Gå til innhold
Nasjonalarkivet

skoskatten 1711 for Fron


Recommended Posts

Er ekstraskatten for oppland lagt ut på nett? Søker den for Fron, men finner den ikke

 

Fogderegnskapenes eske nr. 1180, Gudbrandsdalen fogderi 1711, som blant annet inneholder skoskatten for Fron, vil bli publisert i Digitalarkivet (skanna utgave) i løpet av 2013.

Vel, eg arbeidde med desse kassabøkene for mange år sidan. Dei er i protokollform med ei side for kvar skatteeining (matrikkelgard) for kvart år. Øvst på sida står gardsnamnet, namnet på eigar og brukar (ev. to brukarar viss eininga hadde vore delt nyleg) og matrikkelskylda.

 

Så er det sett opp ei kolonne med debet, dvs. kva skattar og jordebokavgifter eininga (brukaren) skulle betale, og ei kolonne med kredit, dvs. kva brukaren hadde betalt inn det aktuelle året. Ofte er det òg ført innbetaling av rest frå året før, ev. at innbetalinga ikkje dekte kravet, og ein rest skulle førast over til neste skatteår.

 

Neste år vart så ev. "restskatten" ført inn på debetsida i oppsettet. Teoretisk skulle ein kunne sjå korleis "skatteevna" til garden utvikla seg gjennom 1700- og 1800-talet gjennom desse protokollane, men som ein ser av Arkivportalen manglar mange årgangar. Viss eg hugsar rett vart dei kasserte av Arkivverket, men bøker frå ca. kvart tiande år vart teke vare på som økonomiske kjelder.

 

Så noka erstatning for skoskatten er dei nok ikkje.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.