Gå til innhold
Arkivverket

Peder Willumsen Hansson Juell (1769-1839) – slottskapellan Akershus slott og sokneprest Sørum - biografiske detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Willumsen Hansson Juell, son av Hans Lemmich Juell og Anne Christine Lassen, var fødd i Vang, Hedmark 4.12.1769 og døydde i Sørum 19.2.1839. Han gifte seg med Kirstina Ørbech Hansdotter Leganger, dotter av Eidsvollspresten Hans Schreuder Leganger og Margretha Munthe og fødd på Eidsvoll 4.11.1751. Ho døydde i Sørum 28.12.1827.

 

Peder vart i 1795 personleg kapellan til Stange, men var frå 1798 tukthusprest i Christiania til han i 1801 vart residerande kapellan ved Akershus slott. I 1813 vart han so sokneprest til Sørum, og han var frå 1820 prost over Austre Romerike.

 

Peder og Kirstina var barnlause, men eg saknar nokre biografiske detaljar om dette parfolket:

 

* Fleire biografiar og Websider seier at Peder Juell og Kirstina Leganger gifte seg på Stange i 1796. Eg har leitt på Stange, men utan resultat. Kan nokon fortelja meg nøyaktig dato og stad for denne vigsli?

 

* So lurer eg på, foreldri til Peder, Hans Lemmich Juell og Anne Christine Lassen - er det nokon som veit kvar dei hadde bustaden deira? Budde dei alltid i Vang?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har nett oppdaga at Hans Lemmich Juell var sorenskrivar på Hedmarken, og at han framleis i 1801 budde på garden Hubred store i Vang, so då har eg fått svar på det spørsmålet...

 

Men so var det dette spørsmålet om vigsli hans med Kirstina Leganger...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielsen 27. mars 1799:

 

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Stange, Ministerialbok nr. 7 (1788-1813), Ekteviede 1800, side 212-213.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9118&idx_id=9118&uid=ny&idx_side=-108

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070513130191.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Sørum herred, bd. 1. s. 182, red: Olaf Børke, utgitt i Oslo 1942:

 

Peder W. Juell ble også valgt til stortingsmann og representerte Akershus Amt i 1821 og ved det overordentlige storting i 1822.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kapitlet om Prester i Sørum er skrevet av Joh. Andersen og det er to og en halv side om Peder W. Juell, som jeg kan sende deg om du vil ha det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for kjempeflotte opplysningar! Du fann vigsli, og det var interessant å få med dette om Stortinget. Elles treng du ikkje senda meg dei 2 1/2 sidene om Peder Juell! Men tusen takk for tilbodet!

 

Problemet er løyst for mitt føremål!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.