Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp til å finna familie frå Skivenes i Hyllestad - 1900-talet?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Olga Gurine Olaisdotter Skivenes var fødd på Skivenes i Hyllestad 16.6.1901 - her er huslyden hennar i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036712001090

 

Olga gifte seg i Bergen 8.11.1930 med Kristian Martinson Moe frå Hafslo, fødd i Hafslo 29.9.1900.

 

Dei vart skilde etter kort tid, og Kristian flytte til Hatleli i Fresvik der han døydde 12.11.1995.

 

Olga Skivenes døydde på Salbu i Hyllestad 12.8.1958.

 

Eg kjenner til to born i denne huslyden:

 

* Dagny Hansdotter Skivenes, dotter av Olga og Hans Olson Skivenes, var fødd i Hyllestad 9.12.1919.

 

* Olav Kristianson Moe(?), son av Olga og Kristan, var fødd ??? - skal ha butt i Oslo.

 

So til spørsmåli mine:

 

** Har bygdeboki for Hyllestad noko å fortelja om Olga, mann hennar og borni hennar?

 

** Finst det nokon med lokal kunnskap som elles kjenner denne huslyden og kan fortelja meg meir om dei - kan henda leia meg til nolevande etterkomarar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane - lars.e.oyane@sdsl.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dagny var født 4 des 1919,ikke 9 des 1919,som det blir opplyst i innlegget ditt.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Øn i Hyllestad, Klokkerbok nr. C 4 (1914-1927), Fødte og døpte 1920, side 14.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3719&idx_id=3719&uid=ny&idx_side=-13

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060509020120.jpg

 

 

Konfirmasjonen til Dagny.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Øn i Hyllestad, Klokkerbok nr. C 5 (1928-1942), Konfirmerte 1934, side 82.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2969&idx_id=2969&uid=ny&idx_side=-47

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050705040830.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Svehn og Torbjørn for interessante innlegg.

 

Gjennom arkivforum har eg i dag fått greie på at Olga Gurine let etter seg to born:

 

* Dagny Skivenes, 1958 i Oslo

* Olav Moe, 1958 i Oslo

 

Men so var det å spora desse opp, då...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

BINGO! Gjennom dødsfallslistene for heile landet 1995-2001 oppdaga eg ein Olav Johan Moe som såg spennande ut og som eg la inn som eige tema. Dette synte seg vera svært so bra. Eg har no i kveld hatt kontakt med den huslyden, og det er dei eg leiter etter! Problemet er soleis på det næraste løyst, og eg treng ikkje lenger hjelp til å finna fleire nolevande ættlingar!

 

Takk igjen for opplysningane som er komne inn her!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.