Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Johan Rasmus Lorentzen, snikkarmeister, fødd i Bergen 28.3.1845, gifte seg i Bergen 20.11.1881 med Anna Marie "Marie" Johannesdotter Andersen, fødd i Bergen 13.10.1850.

 

Parfolket budde 1912 i Brynjulfsgate 3, 3. etasje i Bergen.

 

Då Marie Lorentzen døydde som enkje 10.4.1930, var adressen oppgjeven til Øvregaten 45 i Bergen (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27866/97/).

 

Er det mogeleg å få greie på:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Johan Rasmus Lorentzen?

 

* Kva ervingar er oppgjevne etter Johan Rasmus Lorentzen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for interessant innlegg.

 

Då lyt me tru at Johan Rasmus Lorentzen er avliden i Fana mellom 1918 og 1924. Han er heller ikkje registrert som avliden i Årstad, so då må han vel vera avliden i Birkeland kyrkjelyd... Kanskje lyt me leita etter dødsmeldingi hans i Fana for å komma vidare? Men eg kan ikkje sjå at noko ligg ute på nettet som kan hjelpa her...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.