Harald L. Bakke Skrevet Desember 27, 2012 Del Skrevet Desember 27, 2012 Dette er inga etterlysning, men eg syns det var litt spesielt med ein SÅ ung brudgom. I arbeid med slekta mi på Breim i Gloppen fant eg ut at Brynnild Pederson Moldestad gifte seg bare 16 1/4 år gamal Han var fødd 6. desember 1826 og gifte seg 8.april 1843 med Catharina Rasmusdtr. Felde. Brynnild var då kun 16 1/4 år gamal. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 8 (1837-1855), Ekteviede 1843, side 216. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8389&idx_id=8389&uid=ny&idx_side=-200 Catharina døydde alt 6. februar 1844 og Brynnild vart såleis enkemann vel 17 år gamal. I 1849 gifte han seg 2. gong med Catharina si syster Anne Rasmusdtr. Felde. Brynnild vart ingen gamal mann for i 1865 drukna han 38 år gamal ifølge bygdeboka i Vanylvsfjorden på Sunnmøre og kom truleg bort ettersom eg ikkje finn han gravfest korkje i Gloppen eller i Vanylven. Kona Anne flytte seinare til Vesterålen der to av døtrene deira var gifte, ei i Bø og ei i Sortland. Anne døydde der. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå