Gå til innhold
Arkivverket

Stavang/Nordbotten i Kinn: To koner men ingen brullaup


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Eg har kome bort i ei lita utfordring, som eg ikkje klarer å finne ut av, men kanskje andre kan sjå noko eg ikkje ser.

 

Andreas Nielsen var fødd i Barekstad i Kinn i 1807, men oppvaksen i Stavang, der han blir konfirmert i 1824. (Hans "inngang og utgang" har eg kontroll på). Far hans var opprinneleg frå Sæter i Vevring sokn i Førde prestegjeld, medan mora var frå Barlindbotnen i Kinn prestegjeld.

 

I 1827 får Andreas Nielsen Stavang sonen Gunder Olai. Mora er oppgitt som Cathrine Hansdotter. Barnet er ektefødd, men eg finn ikkje noko giftemål. Eg har heller ikkje funne opphavet til Cathrin

 

Gunder Olai er heimedøypt av Hans Hansen Løholmen, og det kan vere fristande å tenke seg at han kan vere far til Cathrine, men skifte etter Hans Hansen Løholmen har ikkje opplysningar om verken Cathrine eller Gunder Olai, slik eg i så fall ville ha venta. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 19 , 1836-1845, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: EDB-register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24209/130/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127650130.jpg

 

Gunder Olai finn eg igjen i Nordbotten i 1830 i Kinn, der han også er i 1865, då Nordbotten var ført under Bremanger prestegjeld. (Han har eg også kontroll på). http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=f61438&gardpostnr=296&personpostnr=1721&merk=1721#ovre

 

I 1830 er også Andreas Nielsen i Nordbotten, og her får han sonen Nils Halvor. Andreas er då oppgitt å vere gift med Karoline Halvorsdotter. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1831, side 97.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11534&idx_id=11534&uid=ny&idx_side=-101

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620261.jpg

 

Det må bety at Cathrine har døydd ein gong mellom 1827 og 1830, men eg har ikkje funne noko registrert dødsfall. Andreas og Karoline sitt giftemål, eller opphavet, til Karoline har eg heller ikkje funne.

 

Det finnes eit giftemål i 1828 mellom Anders Nilsen Nordbotten, fødd Stavang, og Gunni Jacobsdotter, men dette er då eit anna par (Anders Nilsen Nordbotten, kan vere den same som Anders Niels Nielsen, fødd på Seter/Apalset i 1801, og som var bror til Andreas)

 

I 1865 finn vi Andreas Nielsen på Nordbotten, saman med kona Karoline, sonedattera Henrikke Gundersdtr (som er ei datter av Gunder Olai Andreassen Nordbotten) og sonen Andreas, som er fødd på Nordbotten i 1835. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=f61438&gardpostnr=297&personpostnr=1727&merk=1727#ovre

 

I FT 1865 får vi opplyst at Karoline Halvorsdtr/Halvarsdtr er 66 år og fødd i Bergen, men eg finn ingen høveleg kandidat der.

 

Utfordringa er då:

- Giftemålet mellom Andreas Nielsen og Cathrine Hansdtr.

- Opphavet til Cathrine Hansdtr

- Dødsregistreringa på Cathrine Hansdtr

- Giftemålet mellom Andreas Nielsen og Karoline Halvorsdtr

- Opphavet til Karoline Halvorsdtr

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

groom's name: Andreas Nilsen groom's birth date: 1807 groom's birthplace: groom's age: 18 bride's name: Caroline Halvorsdr bride's birth date: 1801 bride's birthplace: bride's age: 24 marriage date: 26 Dec 1825 marriage place: Kinn,Sogn Og Fjordane,Norway groom's father's name: Nils groom's mother's name: bride's father's name: Halvor

https://familysearch...M9.1.1/NWZW-RM8

 

Det står LØEHOLM ved bruden's navn.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Ekteviede 1826, side 13.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverk...ny&idx_side=-15

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70510620450.jpg

 

Det var kanskje skrevet feil navn på Gunder Olai sin mor ved dåpen i 1827?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

ja, du Ann-Mary finn no svar på det meste. Kanskje kan dette stemme.

 

Det verste er at dette giftemålet har eg no vore borti før, men forkasta, på grunn av at det var jo Cathrine han skulle ha gifta seg med først.

 

Eg har vore inne på tanken om at Karoline Halvorsdtr og Cathrine Hansdtr kan vere same kvinne, men også forkasta det på grunn av at det i 1865 står oppført at Henrikke er datter av Andreas sin son, og ikkje "deres", men det kan jo vere ein skrivemåte.

 

Kan feilen vere at Gunder Olai ikkje var ektefødd, og at Andreas då har fått han saman med Cathrine, medan han var gift med Karoline?

 

Ved konfirmasjonen står framleis mor oppført som Cathrine Hansdtr, og eg dei ville vel ha oppdaga feilen då vil eg tru, dersom det var Karoline som var mora.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 7 (1841-1858), Konfirmerte 1844, side 12.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-15

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70112350644.jpg

 

Eg kan ikkje finne Karoline Halvorsdtr som døypt i Kinn kring 1801, så truleg er ho fødd i (eller rundt) Bergen, og flytta til Løholmen i Kinn.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan Caroline Halvorsdatter ha fått en sønn før hun ble gift?

konfirmant Hans Henrich m Hellevig 16

far ?? Johannes Iversen

mor Caroline Halvorsd.

http://digitalarkive...&merk=2530#ovre

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Konfirmerte 1834, side 60.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverk...y&idx_side=-266

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70510620426.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var jo eit interessant funn. I så fall må då Karoline Halvorsdtr ha kome til Kinn før 1818.

 

Så ser eg også at denne Hans (Christian) Hanssen Løholmen (Løholmen er ein holme under Hellevik), dukkar opp som fadder også her. Hans Christian Hansen var Bødker og blei gift i 1817 med ei Brite. (ikkje oppgitt etternamn, men ei Birthe Olsdtr Hellevik er oppgitt som fadder for Hans Henrich, det kan vere ho) Begge var då enke/-mann.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1817, side 298.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-304

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70510620093.jpg

 

Kan Bødkertittelen indikere at Hans kan ha kome frå Bergen?

 

Kan det vere ei kobling mellom Karoline Halvorsdtr og Cathrine Hansdtr?

 

Som sagt tidlegare, så manglar det opplysningar om Cathrine Hansdtr og Gunder Olai Andreasen i skifte etter Hans Hanssen. Dersom Cathrine var død på desse tider, og Gunder Olai var uektefødd, så kan vel kanskje det rime.

Det blir mykje spekulasjon dette, og eg veit ikkje om eg tør å spekulere i om Karoline Hansdtr som er nemnd i skifte, og gift i Bergen med Bødkermester Christen Nielsen, kan vere den same som Cathrine Hansdtr.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her dukkar det opp litt av kvart.

 

I 1803 døyr Jorni Olsdtr i Bergen. Enkemann er Hans Christian Hansen.

http://digitalarkive...merk=65858#ovre

 

Eg finn to barn av dei to: Karen Oline (Caroline?) f. 1793 og Berthe Elisabeth f. 1794

http://digitalarkive...merk=46276#ovre

http://digitalarkive...merk=47159#ovre

 

Foruten Caroline i skifte etter Hans Christian Hansen på Løholmen i 1838 , er det nemnd dattera Berte Elisabeth 45 år.

 

Då kan vi vel slå fast at vi har fått identifisert Hans Christian Hansen, men om det bringer oss noko vidare, det gjenstår vel å sjå.

 

Her er Hans Christian og Gurina i Bergen 1801, med dei to døtrene.

 

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=f1801&gardpostnr=38267&personpostnr=567587&merk=567587#ovre

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blei etter kvart mange lause trådar i denne saka, men det er vel berre å dra i dei trådane vi finn, og håpe at det heng noko spennande i den andre enden.

 

Birthe Løholmen døyr i 1833 (nr. 14) 70 år gamal, dvs f. kr. 1763.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Døde og begravede 1833, side 34.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11535&idx_id=11535&uid=ny&idx_side=-103

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620539.jpg

 

Dessverre manglar fortsatt farsnamnet hennar. Eg har sjekka alle Birte/brite eller liknande i høveleg alder i Svanøe sokn i 1801. Eg har funne tre: På Egevollen, Helgøya (Ellingsund) og Humlestølen, men alle dei tre er sjekka ut av saka. Enka Birthe som blei gift med Hans Christian Hansen på Løholmen, må difor truleg ha kome frå ein annan stad. Dessverre finnes det ikkje noko skifte etter ho, som kan seie om ho har vore mor til Karoline Halvorsdtr eller Cathrine Hansdtr.

 

Eg ser også at Karoline Halvorsdtr ved giftemålet i 1825 er oppført som husmannsdtr. Eg veit ikkje korleis dette rimer med at ho skulle vere fødd i Bergen, men far hennar kan sjølvsagt ha flytta til ein annan stad, og vore husmann der.

 

Sidan Karoline både i 1818 og i 1825 er oppført å vere på Løholmen, så har ho vel truleg då vore i teneste hos Hans Christian Hansen ei stund. Eg finn ho ikkje konfirmert i Kinn, så truleg har ho då kome til Kinn ganske kort tid etter konfirmasjonen (ca. 1816/1817)

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kan dessverre ikke hjelpe deg med denne Egil. Men jeg har i alle fall ikke vært i stand til å finne Karoline døpt i noen av de databasene som er tilgjengelige over døpte i Bergen og de nærmeste kommunene. At faren betegnes som husmann kan vel da like gjerne komme av at de ikke bodde i selve Bergen men kanskje i en av nabokommunene til Bergen. Og husmenn var der rundt 1800 i det området som i dag ligger innenfor Bergens grenser.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enkemann og Bødkermester Hans Christian Hanssen giftar seg i 1804 med Anne Gurine Meyer i Bergen (truleg ho som er 35 år i 1801).

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=16273&merk=16273#ovre

 

I 1809 får dei dattera Hanne Christiane i Bergen.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=35&filnamn=dp12011668&gardpostnr=52458&personpostnr=154459&merk=154459#ovrehttp://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=35&filnamn=dp12011668&gardpostnr=52458&personpostnr=154459&merk=154459#ovre

 

Eg vil tru at dette må vere den same enkemann og Bødkermeister Hans Christian Hansen som blir gift i Kinn i 1817, og som då må vere hans tredje ekteskap.

 

Utfordringa no, er at eg ikkje finn at Anne Gurine Meyer og Hanne Christiane Hansdtr etter 1809.

 

Dette er vel truleg dei to døtrene til Hans Christian Hansen i FT 1815 frå det første ekteskapet hans.

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=berg1815&gardpostnr=1163&merk=1163#ovre

 

Hans Christian ser ut til å vere reist frå Bergen før 1815.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 år senere...

Hei, er det noen som er kommet videre på denne Andreas Nilsen Stavanger og Catrine hansdatter. Det viser seg at min samboer nedstammer fra sønnen deres Gunder Olai Andreassen Nordbotn.

 

Her er det vi har: http://look.no/anita/slekt/webcards/ps01/ps01_184.html

...eller her: http://look.no/anita/slekt/webcards/wc01/wc01_134.html

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Anita S. Johannessen skrev:

Hei, er det noen som er kommet videre på denne Andreas Nilsen Stavanger og Catrine hansdatter. Det viser seg at min samboer nedstammer fra sønnen deres Gunder Olai Andreassen Nordbotn.

 

Her er det vi har: http://look.no/anita/slekt/webcards/ps01/ps01_184.html

...eller her: http://look.no/anita/slekt/webcards/wc01/wc01_134.html

 

Greit med lenke til original kilde. 

 

Dåpen hans. 

Nr 17

https://media.digitalarkivet.no/view/11534/59

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.