Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gloppen 1690: Kva er gardsnamnet her?


Recommended Posts

Det fyrste dåpsbarnet i august her heiter Reiel og faren heiter Anders, det er det ikkje tvil om.

 

Men kva er gardsnamnet? Eg tenkte fyrst på Holme, fordi namna passar godt der, men det er ikkje rette bokstavane.

 

Eg har også vore innom Hollen - det er ikkje nokon gard i Gloppen, men han finst i nabokommunen Eid - men er ikkje heilt fornøgd med det heller. Det står både Hans, Harald og Helge på same sida, men startbokstaven er ikkje heilt som denne. Gode framlegg?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/183353-gloppen-1690-kva-er-gardsnamnet-her/
Del på andre sider

Takk for gode idear - det eg HELST vil lese er som sagt Holme, eller endå heller Solheim, på grunn av Reiel-namnet som for ein stor del er knytt til desse gardane, men eg får det ikkje heilt til å gå opp med skrifta..

Solem var eg og inne på, men det står på nokre linjer over nokså tydeleg (20. Juli Borger Solemb).

Eg har sett Holme vore skrive både som Holmø og Holmøe i kyrkjebøkene for Gloppen (til forveksling med garden Holmøy i Hornindal) så det er ikkje utenkeleg at det er Holme det skal være - står der Hollemø, kansje?

Jeg tror den siste bokstaven skal være -s - (se hvordan han avslutter navnet Anders foran), og dessuten følger B for Barn og deretter navnet.

 

Jeg er enig i at det likner ordet etter Borger, altså Solems. Er bokstaven foran genetiv-s en - m, kan de være Solems, selv om jeg trodde ordet startet på H. Hvis bokstaven er -n, likner det Hollens.

Takk for endå eit forslag - denne garden er kalla Aarshollen i 1701, og har ingen spor etter nokon Anders.

 

Men så det også er sagt: Der finst ingen Reiel (i ulike skrivemåtar) som er 5-15 år i 1701-manntalet for Nordre Bergenhus heller, så guten har vel døydd tidleg - men hadde vore kjekt å vite kven faren var uansett.

Eg hengjer på eit nytt spørsmål utan å endre overskrift - her er vi komne til 1731, og gjeld 72 år gamle Kristi Andersdtr i april. Kva er gardsnamnet?

 

 

Hektar også på denne frå 1730 - står det Sara Beatis uekte barn i februar? Og kven er i så fall Sara Beate?

Godt framlegg. Liknar på f'en i Frøystad på neste side - og Fonn er ikkje lange vegen unda Gloppen. Men eg har ikkje sett det bøygt før - mest i form av Fond, men så har eg heller ikkje studert så mykje på jølstra-kjeldene.

Eit lite haleheng her: Eg oppdagar at eg har notert skifte etter ei Marte Andersdtr Hollen i 1750 - etter alder ved død skal ho vere fødd ca 1707. Ho var gift med Simon Olsson Sigdestad, og det kan tyde på at ho sjølv har bakgrunn frå Hola i Stårheims-soknet; kanskje er det dit vi skal med Reiel likevel då.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.