Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kari Endresdotter (Moe), fødd Hafslo 1869 - utvandra Minnesota 1870 - døydde før 1905 - kvar vart det av ho?


Recommended Posts

Eit problem som eg har stått fast på i årevis, følgjer her:

 

Kari Endresdotter (Moe), fødd i Hafslo 22.7.1869, var dotter av Endre Arneson og Anna Christophersdotter, plassfolk under garden Mo i Hafslo, Sogn. Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1870. Faren døydde kort etter, men mori gifte seg att med Lars Arneson (Hillestad), og dei budde i Cherry Grove township, Goodhue Co., MN

 

Mori Anna Hillestad døydde i Goodhue Co., MN 11.10.1905.

 

Dotteri Kari "Carrie Endrison" var i 1885 busett hjå mori og stefaren i Cherry Grove township, Goodhue Co., MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=mnsc_26-0406&fn=Anna&ln=Arneson&st=r&ssrc=&pid=4741209)

 

Ho er IKKJE med mori og stefaren i 1895 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=MNV290_60-0173&fn=Anna&ln=Arneson&st=r&ssrc=&pid=731093)

 

og heller ikkje i 1905 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=mnsc_119-0094&fn=Anna+C&ln=Hilestad&st=r&ssrc=&pid=2824921)

 

Men ein dødsnotis etter Anna frå 1905 seier at "one daughter died a few years ago", og denne dotteri MÅ ha vore Kari.

 

So er spørsmålet: Kari var truleg gift og hadde eigen huslyd, men kvar i all verdi kan ho ha gøymt seg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.