Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Amanda Marie Olsen eller Moe - fødd Bergen 1896 - kvar vart det av ho?


Recommended Posts

Amanda Marie, fødd i Bergen 22.3.1896, var yngste dotter av Peder Olsen (Moe) frå Hafslo og kona Kristina Knutsdotter (Hæreid) frå Årdal.

 

Amanda levde i 1900: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=076&bnr=0023a&lnr=02

 

men er ikkje nemnd i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708068037

 

og heller ikkje i 1912:

 

Kristine Moe 1855 1604 Aardal Sogn Syerske u Øvregaten 8 2.etage

Karl Moe 1886 1408 Bergen Sporvognsfunktioner u Øvregaten 8 2.etage

Margit Moe 1893 2708 Bergen u Øvregaten 8 2.etage

Alfred Moe 1900 2401 Bergen u Øvregaten 8 2.etage

 

Heller ikkje finn eg Amanda avlidi mellom 1900 og 1910 i Bergen! Me veit ho døydde i ung alder, for ingen av barneborni til søskeni hennar har nokon gong høyrt gjete ei slik tante, og ho er heller ikkje nemnd i dødsmeldingi då mori Kruistina døydde i Bergen in 1947.

 

Peder og Kristina skilde lag kring 1905, og Peder (fødd i Hafslo 18.2.1848) flytte sidan til Klokkarvik i Sund der han døydde i 1933. Eg har ikkje funne Peder i FT1910!

 

Men problemet gjeld i første omgong Amanda Marie. Kvar kan ho ha vorti av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 2 måneder senere...

Amanda Marie Olsen, datter av sjømann Peder Olsen Moe, døde 17.01.1905 og ble gravlagt fra Mariakirken i Bergen:

 

Bergen fylke, Maria, Ministerialbok nr. A 8 (1893-1942), Døde og begravede 1905, side 163, nr. 3:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=316&idx_id=316&idx_listetype=bg&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-40

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050513020162.jpg

 

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 8 , 1904-1910, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27890/33/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090615350275.jpg

Hjarteleg takk til Grethe for kjempeflott og ovarraskande innlegg! Eg hadde mest gjeve opp å finna denne dødsdatoen, so meldingi di kom svært godt og akkurat tidsnok.

 

Problemet er soleis løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.