Gå til innhold
Arkivverket

Lensmannsmeldingar over døde frå Ulstein før 1833?


Ivar S. Ertesvåg
 Del

Recommended Posts

Kyrkjebøkene i Ulstein brann i 1832, og eg er på leiting etter alternative kjelder.

 

Også i Buksnes (Nordland) brann kyrkjebøkene. Det var i 1899. Etter det har soknepresten laga ein

rekonstruksjon, arkivert som Buksnes Mini 881A03 1817-1840 (A-en tyder vel at det skal vere ei original kyrkjebok?)

 

Liste over døde er "udarbeidet efter sognepresternes og lensmændenes opgaver

til sorenskriverne, hvilke dokumenter beror i stiftsarkivet i Trondhjem og derfra er udlaante. "

http://www.arkivverk...ny&idx_side=-35

 

Likeins har han sett opp liste over vigde 1821, 1824-36, 1838-40

"efter dokumenter beroende i Trondhjems Stiftsarkiv – sognepresternes indberetninger til sorenskriveren"

http://www.arkivverk...ny&idx_side=-35

 

........

 

Spørsmålet vert:

1) kunne de sett etter kor tidleg lensmannen i Ulstein har sendt inn lister over døde?

--evt. om soknepresten (også) har gjort det?

 

Kyrkjeboka er ikkje fullstendig etter 1833 heller. Eg fann nyleg skifta etter fire brukarar på Hatløya som kom bort

i same båt i mars 1838. Dei (og evt. andre i båten) står ikkje i kyrkjeboka, men lensmannen burde hatt dei med.

 

2) Vartdalsstranda høyrde til Hareid sokn, men til Ørsta skipreide fram til 1822.

- kunne de sett etter om lensmannen i Ørsta har sendt inn lister over døde før 1822?

 

3) soknepresten i Buksnes sende tydelegvis inn lister over vigde. Var dette ein vanleg praksis, og

kan det tenkjast soknepresten i Ulstein også sende inn slike lister?

 

For ordens skuld: Eg kjenner til det som ligg i sokneprest-arkivet, m.a. lister sende til innrulleringa for nokre av åra 1810-31,

http://folk.ntnu.no/...ull_Ulstein.htm

Men dette gjeld berre gutar/menn, og ingen vigslar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei

Lensmannsarkiva før 1860 er ikke mye å skryte av, heller ikke i Ulstein, så her er intet å finne. De eldste dødsfallsmeldingene som er bevart hos Sorenskriveren for Søre Sunnmøre er fra 1835.

 

I den eldste pakken med dødsfallsmeldinger for Nordre Sunnmøre (omhandler ikke Ulstein) som er fra 1799 - 1819, finnes noen få lister over viede også. Men jeg har ikke sett noe tilsvarende i Søre-Sunnmøre.

 

Mvh

 

Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.