Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Hans Greger Johan(nes)sen - Flakstad 1853 - Trondheim 1910 og so?


Recommended Posts

Med utgangspunkt i tema frå gamalt brukarforum #75722 (http://forum.arkivverket.no/topic/161066-75722-johannes-simonson-kjos-hafslo-1809-1880-til-kyllingdal-i-buksnes-huslyden/page__p__1372988__hl__+greger%20+%F8yane#entry1372988) ønskjer eg i kveld å komma attende til problemstillingi kring lagnaden til denne karen:

 

Hans Greger Johannessen - fødd i Flakstad 18.8.1853, gift i Bodø 20.4.1886 med Pauline Margrethe Stinusdotter, f. på Torsøy, Hitra 10.5.1860. Me kjenner til tre born etter dei:

* Sigurd Johansen, fødd i Bodø 11.8.1886

* Stine Johansen, fødd i Bodø 27.5.1888

* Herman Birger Parelius Johansen, fødd i Bodø 12.5.1891

 

Hans var i mange år fiskar, og dei budde i Bodø til etter 1900, men i 1910 finn eg Hans Johansen att som snikkarsvein i Trondheim: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036806058644

 

So er spørsmålet:

 

Let det seg gjera finna DØDSDATOAR (og DØDSSTADER) for Hans og Pauline?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Dødsfall i Trondheim 1908-1930 (med lakuner)

Snekker Hans Greger Johansen Strandveien 23 m Gift 58 0202 1912 0302 1912 Intet å skifte Hustru Pauline, 2 barn

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=4&filnamn=sk16011908&gardpostnr=2575&merk=2575#ovre

Hermann Birger Johansen 2610 1959 52 A 07 Lademoen

Trondheim

http://www.disnorge.....php?id=1032423

 

 

Ragnhild Johansen 1910 1951 52 A 07 Lademoen Trondheim

 

http://www.disnorge.....php?id=1032422

 

 

Sigurd Julius Johansen 1410 1921 52 A 07 Lademoen Trondheim

http://www.disnorge.....php?id=1032421

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for kjemperaske og nyttige svar!

 

Basen over dødsmeldingar frå Trondheim er ny for meg. Den kan sikkert vera nyttig for å løysa mange andre lokale problem.

 

Elles er eg forundra over avviket i dødsdato og gravferd for Hans Johansen - 1912-1921, men eg reknar med datoen i 1921 er ein slag "oppsamlingsdato" for alle gravferder registrerte FØR 1921.

 

Når det gjeld dødsdatoen til Pauline, får me freista eit spørsmål til Statsarkivet i Trondheim...

 

Problemet er nesten heilt løyst og eg takkar på ny for kjempefin hjelp!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Pauline Margrethe Johansen ble gravlagt på Lademoen kirkegård i 1942, slik som det kommer fram av innlegget til Ann Mary.

 

Kan det være Pauline med mellomnavnet Fredrikke (?, kanskje feilført), Johansen, som er enke og torvkone, i 1925 i Trondhjem.

Hun har samme fødselsdata som Pauline Margrethe.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=ft16011925&gardpostnr=7947&personpostnr=34459&merk=34459#ovre

 

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

 

 

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.