Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Anders Olson Beim (Krabbehaugen), fødd 1783 - kusk i høren frå 1807 - lagnaden hans?


Recommended Posts

Eg er vel kanskje vel optimistisk om eg trur det er mogeleg å spora opp lagnaden til denne karen, men "den som intet vover,....":

 

Anders Olson Beim eller Krabbehaugen, eldste son av husmann Ole Jørgenson i Krabbehaugen under Beim i Hafslo og første kona hans Kari Andersdotter (Øvrebø), vart døypt i Hafslo 20.7.1783.

 

Einaste gongen denne karen er nemnd i vaksen alder, er i ei soldatrulle frå 1807 der det heiter at han er "tjenlig som kusk".

 

Han forsvinn frå Hafslo etter dette, og rg trur han kanskje er hamna som kusk, kan henda i "garnisonen" i Bergen, eller kan henda austafjells?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode råd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

  • 1 år senere...

I fjor vår etterlyste eg denne unge mannen frå Hafslo, som i 1807 vart sagt vera tenleg som KUSK i hæren.  Eg fekk diverre aldri noko svar, so eg henter i dag emnet fram på ny.  Det er lov å vona...  Kanskje har einkvan sett eller høyrt noko...?

 

Og samstundes vil eg gjerne få presentera ein annan ung mann frå Hafslo med liknande føresetnader:

 

Hans Olson Solvorn, døypt i Hafslo 5.10.1783 som einaste barnet av strandsitjar Ole Einerson (1748-1814) og Malena Hansdotter (1741-1811).  Hans vart konfirmert i 1802, og i 1807 heiter det ogso om han at han var "tjenlig som kusk".

 

Ogso Hans Olson forsvinn frå Hafslo på denne tidi, og lagnaden hans er eit stort mysterium.

 

Alle gode tips om kvar desse unge kuske-emni kan ha teke vegen frå Hafslo vil vera av stor interesse og verdi!  Hjarteleg takk!!

I fjor vår etterlyste eg denne unge mannen frå Hafslo, som i 1807 vart sagt vera tenleg som KUSK i hæren.  Eg fekk diverre aldri noko svar, so eg henter i dag emnet fram på ny.  Det er lov å vona...  Kanskje har einkvan sett eller høyrt noko...?

 

Og samstundes vil eg gjerne få presentera ein annan ung mann frå Hafslo med liknande føresetnader:

 

Hans Olson Solvorn, døypt i Hafslo 5.10.1783 som einaste barnet av strandsitjar Ole Einerson (1748-1814) og Malena Hansdotter (1741-1811).  Hans vart konfirmert i 1802, og i 1807 heiter det ogso om han at han var "tjenlig som kusk".

 

Ogso Hans Olson forsvinn frå Hafslo på denne tidi, og lagnaden hans er eit stort mysterium.

 

Alle gode tips om kvar desse unge kuske-emni kan ha teke vegen frå Hafslo vil vera av stor interesse og verdi!  Hjarteleg takk!!

 

Fra hvilken soldatrulle har du opplysningene om Hans Olsen fra?

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Eg er diverre ikkje i stand til i kveld å seia kva for ei rulle desse opplysningane kjem frå, men det er ganske sikkert ei lokal rulle med "ungt mannskap" frå Hafslo.  Kopiane ligg på Geilo, over 2000 km herifrå...

 

Eg vonar ein eller annan før eller sidan kan gripa tak i dei ulike militærrullene frå perioden 1807-1814 for at me kan få eit meir fullstendigt oversyn over soldatane som den gongen tente landet.  So mange soldatar kom "på avvege", og berre ein systematisk analyse kan gje oss dei svari me alle ønskjer!

 

So, ein eller annan stad der ute finst nok ogso desse kuskane frå Hafslo; det er "berre" å finna den rette staden å leita på...

Det er kanskje ikke til noe hjelp i denne saken, men på riksarkivet er det lister over mange som døde i krigen i årene 1808 og 1809 (og det var endel). Listene er i denne pakken: http://www.arkivportalen.no/arkivportalen-web/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-a1450-01000002288919

 

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Grethe og Erlend for siste innleggi i denne saki; særleg set eg pris på at Erlend har presentert eit for meg lite kjent materiale!

 

Diverre er denne saki vorte liggjande, men eg sit langt unna og har naturleg nok ikkje høve til sjølv å studera desse dokumenti!  Desse listene over falne i svenskekrigen er svært spennande, ikkje berre for krigshistorikarar, men ikkje minst for oss lokale bygdebokskrivarar, som so gjerne vil fortelja om folki frå heimbygdene våre som berre "forsvinn" på denne tidi.

 

Hadde det vore ein tanke å freista databaseregistrera listene over falne soldatar?  Eller burde ein utvida basane til å omfatta ALLE som gjorde hærteneste på den tidi, ikkje berre i krigen, men ogso lokalt i dei ulike regimenti?  Kanskje ei utfordring for den nye Riksarkivaren?

 

 

Jeg har fotografert noen av disse listene for brigaden Holst, men det er mange flere lister for de andre brigadene også.

Det er nevnt to fra Bergenhuus gren. Bat. Lysterke comp. i disse listene av det jeg kan se;

Hans Drevdal 22år død 11 desember 1808 i Fredrikshald

Iver Otthun? 22år død 17 november 1808 i Fredrikstad

Endret av Erlend E. Mæhlum

Hjarteleg takk til Erlend for eit særleg interessant innlegg!  Desse to soldatane er heilt klart frå Luster, men dei har namn frå gardar der dei ikkje naturleg høyrde heime, og eg er difor ikkje i stand til å identifisera dei utan fleire opplysningar.  Men sikkert er det; desse dødsdatoane er IKKJE medkomne i manuskriptet mitt!

 

So, eg tek gjerne imot fleire slike...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.