Gå til innhold
Arkivverket

Bygdebokarbeid (busetnaden) framover – seminar og innspel om bruk av sosiale medium


Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

I samband med fullføringa av Busetnadssoga for Volda organiserer eg ein sesjon på Norske historiedagar i mai i Sogndal. Som tittel har eg førebels sett «Busetnadssogearbeid frå arkivlesesal og skrivemaskin til Dropbox og Facebook» (litt tabloid:)

 

Det eg prøver å legge vekt på i sesjonen i Sogndal er erfaringar som kan vere til hjelp for slike prosjekt i startfasen eller ein tidleg fase. Eit moment eg sjølv ikkje har utnytta i nemnande grad er bruken av sosiale medium til å hente inn informasjon om utflytta personar frå det området prosjektet tek for seg. Denne flyttinga frå dei siste tre-fjerdedelane av 1900-talet er eit spesielt problem for mange slike prosjekt, noko eg skreiv om i Lokalhistorisk magasin nr 2 / 2008 (s. 32-34).

 

Dette problemet er sjølvsagt størst for bokprosjekt som fører bustad- og personinformasjonen opp til utgjevartidspunktet, der alle offentlege persondata i prinsippet er utilgjengeleg og må skaffast inn ved innsamling av skjema o.l.

 

I sluttfasen av arbeidet med Volda fekk eg spørsmål om kvifor vi ikkje hadde brukt Facebook i innsamlingsarbeidet. Hadde vi etablert ei gruppe der, ville vi sikkert fått 500 vener med ein gong, meinte ein av dei yngre grendekontaktane våre. Det hadde korkje eg eller han som hadde ansvaret for personinformasjonen i bøkene tenkt på, men eg såg med ein gong at det kunne nok ha vore ein god idé.

 

Utfordringa, som er felles for gamle tettstader og fjernare utkantstrøk, er jo at mange bustader enten er permanent fråflytt eller har skifta eigar / bebuarar mange gonger, og at noverande eigar / bebuarar ikkje kan gje informasjon om alle (eller nokon) som har budd i huset tidlegare.

 

Å bruke sosiale medium, t.d. Facebook, for å spørje om nokon veit kven som budde i Storgata nr x før familie A flytta inn i 1956, eller kven som var dei siste som budde fast i gardsnr 123/4 Berget i y kommune, ville kanskje kunne gje informasjon ein elles ikkje klarer å skaffe.

 

Hensikta med dette innspelet er dermed først og fremst å få kontakt med ein eller annan som arbeider med slike bygdebøker (eller har gjort det nyleg) og som har praktisk erfaring med slik bruk av sosiale medium i slikt innsamlingsarbeid. Om vedkomande har høve til å fortelje om desse i Sogndal i mai er det flott, men elles er eg nøgd med å få referert erfaringane, gjerne i forum her.

 

Eg er klar over at Brukarforum her på DA òg er eit sosialt medium, og at det er fleire bygdebokforfattarar som bruker det aktivt til å samle informasjon. Men det er meir frå eldre tid, m.a. av personvernomsyn. Så viss nokon kjenner til ein bygdebokforfattar som har prøvd å bruke andre sosiale medium til å samle nyare informasjon, kan de ev. tipse vedkomande om denne førespurnaden her i Brukarforum?

 

Og elles: viss nokon har synspunkt på slik bruk av sosiale medium, kom gjerne med dei her. Eg blir av og til spurt om å gje råd til prosjekt i tidleg fase, og dette må eg nok ta med neste gong.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Jeg skriver ikke noen bygdebok, men har tatt for meg alle husene i Pedersgaten i Stavanger. Her prøver jeg å dokumentere hvem som eide og bodde i hvert hus. Kildene er selvsagt folketellinger og kirkebøker. Dette er en handlegate med en mengde forretninger som har vekslet opp gjennom tidene. Jeg har saumfart adressebøker og telefonkataloger for å finne folk i alle husene. Det stopper jo opp fra midten av 1950årene. Jeg har søkt i avisene som legges ut både på forretninger og etter bl. a. dødsfall. Jeg legger alt ut på min hjemmeside - http://pedersgaten.org

Her i byen finnes en meget aktiv FB gruppe "Stavanger før i tiå." Her legges det ut en uendelighet av bilder med kommentarer som en ellers ikke ville funnet fram til. Når jeg legger ut nytt stoff viser jeg det på FB. På den måten har jeg fått en god del opplysninger fra folk som har bodd her eller kjenner noen, eller de retter mine opplysninger. Jeg mener at FB vil kunne være til stor hjelp, ikke minst når det gjelder billedstoff.

Hilsen Lisa

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Takk for innspill, Lisa. Har òg fått tips om andre sider av same type som Stavanger-sida (m.a. Gjøvik). Men ingen som så lang har brukt FB slik eg etterspør i startinnlegget.

 

Sjøl om programmet i Sogndal og innlegga er på det næraste klare, tar eg framleis i mot innspel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.