Gå til innhold
Arkivverket

Ottar Carlsen Bakkerud, f. 1773 Hedmark, kor/når døde han?


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Eg tar opp igjen eit tidlegare tema med ny tittel, for å sjå om det gjer det lettare å treffe nokon som kjenner til denne familien.

 

Ottar Carlsen Bakkerud f. 1773 flyttar i 1803 frå Hedmark til Sørvigen/Survika på Otterøya i Fosnes prestegjeld (Nord-Trøndelag).

 

Dei har to kjendte barn når dei flytta til til Sørvigen. Her er familien i 1801, Ottar då feilaktig omtalt som Baardsen: http://digitalarkive...&merk=2188#ovre

 

Ein gong etter 1813 flytta dei frå Fosnes (sonen Christian/Christoper konfirmert i Fosnes 1813, og Ottar selde Sørvigen dette året)

 

I 1819 er Ottar og kona igjen registrert som innflytta til Fosnes, (dei kom då frå Beitstaden prestegjeld i Nord-Trøndelag).

Etter det er det ikkje spor etter verken Ottar eller nokon andre i familien.

 

Truleg har dei igjen flytta frå Fosnes, men det er ukjent kor dei evt. har hamna. (Det er ein Otto Carlsen som døyr i Fosnes i 1824, men både alder og yrkestittel tyder på at dette må vere ein annan).

 

Det er primært dødsåret til Ottar eg er på jakt etter, men andre opplysningar som kan føre fram til dette, kan også vere av interesse.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dette har også jeg lurt på.

(Lenke til tidl.tema: "Manglande dødsfall i Fosnes i Nord-Trondelag":http://forum.arkivverket.no/topic/178509-ottar-carlsen-bakkerud-f-1773-hedmark-kornaar-doede-han/page__hl__bakkerud )

 

Fra Gamle brukerforumet: Jeg tar med et-par-tre tidligere debatter, hvor man tangerer kretsen omkring han:

 

39098: Margrethe Pedersdatter født på Helgøya i Nes, 15. juli 1792: http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=39098&sok=Helg%F8ya+i+Nes&nr=4&antinnlegg=11&startnr=&antall=&spraak=n#anker

59909: Pernille Karlsdatter f 1771 bodde på på Vestre Berg i Furnes

http://da2.uib.no/cg...&spraak=n#anker

 

60077: Sotnakrøen i Nesset i Romsdal. Hvem var Otter Olsen f.ca.1803?

http://da2.uib.no/cg...&spraak=n#anker

 

Å finne Ottar Carlsen Bakkerud sin død tror jeg må bli en dugnadsoppgave.

Når vi nå kan slå oss til rom med at han ikke finnes i Fosnes, så blir det vel naturlig å rette blikket mot Nesset/Bolsøy (Romsdal).

 

Om han ikke finnes der, så bør man kanskje se på Nes(Helgøya) og Vang/Furnes på Hedemarken.

 

Kanskje til og med Bergen kan være aktuelt..

 

Jeg kan gjerne starte med NES og evnt. VANG, men ikke akkurat de aller første ukene.

 

IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innlegget Iver. Det er kjekt å sjå at det er fleire som leitar etter han.

 

Eg har bladd litt i kyrkjebøkene for Nesset/Rød, men eg har ikkje funne noko teikn til verken Ottar eller sønene.

 

Eg får fortsette å kikke, og håpar at andre også kan ta del i jakta.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gardbrukar Paul Franzen (som var gift med Ottar si syster Kari) døde i Nesset i 1835.

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nesset, Ministerialbok nr. 551A04 (1831-1845), Døde og begravede 1834-1835, side 329-330.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16038&idx_id=16038&uid=ny&idx_side=-156

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070904650214.jpg

 

Ein tanke kan vere at Ottar i samband med at systera blei enke, kan ha flytta til Nesset, men eg finn han ikkje i noko innflyttingsliste.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det bør jo finnes kirkehistoriske kilder som kan si litt om Ottar Carlsen Bakkerud.

 

Gunnerusbiblioteket (samling av privatarkiver) har Per Øverlands privatarkiv (161), hvor en av de 4 avdelingene består av haugianer-biogrfier. Her er også Ottar Carlsen Bakkerud med.

http://www.ntnu.no/ub/spesialsamlingene/privark/p161/oeverland_per_nyreg_p161.pdf

 

(Men dette er kanskje allerede sjekket opp?)

 

IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tipset Iver.

 

Eg har vore i kontakt med Øverland tidlegare, men eg trur ikkje vi har diskutert Bakkerud.

 

Slik eg har forstått det, så braut Bakkerud kontakten med haugianarmiljøet ganske tidleg (før 1810?), så det er ikkje sikkert det er så mykje opplysningar om han i dette registeret.

 

Eg har sendt ein forespurnad til Øverland, så får vi sjå kva han evt. hugsar, evt. kontakter eg universitetsbiblioteket i neste veke.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Øverland sitt arkiv hadde dessverre ikkje noko opplysningar om kva som skjedde med Ottar Carlsen Bakkerud.

 

Så då er spørsmålet framleis: Kor blei det Ottar etter 1819?

 

Opplysningar om kona og barna er sjølvsagt også interessante, då dei kan føre til opplysningar om Ottar.

 

Merkeleg at det skal gå an å forsvinne sånn .....

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opplysningar om kona og barna er sjølvsagt også interessante, då dei kan føre til opplysningar om Ottar.

 

Før vi gir oss:

Se på denne dåpen i ELDEN i Beitstaden 27.jan 1816.CAROLINA , som er født 10.juni 1815.

Tolker du farens navn som Otte Carlsen Aargaard (og morens navn som Methe Maria Kjønsøe):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16439&idx_id=16439&uid=ny&idx_side=-123

 

Kan det stemme at han kan være "vår" mann, -enten han er far eller fadder ?

 

Vet du når Ingeborg Christoffersdatter døde (mor til Carl (6 år i 1801) og Christian(2år i 1801)) ?

 

Utelukker du at Eli (Elen) Johnsdatter var mor Otte® Karlsen Bakkeruds barn (i tidsrommet 1800-1811) , og dermed hans andre ektefelle?

 

IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var eit artig funn Iver. Det kan godt vere "vår mann". Barnet (Karoline) er oppført som uekte, og så vidt eg forstår siste del av teksten, så er det fleire (mellom anna lensmannen) som påstår at Otte Carlsen er faren.

 

Sidan Karoline er uekte, så er det vel kanskje liten sjanse for at ho vil føre oss til Ottar Carlsen etter 1819.

 

Når Ottar Carlsen flyttar tilbake til Fosen i 1819, er kona Ingeborg med, så ho døyr ein gong etter dette.

 

Så blei eg litt usikker på om det er eg som har vanskar med å samle tankane, men kven var Eli Johnsdotter? Eg har ikkje klart å finne fleire barn av Ottar enn dei to han hadde i 1801. (og då no evt. denne Karoline)

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så blei eg litt usikker på om det er eg som har vanskar med å samle tankane, men kven var Eli Johnsdotter? Eg har ikkje klart å finne fleire barn av Ottar enn dei to han hadde i 1801. (og då no evt. denne Karoline)

Da kan vi ganske sikkert droppe Eli (Elen) Johnsdatter som sammen med en "Otter Carlsen" får 5 barn i Leksviken i årene 1800 til 1811. Her har vi nok kun navn-likhet. Når det er sagt kan jo denne andre OTTER også eventuelt være farskandidat til det uekte barnet i Elden i 1815/16.

 

En helt annen ting:

 

Nest-eldste sønn av Otte og Ingeborg, CARL, - som inngikk ekteskap med Martha Maria Svendsdatter allerede i 1820 er fortsatt i live ved FT1865, og holder til på ”VIGELERET” i Frosta. http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f61717&gardpostnr=321&personpostnr=2055&merk=2055#ovre

 

Kanskje dette kunne være en indikasjon?

 

IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan virke som eit interessant funn, sjølv om fødestaden i så fall er feil. Kor fann du giftemålet.

 

Endå meir spennande er det at enkemann Otte Carlsen Vigleret giftar seg i 1825 med Bendie Pedersdtr. Otte Carlsen er oppgitt til å vere 58 år, og det er nokre år for mykje for "vår" Ottar Carlsen, men det kan vel vere ein liten feilmargin der. (nr. 9 høgre side)

Kildeinformasjon: Nord-Trøndelag fylke, Frosta i Frosta, Ministerialbok nr. 713A04 /1 (1817-1827), Ekteviede 1825, side 412-413.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-91

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70925660081.jpg

 

I 1828 får dei sonen Peter (dei er då flytta til Vinge) (nr. 21)

Kildeinformasjon: Nord-Trøndelag fylke, Frosta, Ministerialbok nr. 713A05 (1827-1839), Fødte og døpte 1828, side 10.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-11

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...50510020181.jpg

 

Så blir eg litt usikker når eg ser fadrane til Peter. Her finn vi både Marthe Ottersdtr og Johan Ottesen. Kan denne Otte Carlsen likevel vere ein namnebror?

 

Så får Christian Ottesen Vigemyr og kona Malene Olsdtr eit barn i 1830 (nr. 65)

Kildeinformasjon: Nord-Trøndelag fylke, Frosta, Ministerialbok nr. 713A05 (1827-1839), Fødte og døpte 1831, side 23.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2466&idx_id=2466&uid=ny&idx_side=-24

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050510020194.jpg

 

Då ser det litt lysare ut kanskje, eller skremmande likt?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan virke som eit interessant funn, sjølv om fødestaden i så fall er feil. Kor fann du giftemålet.

 

Då ser det litt lysare ut kanskje, eller skremmande likt?

 

mvh Egil

Det første brudeparet i 1820:

Kildeinformasjon: Nord-Trøndelag fylke, Frosta i Frosta, Ministerialbok nr. 713A04 /1 (1817-1827), Ekteviede 1820, side 398-399.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16381&idx_id=16381&uid=ny&idx_side=-83

Men i mellomtiden ser jeg at denne Carl IKKE er sønn av Otter Karlsen Bakkerud (med mindre Otter fra Hedemarken var bigamaist). Han er derimot sønn av Otter Karlsen og Eli (Elen) Johnsdatter (som vi vel har utelukket som O.Bakkeruds ektefelle)

Den Carl som gifter seg i 1820 ble døpt i Frosta 4.mai 1798.

For meg ser det derfor ut til at paret Otter Karlsen og Eli (Elen) Johnsdatter (i Frosta – Leksvigen -og eventuelt Beitstaden) har gitt oss adskillig ekstraarbeide, ja hele ditt forrige innlegg også.

Men jeg klarer likevel ikke å parkere denne Otter helt.

Kanskje det er noe fundamentalt feil i hele historien om Otter Carlsen Bakkerud?

IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

OK, då er vi like langt og vel så det. Men det var greit å få det avklart no, før vi rota oss lenger ut. Sjølv om det ikkje blei rett familie vi traff på her, så er det jo greit å vite at det finnes eit sett med namnebrødre til Ottar og barna hans.

 

Alt som eg har funne, støttar opp om historia som er skrive om Ottar Carlsen bakkerud, men utfordringa er at eg ikkje har funne Ottar omtalt i litteraturen etter kring 1813. Det er jo også der vi har utfordringa, så vi har nok ikkje vore dei første som har stått fast.

 

Eg festar difor lit til det som står skrive om Ottar, men utfordinga er altså at historia ikkje er fullført.

 

Det hadde vore veldig kjekt om vi hadde klart å finne han.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
  • 5 år senere...

Hei, er det fortsatt noen som leser dette? Jeg kom over det i forbindelse med et funn i Adressa for 07.12.1824. Her er det i proklama etter avdøde Otter Carlsen på plassen Vigen under gården "Bedsvog" eller Beisvåg i Fosen, nevnt en sønn Carl Ottersen (som vel er født ca. 1795 i Hedmark etter ovenstående referanse til 1801-tellingen å dømme). Han skal befinne seg i Philadelphia i Nordamerika.

 

Så hopper vi til Adressa for 14.02.1837 og et nytt proklama, denne gcangen etter Otto Carlsens etterlatte enke Ingeborg. Igjen nevnes sønnen Carl, denne gangen med etternavnet Carlsen, og to sønnebarn Christian Carlsen og Bergitte Ottilie i Trondheim. Carl Carlsen befinner seg fortsatt i Philadelphia.

 

Dette må bety at Carl Carlsen/Ottersen, f. 1795, var en av de første utvandrerne fra Trøndelag, selv om han var født i Hedmark. Han kom altså til Trondheim i 1803, ifølge ovenstående, og det er vel mye som tyder på at han reiste ut som sjømann. Noe spor etter ham i Amerika er ikke funnet.

 

Hans bror Christian, født ca. 1799, er omtalt som skipper i kildene, men han var død før 1837. Han ble gift 1825 i 24.11.1825 i Bakke i Strinda med Nicoline Christina Jacobs. Østbye, f. 1800 i Trondheim. De fikk barna Bergitte Ottilie, f. 1825 og Christian, f. 1829 (de hadde også en annen Christian, f. 1827, men han døde 1828). Finner et mulig (siste) spor etter Bergitte Oline i 1861 i Trondheim, mens Christian bodde i Porsgrunn fra 1875, der han var tollbetjent (var der også i 1891).

 

Vennlig hilsen

Jostein

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.