Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ole Jensson Byre, fødd i Sør-From 1821 - huslyden hans og utvandring i 1850-åri?


Recommended Posts

Eg har vanskar med å finna nøyaktig opphav for denne huslyden, og den lokale kunnskapen min er helst avgrensa når det gjeld Sør-Fron. Kan nokon hjelpa meg?

 

I manuskriptet mitt skriv eg mellom annan følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

Ole Jensson frå Byre i Sør-Fron, i Amerika kjend som Ole Johnson, var son av husmann Jens Monsson på Bottenstuen (Byrstuen) under Byre, opphavleg frå Berget under Ødegard, og kona Mari Olsdotter frå Braget og f. i Fron 12.10.1821. Han gifte seg første gongen i Sør-Fron 21.6.1849 med Siri Olsdotter frå Brænden i Sør-Fron. Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (yrkestittel? - husmann?)

 

Ole Olson på Brænden, opphavleg frå Lien under

 

¤¤¤¤¤ (kva gard? – Olstoppen(?))

 

og kona Kari Johannesdotter frå Brænden og f. i Sør-Fron 29.1.1829. Ole livnærte seg ei tid som verksarbeidar, og han og Siri budde på Byrstuen under Byre i Sør-Fron, men utvandra til Amerika i

 

¤¤¤¤¤ (kva år utvandra dei? - 1853 eller 1855/1856?)

 

Siri døydde

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar? - døydde før 1859 - kan henda døydde ho i Sør-Fron?)

 

Ei dotter var fødd i Sør-Fron (som eg kjenner til):

a. Kari, kjend som Carrie Johnson, fødd i Sør-Fron 7.12.1850, utvandra til Amerika med foreldri sine (eller far sin?) i

 

¤¤¤¤¤ (utvandringsåret? - sjå over!)

 

~~~~~~~~~~

 

Kring 1859 gifte Ole Johnson seg att i Amerika med Gjertrud Andersdotter Kjos frå Hafslo i Sogn, i Amerika kjend som Jane Anderson.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lars,

Byre tilhøyrer ikkje Sør-Fron, men Nord-Fron, og ligg/låg omlag der den nordre delen av Vinstra sentrum er i dag. Byrstuen og Braget ligg og i Nord-Fron.

 

Trond

Hei

38 Fron

 

Ved en kgl. res. 10.8. 1850, med virkning fra samme dag, ble Fron prestegjeld delt i Sør- og Nord-Fron prestegjeld. Embetshandlinger etter den tiden må derfor søkes i de to sokneprestembetene. Ved reskript 6.12.1737 ble "Breden-Bygden" delt mellom Vågå og Fron prestegjeld slik at gnr. 177-189 i Nord-Fron ble tillagt Fron prestegjeld, mens gnr. 198-204 og 208 i Sel ble lagt til Vågå prestegjeld.

Ved prestegardsbrann i 1806 gikk store deler av embetsarkivet tapt.

 

Hvis du går inn på kirkebok for Fron/Kvikne 1816-1850 finner du på

side 206 nr 3

Gift 21.06.49 Ole Jensen, Byrstuen 28 år og Sigrid ( ikke Siri) Olsdatter Brenden 20 år

side 33 nr 29

Født 29.01.29 Sigrid Olsdatter , døpt 01 03.29

Far: Ole Olsen, Mor: Kari Johnsdatter, Lien under Olstappen

Fron/Sødorp 1815-1850

side 14 nr 19

Født: 12.10.1821 Ole Jensen

Far: Jens Monsen, Mor: Hustru Mari Olsdatter, Botten u. Byhre

 

Byrstuen var et bruk i Øvre Vinstra

Olstappen er et vann i Skåbu, muligens også et bruk

Braget var et bruk under Tokse Ligger i dag ved RV 6 i Vinstra sentrum

Byhre lå på østsiden av elva og ble revet da den nye brua ble bygget.

 

 

 

/Sigmund W

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.