Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Harry I. Olson, fødd i Christiania(!) 28.6.1877 - utvandra 1892 - kven var han?


Recommended Posts

Eg freistar å finna ut kven denne brudgomen var, som gifte seg i Rockford, IL 12.10.1905:

 

Harry I. Olson, oppgjeven fødd i Christiania(!) (nekrologen hans frå 1956 seier "Oslo") 28.6.1877, utvandra til Amerika i 1892. Kona heitte Nora Emelia Everson, og parfolket budde i Stoughton, WI der Harry døydde 5.5.1956.

 

Ingen kjelder som eg har sett so langt, oppgjev namn på foreldri hans.

 

Er det mogeleg å finna ut:

 

* Fullt "norsk" namn på Harry og den nøyaktige fødestaden hans?

 

* Fulle namn på foreldri hans med yrke og fødestader?

 

* Kontroll av fødselsdato og utvandringsår?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg har nettopp funne WW1 draft kortet hans, og der heiter han Harry Ingvald Olson med fødselsår 1879! Kanskje det skal vera rett fødselsår?

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Utifrå den siste oppdagingi mi har eg sjølv funne svar på spørsmåli om fødestad og foreldre til Harry I. Olson. Han må vera identisk med Ingvald Henry Olufsen, fødd i Vestre Aker 28.6.1879 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5404&idx_id=5404&uid=ny&idx_side=-212).

 

Då sit me att med spørsmålet om utvandringi hans til Amerika!? Kan den finnast? 1892?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Jeg fant familien i 1885 http://digitalarkive...erk=77565#ovre.

Men om dette er faren i 1900 http://digitalarkive...=49625#ovre så ser det ut som om faren har giftet seg på nytt.

Kan det være mulig at moren døde, og at alle sønnene stakk av ?

Han konfirmeres 8 okt 1893 nr 28

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Hospital / Gamlebyen, Ministerialbok nr. 8 (1891-1908), Konfirmerte 1893, side 36.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5810&idx_id=5810&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-40

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060922010009.jpg

Name: Harry Ingvold Olson Event: Naturalization Event Place: Elkhorn, Wisconsin Event Date: 1917 Age: Birth Year: 1879 Birthplace: Norway

https://familysearch...M9.1.1/XKGK-G9P

 

Name: Harry Ingvald Olson Event: Draft Registration Event Date: 1942 Event Place: Stoughton, Dane, Wisconsin Gender: Male Birth Date: 28 Jun 1879 NARA Publication Title: World War II Draft Cards (4th Registration) for the State of Wisconsin

https://familysearch...M9.1.1/X53B-BXQ

Hjarteleg takk til Berit, Solveig og Ann-Mary for interessante innlegg!

 

Eg ser at utvandringsåret 1892 ikkje på noko vis kan vera rett, og når eg no går inn og ser på Harry Olson i FT1910, FT1920 og FT1930, so oppgjev han kvar einaste gong 1895 som utvandringsår, so truleg må han ha utvandra det året? Men eg finn han framleis ikkje i listene for Christiania... Merkeleg...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.