Gå til innhold
Arkivverket

Karen Bolette Johannesdotter Askedalen (gift Lem), fødd i Solum 1820 - opphav og lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Er det nokon som sit med bygdebøker eller eventuelt lokal kunnskap i Solum i Telemark?

 

Eg slit med denne jenta:

 

Karen Bolette, fødd i Solum 28.9.1820 av foreldri Johannes Olson og kona Martha Jensdotter Ruttvedeiget (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1411&idx_id=1411&uid=ny&idx_side=-65).

 

Ho gifte seg i Borre 14.7.1847 med artillerisersjant Søren Arnoldus Hansson Lem, og då heiter far hennar Johannes Olson Askedalen (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1233&idx_id=1233&uid=ny&idx_side=-107).

 

Kan det tenkjast at Askedalen er namnet på ein husmannsplass under Ruttved i Solum? Eller kvar kjem namnet ifrå?

 

Ved vigsli til Johannes Olson og Martha Jensdotter i Solum 19.10.1816 heiter mannen Ruttved, medan Martha heiter Bjørndalen!

 

Eg er på leiting etter følgjande opplysningar:

 

* Kva kan eg skriva som oppvekststad for Karen Bolette Johannesdotter, d.v.s. bustaden til foreldri?

 

* Kvar hadde faren Johannes Olson opphavet sitt ifrå?

 

* Kvar hadde mori Martha Jensdotter opphavet sitt ifrå?

 

Ifølgje ei ættebok for Lem-ætti døydde mannen Søren Arnoldus Lem i 1857, men dette dødsfallet finn eg ikkje korkje i Borre eller i Horten. Heller ikkje finn eg noko meir om lagnaden til Karen Bolette. Kanskje det er augene mine som sviktar? Yngste sonen Otto Waldemar Lem, fødd 1854, var 1865 pleiebarn i Christiania! Døtrene Hanna Lem, fødd 1852, og Sofie Lem, fødd 1850, var "sett bort" på Furuset i Aker, båe med betaling frå Christiania fattigkasse!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da fikk jeg anledning til å samle en familie og registrere et nytt plassnavn i Solum. Her er lenke til Karen Bolette Johannesdatter. Hennes farmor Ingeborg Johannesdatter døde i 1806, og jeg fant skifte etter henne holdt på plassen Askedalen under Rugtvet den 20. desember 1806. Det er vanskelig å tyde skifter fra denne perioden på grunn av at protokollene er nedfotografert fra noen digre flak, og derfor har jeg foreløpig (for å spare øynene mine) gitt opp en systematisk gjennomgang etter 1795.

 

Mora til Karen Bolette, Marthe Jensdatter, bor på Askedalen i 1865 som enke.

 

Det er uvisst hvor Ole Bendiksen og Ingeborg Johannesdatter kommer fra. Ingen av barna er født i Solum, og de kommer antagelig fra lenger opp i Telemark. I 1801 er også ført ei 32 år gammel Mari Bendixdatter på Rugtvet, og da Ole gifter seg opp igjen 27.12.1806 er det ført «Wetle Bendixsen Klyveejet og Tore Bendixsen Rutvedejet» som forlovere. Mari, Vetle og Tore er trolig søsken til Ole.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ingelin og Leif for spennande og nyttige innlegg! Eg er særleg imponert over Leif sin lokale kunnskap. Eg reknar med du samlar slike opplysningar om heile Solums-bygdi?

 

Med dette har eg fått tak i det eg treng om opphavet til denne huslyden, men lagnaden deira er framleis like open! Det er merkeleg at me ikkje finn dødsfallet hans Søren Lem korkje i Horten eller i Borre, Og borni ser ut til å ha hamna på "kassa" i Christiania! Kanskje foreldri flytte dit og er avlidne der?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Ingelin og Leif for spennande og nyttige innlegg! Eg er særleg imponert over Leif sin lokale kunnskap. Eg reknar med du samlar slike opplysningar om heile Solums-bygdi?

 

Via kirkebøker, skifter, manntall og folketellinger etc. har jeg samlet og systematisert opplysninger om befolkningen i Solum fra rundt år 1600 og foreløpig fram til 1833. Dette har gjort meg i stand til å identifisere rundt 95 prosent av barna som er døpt i Solum i perioden 1701-1833 og plassere dem inn i deres respektive familier. Ellers har jeg rimelig god oversikt over Holla, Bamble og Porsgrunn i det samme tidsrommet.

 

Jeg har også en viss oversikt over Gjerpen og Eidanger, men der er det andre (Gard Strøm med «Gamle Gjerpen» og Jørn Olsen med «Eidangerslekt») som har bedre tak på kildene. Det vi mangler nå i Grenland er en ordentlig avskrift av kirkebøkene for Skien før 1814.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Hjarteleg takk til Leif for siste forklarande og innlegg!

 

Eg går snart i tryken med den delen av anuskriptet som omhandlar denne huslyden, og framleis er det eit MYSTERIUM:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Søren Arnoldus Lem? Ifølgje opplysningar eg har motteke, skal han vera avliden i 1857, men i so fall er ikkje dødsfallet innført korkje i Horten eller i Borre!

 

* Dato og stad for dødsfallet til Karen Bolette, enkja etter Søren Arnoldus Lem? Kan ho vera flytt til Christiania og avlidi der?

 

Eg lever i voni om at lagnadene til dette paret vil komma for ein dag!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er i morgontimene kome på tanken om at tittelen på dette problemet kanskje ikkje er heilt dekkande for spørsmåli, so eg trur eg vil freista leggja ut problemet ut på ny med fokusering på Søren Arnoldus Lem? I det minste er det verdt eit forsøk...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Samme opplysninger som er lagt inn under Lars sin etterlysning etter hennes mann Søren Arnoldus Lem:

 

 

Dette må være enken Karen Bolette Lem, død 1. juli 1858, Kristiania:

 

Kjeldeinformasjon: Oslo fylke, Garnisonsmenigheten, Ministerialbok nr. 9 (1842-1859), Døde og gravlagde 1858, side 66.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=612&idx_id=612&uid=ny&idx_side=-69

Permanent biletlenke: http://www.arkivverk...60227060069.jpg

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi for godt og kyndig forskingsarbeid! Med denne opplysningi er problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.