Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Martha Aamundsdotter (Nøststøen), fødd i Hafslo 1777 - konfirmert 1794 - flytte ho til Solund eller Bergen?


Recommended Posts

Martha Aamundsdotter, døypt i Hafslo 16.2.1777 som dotter av husmann Aamund Andersson (1743-1809) og kona Mari Hermundsdotter (1746-1812) på plassen Nauststodi under garden Beim, vart konfirmert i Hafslo i 1794, men vart so borte frå bygdi. Kvar vart det av ho?

 

Martha hadde to søsken som voks opp:

 

* Anna Aamundsdotter (1779-1820), var gift med Ole Arneson Beim og budde i Hafslo.

 

* Hermund Aamundson (1770-1844), flytte i ung alder til SOLUND der han gifte seg i 1794 med Elisabeth Hermundsdotter Polden. Dei vart plassfolk under Straume i Solund og fekk fire born i lag.

 

Kanskje Martha flytte etter bror sin til Solund? Eller hamna ho ein annan stad? Kan henda i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Ved Folketeljinga i 1801 for Hafslo er det ei Martha Aamundsdtr på 25 år som er tenestejenta på garden 'Mellem' i Feet sokn i Hafslo prestegjeld; men ho er vel helst ei yngre søster av husbonden der, Johannes Aamundsen.

 

Http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=18&filnamn=f1801&gardpostnr=41090&personpostnr=594548&merk=594548#ovre

 

Men, det kan no hende at det er ho som me finn att her?, som 'Logerende Skrædder' på Bergum i Øyer i Oppland:

 

Http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=22&filnamn=f1801&gardpostnr=13284&personpostnr=197899&merk=197899#ovre

 

Det var jo ein viss trafikk over Sognefjellet til Gudbrandsdalen, men eg anar sjølvsagt ikkje om denne Martha vart skreddar.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.