Gå til innhold
Arkivverket

Davik i Nordfjord: Kari Jensdtr. på Ekornbakke - kvar var ho frå?


Inge Nygård
 Del

Recommended Posts

Kari Jensdtr. vart trulova med Jacob Johannessen i 1732, og gift året etter: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-29

 

iI kyrkjeboka vart ho ved trulovinga kalla Kari Jensdtr. Hauge (Houge). I bygdeboka (Aaland) er ho nemnt som Kari Jensdtr. Huslid: http://www.nb.no/nbs...f14?index=2#303

Kari døydde 53 år gammal i 1746 (Aaland skriv her 63 år gammal): http://www.arkivverk...ny&idx_side=-20

Eg finn ingenting i bygdeboka på Hausle (Huselid) som kan setje meg på sporet etter Kari. På Ytre-Davik bruk nr. 3 (Lille-Davik/Haugene/Frimannslund) vert Jens Jenssen "Jyde" nemnt. Kan han vere far til Kari?

 

Eit anna spørsmål frå same garden: Foreldra til Jacob, Johannes Olsen og Søgni Jacobsdtr. (Endal), var brukarar før Jacob og Kari. Aaland skriv at Johannes vart gift med Søgni, enkja etter den førre brukaren (Jacob Arildsen).

Søgni fekk born så seint som i 1718. Johannes må ha vore ca. 25 år eldre enn Søgni, og er ifølge Aaland brukar så tidleg som i 1683.

Manntalet i 1701 nemner ein steson Arild Jacobsen (29 år gammal): http://digitalarkive...filnamn=1701nba

 

Sjølv Aaland påstår ikkje at Søgni var mor til Arild Jacobsen, men nemner ikkje namn til Jacob Arildsen si første kone.

Eg veit ikkje grunnlaget for at Aaland skriv at Søgni var gift med Jacob Arildsen. Dersom han byggjer på eksistensen av stesøner i manntalet 1701, så er det vel meir truleg at Johannes Olsen først var gift med den ikkje namngjevne mora til Arild Jacobsen, og deretter gifte seg med ei til då ugift Søgni Jacobsdtr.? Har nokon synspunkt på dette?

 

Til slutt eit lite hjertesukk: Eg må seie at eg stoler særs lite på Aaland. No er eg klar over at det finnast nyare bygdebøker for området (Bremanger). Desse ser ved første augnekast flotte ut. Ser ein nærare etter, finn ein mange av Aaland sine gamle feil tekne opp att. Det har og vorte laga fleire nye feil i "god gammal Aaland-tradisjon". Eg har ikkje Bremanger-bøkene for handa nett no, men eg meiner det som står der vedrørande personane eg spør om, ikkje skil seg mykje frå Aaland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.