Gå til innhold
Arkivverket

Carl Fredrik Moe - fødd i Sogndal 1865 - St. Louis, MO 1905 - død 1928? - ny påskenøtt!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein skikkeleg "påskenøtt" som utan resultat òg har vore etterspørt i det norske Amerika, men førebels utan resultat. Kanskje me treng norske "Amerika-ekspertar" for å løysa dette?

 

Carl Fredrik MOE - òg kjend som Charles MOE, eventuelt som C. F. MOE eller Fred MOE

son av Jørgen Fredrik von Krogh Pederson MOE og Wilhelmine Petersdotter Mühl

var fødd 15.8.1865 i Sogndal

utvandra 1869 med foreldri sine til Watonwan Co., MN

der huslyden budde i FT1870 og FT1875

flytte hausten 1875 til Austin, Mower Co., MN

var i 1886 busett i Fergus Falls, Otter tail Co., MN

kva skjedde so??

 

* Major Per Tang skreiv i 1950-åri ei bok om garden Moe i Hafslo med (brukar-)ætti derifrå, som han sjølv ætta frå, og han fortel oss at "Carl Fredrik Moe døydde i 1928". Per Tang fortel òg at Carl Fredrik hadde ein (einaste?) son med namn Clifford Harold Moe, men datoar finst ikkje for sonen!

 

* Wilhelmina Moe Hetland, mor til Carl Fredrik, døydde i Austin, MN 26.12.1904. Anten nekrologen hennar eller skiftet etter ho frå 1905 fortel oss at "son Charles Moe is a travelling man with headquarters in St. Louis, MO".

 

Fleire adressebøker for St. Louis, MO ligg ute på nettet hjå ancestry.com, og dei syner (minst) to ulike Charles MOE i byen på den tidi. Ein som går att gjennom lengre tid, er ein Charles H. MOE, men han finn eg att i FT1900 og FT1910 som fødd i VA 1840 eller MA 1843, so han er det heilt sikkert ikkje. I adresseboki frå 1910 er nemnde både Charles H. MOE og ein Charles A. MOE, men sistnemnde finn eg ikkje i FT1910! Ser ein so på adresseboki frå 1903, finn ein seks personar med ættenamnet MOE. Det er Frank MOE og Lavinia MOE samt dei følgjande fire:

 

* MOE, Charles driver r 4821 Easton av

* MOE, Charles H paint 4209 Easton av

* MOE, Charles H restaurant 1453 1/2 Biddle

* MOE, Frederick D trav r 3107 Locust

 

Denne siste minner sterkt om at Charles i 1905 var "a travelling man with headquarters in St. Louis, MO" (sjå over). Kan han ha kalla seg Frederick for ikkje å verta blanda med dei andre med same namn? Adresseboki for St. Louis, MO frå 1895 har ein Frederick G. MOE som er "telephone operator", medan ein Frederick MOE frå adresseboki 1893 òg er "telephone operator". Dei tre adressene frå 1893, 1895 og 1903 ligg svært nær kvarandre, og eg trur det er den same personen, MEN eg finn han ikkje i FT1900!!! (FT1900 syner ein Frederick MODE, slaktar, fødd i Illinois 1860, men han er det IKKJE)

 

Eg lyt leggja til at eg òg har funne ein Clifford MOE som døydde i Minneapolis, MN 10.2.1930, 9 år gamal. Foreldri var Carl MOE og Laura Larson, men desse foreldri finn eg ikkje att nokon stad!! Men dersom det stemmer at Carl Fredrik MOE døydde i 1928, KAN det jo vera "vår" mann som har gift seg seint og som har fått berre den eine sonen?

 

Ei vanskeleg sak dette, men der er lov å leva i voni om at Carl Fredrik skal dukka opp, ein eller annan stad...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan være et skudd i blinde, men jeg prøver likevel, det er en del opplysninger som kan stemme med han du søker etter: jeg finner en Charles Moore, født 16.8.1865, død 5.7.1927. han står oppført med Other name Charles F. Moe. Hvis det er riktig person så er han gravlagt i Oakwood Cemetery, Austin, Mower, Minnesota. http://www.rootsweb....ms/oakwoo10.htm

I den samme databasen finner du forøvrig også begge foreldrene, Jørgen P. Moe og Wilhelmine Hetland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje Clifford født 21.4.1887? https://familysearch...M9.1.1/FD74-HQP

Name: Harrold Clifford Moore Gender: Male Christening Date: Christening Place: Birth Date: 21 Apr 1887 Birthplace: Mankato, Blue Earth, Minnesota Death Date: Name Note: Race: White Father's Name: Charles Moore Father's Birthplace: Norway Father's Age: 23y Mother's Name: C. F. Mother's Birthplace: Minn. Mother's Age: 19y Indexing Project (Batch) Number: C54697-5 System Origin: Minnesota-EASy GS Film number: 1309284 Reference ID: item 7 p 45

 

Denne Harold Clifford Moore døde i California 28.4.1946 https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/VP2C-DSC

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ord vert fattige om eg skal uttrykka kjenslene mine! Eg er skikkeleg imponert over funnet ditt, Lars J. og takkar og bukkar på det hjartelegaste!

 

Eg har no gått gjennom dei opplysningane som du har teke med og ogso kva eg elles kan finna på nettet om denne Charles F. MOORE, og alt ser ut til å høve svært so bra!

 

Charles F. MOORE døydde i Chicago, IL 5.7.1927, og ifølgje dødsattesten hans (FamilySearch) heitte kona hans då Gertrude, men kva for ei Gertrude dette var, greier eg førebels ikkje å seia sikkert.

 

Det kan sjå ut som om Charles og Gertrude skilde lag alt kring 1890, og kanskje er han identisk med den Frederick Moe som eg fann i St. Louis, MO. Sidan er han så flytt til Chicago, IL

 

Charles F. MOORE gifte seg første gongen i Mankato, MN 2.11.1885 med Ida I. FELTON, fødd i New York state i april 1869, og under namnet Ida MOORE gifte ho seg att, ogso det i Mankato, MN, 5.5.1898 med William W. PEASE frå Somerset Co., ME. Han var skreddar, og budde med Ida i St. Paul, MN, men dei vart òg skilde før 1910 då William Pease framleis bur in St. Paul, MN, medan Ida er i Chicago, IL. Harold Moore er forresten 1910 hjå stefaren i lag med ein annan son som Ida fekk, truleg etter ho vart skild frå Charles Moore, Reginald E. PEASE, fødd i Mankato, MN 11.2.1891.

 

No ønskjer eg meg hjelp til å identifisera dei to konene til Charles F. Moore, om det let seg gjera. Ikkje minst kvar det vart av dei...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for fleire nyttige opplysningar om denne huslyden!

 

No har eg funne Charles F. Moore både i FT1910 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7884&iid=31111_4328136-01194&fn=Chas&ln=Moore&st=r&ssrc=&pid=4454295) og i FT1920 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6061&iid=4300181_00488&fn=Charles+F&ln=Moore&st=r&ssrc=&pid=95988128), båe i Chicago, IL. I 1920 går det fram at han var farmasøyt, medan han i 1910 var "commercial salesman"). Truleg har han vore handelsreisande i farmasøytprodukt!? Elles er det jo interessant å sjå på bustaden hans i 1920: "Chicago Home for Incurables" eller "heimen for uhelbredbare sjukdommar"!

 

Andre kona Gertrude P. Heiserman var fødd i Fayette Co., IA 6.7.1874 og var både 1935 og 1940 i Oakland, CA. Truleg døydde ho der.

 

Første kona Ida I. Felton må vera fødd i Minnesota kring 1869. Ho går for å vera dotter av Daniel Felton og Ellen Miller, men dei gifte seg ikkje før 14.2.1874 i Steele Co., MN, so Ida må truleg vera dotter hennar og fødd i Martin Co., MN.

 

Vel, etter kvart kjem dei fleste detaljane om denne husyden på plass, og eg kan ikkje anna enn å uttrykka mi store begeistring over at desse folki endeleg vart oppdaga. Nok ein stor takk til deg, Lars J.!

 

Elles gler eg meg til å sjå ein nekrolog etter Charles Moore!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.