Geni som ei påliteleg kjelde (!) men har ofte fått eit hint om kva eg skal leite etter og kvar. Sidan eg ikkje har abonnement er det begrensa kva eg kan få lese der.

 

Er det nokon som veit kva som kan vere kjelde til denne opplysninga?

 

Dødsåret 1713 peikar mot denne kvinna , men ho har ikkje patronym.

 

Eg finn også denne vigsla i 1673, men har framleis inga kobling til ovannemnde Didrik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er tydeleg at det "aular" av Modesta'er i denne familien, og dei kan vere vanskelege å plassere. Eit alternativ er at det er Margrete som ikkje eksisterer - at det er feil avskrift av skiftet eller feil ført i originalen. Finst det vidare opplysningar om Margrete?

 

Her er ei utan patronym.

 

Her er forresten også ein Didrikson Fester.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Her er et skifte etter Alexander Fæster i Rognaldsvågen i Kinn, Sunnfjord, og hans eneste arving er datteren Modeste, som det kan se ut er enke lenger ute i skiftet:

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24195/410/

 

Ellers er det en Alexander Fæster som bor i Leikanger i Sogn på 1680-tallet. Han har flere barn, men det er vel ikke ham du er ute etter, Aase?

 

Mvh. Kjell

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg høyrer rett som det er argumentet om at "det må vere same person, det kan umuleg vere fleire med så spesielt namn" - og så veit vi at det er nettopp det det kan vere. Repetisjon av namn i nær slekt er meir regel enn unntak, så det kan nok vere fleire av både Didrik, Aleksander, Modesta og andre. Han i Rognaldsvågen er så vidt eg har greidd å finne ut identisk med Aleksander Hansson Rygg, son til (Ka)trine Aleksanderdtr Fester, så her er også eit moment - slektsnamnet går vidare gjennom mora.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.