Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Lars Ellendson Hauge, fødd i Hafslo 1808 - kvar vart det av han?


Recommended Posts

Det er ikkje mange personar av bondeætt i Hafslo som berre "forsvinn" på 1800-talet, men her er ein av dei:

 

Lars Ellendson Hauge, son av gardbrukar Ellend Olson Hauge og Elisabeth Larsdotter, vart døypt i Hafslo 27.11.1808 og vart konfirmert i Hafslo i 1824.

 

Sidan er han ikkje å sjå. Ikkje gifte han seg i Hafslo, og ikkje er han avliden i Hafslo. Rett nok hadde me ein prest som "slurva" med innføringi av dødsfall i kyrkjebøkene, både på 1830-talet og i åri etter 1850, men me kan ikkje berre gå ut ifrå at Lars er mellom dei "gløymde"...

 

Eg finn ingen gode "kandidatar" hjå FamilySearch, og heller ikkje i FT1865i Noreg.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Han levde da det ble holdt skifte etter moren. Jeg klarer ikke å lese navnet på formynderen hans. Kanskje han ble boende der da faren ble oppgift i 1827. Øverst h.side står det om Lars http://arkivverket.n..._read/24149/73/

Hjarteleg takk til Berit for nytt innlegg.

 

Formyndaren til Lars Ellendson i 1824 var Lars Iverson Quam på Veitastrondi, som ogso er ein del av Hafslo, so sjølv om Lars skulle ha vakse opp der, ville han vore "oppdaga" i kyrkjebøkene for Hafslo.

 

Diverre er dødsmeldingane for Hafslo fram til kring 1875 forsvunne, so me får ikkje greie på ervingane etter faren Ellend Olson Hauge då han døydde i 1870, 97 år gamal...

 

Kan det tenkjast at Lars som nesteldste son av ein v elhavande bonde har funne vegen til Christiania for å "søkja lykka" der?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.