Gå til innhold
Arkivverket

Thomas Fredrik von Krogh Ingebrigtson (1844) - og søsken Margretha (1841) og Ole (1847) - frå Sogndal til Amerika 1866/1871 - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i lengre tid vore på leiting etter tre søsken frå Sogndal som utvandra til Amerika, men so langt er det dårleg med spor etter dei, og tanken om å gje opp, har lege nær. MEN, kanskje det finst nokon i Brukarforum som kan bidra med tips?

 

Denne huslyden finn me i 1865 som plassfolk under Stenehjem i Sogndal:

 

Ingebrigt Thomassen Huusfader g Hmd med Jord 1806 Hafslo

Marthe Olsdatter hans Kone g 1812 Hafslo

Thomas Ingebrigtsen deres Søn ug 1845 Sogndal

 

Ingebrigt Thomasson (fødd Hauge) og kona Martha Olsdotter (fødd Oklevik) hadde vore gardbrukarar både på Hillestad og på Vikheim i Sogndal, men var lengste tidi plassfolk under Stenehjem. Ingebrigt vart spedalsk og døydde på St. Jørgens hospital i Bergen 15.2.1868. Enkja Martha Olsdotter, døypt i Hafslo 2.2.1812, utvandra til Amerika i 1871.

 

Det var i alt tre born i huslyden:

 

* Margretha Ingebrigtsdotter, fødd i Sogndal 17.7.1841, utvandra til Amerika i 1866

 

* Thomas Fredrik von Krogh Ingebrigtson, fødd i Sogndal 25.8.1844, utvanda òg til Amerika i 1866

 

* Ole Ingebrigtson, fødd i Sogndal 5.3.1847, utvsndra til Amerika med mori i 1871

 

Ein Ole Ingebrigtson gifte seg i Goodhue Co., MN 18.3.1876 med ei Helga Pederson. Dei busette seg i Red Wing, Goodhue Co., MN der Ole døydde 3.5.1911. FT1910 seier at han var fødd i Noreg i 1847 og utvandra i 1871 - ein perfekt "match", men FT1900 seier han var fødd i Noreg i januar 1846 og utvandra i 1870 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120275_00907&fn=Ole&ln=Englebetsen&st=r&ssrc=&pid=75974133)! So eg er ikkje so sikker på om dette er rett mann likevel...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

Tom Engebretson, "Iowa State Census, 1885"

 

Name: Tom Engebretson Event Type: Census Event Year: 1885 Event Place: Calmar, Winneshiek, Iowa Gender: Male Age: 41 Birth Year (Estimated): 1844

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/HDBX-4ZM

 

?

 

Tom Ingbretson in household of Oscar Uick, "United States Census, 1930"

 

Name: Tom Ingbretson Event: Census Event Date: 1930 Event Place: Madison, Winneshiek, Iowa Gender: Male Age: 86 Marital Status: Widowed Race: White Birthplace: Norway Estimated Birth Year: 1844 Immigration Year: 1866 Relationship to Head of Household: Boarder Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Household Gender Age Birthplace Head Oscar Uick M 35 Iowa

 

Wife Emma A Uick F 23 Iowa

 

Son Marvin O Uick M 4 Iowa

 

Father-in-law Ole O Houey M 53 Iowa

 

Mother-in-law Anna M Houey F 45 Iowa

 

Brother-in-law Oscar A Houey M 20 Iowa

 

Boarder Tom Ingbretson M 86 Norway

 

https://familysearch...M9.1.1/XMKD-GHK

 

Tom Engebretson in household of Ole O Hovey, "United States Census, 1920"

 

?

Name: Tom Engebretson Residence: , Winneshiek, Iowa Estimated Birth Year: 1844 Age: 76 Birthplace: Norway Relationship to Head of Household: Gender: Male Race: White Marital Status: Divorced Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway

Household Gender Age Birthplace SELF Ole O Hovey M 43y Iowa

 

WIFE Marie Hovey F 35y Iowa

 

DAU Alida O Hovey F 12y Iowa

 

SON Oscar A Hovey M 10y Iowa

 

Tom Engebretson M 76y Norway

 

Petrina O Borge F 65y Norway

https://familysearch...M9.1.1/MDM1-QJZ

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit spennande innlegg om Tom Ingebrigtson frå Winneshiek Co., IA. Alderen stemmer bra og likeins utvandringsåret, so han er so absolutt ein god "kandidat". Men so var det å prova dette...

 

Eg har elles sjølv i dag finne ei stadfesting på at Ole Ingebrigtspon i Red Wiong, Goodhue Co., MN IKKJE er mannen eg leiter etter. Ole i Red Wing, MN var fødd 13.1.1846 i Grøndalseiget i Ullensaker (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=560&idx_id=560&uid=ny&idx_side=-135), medan kona Helga kom frå Sunndal!

 

Så er det på att igjen med "blanke ark og fargestifter tel...", men eg ønskjer òg å sjekka ut Tom frå Winneshiek Co., IA.

 

Og sjølvsagt vonar eg på fleire gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har nettopp funne ein svært so spennande "kandidat" for Ole Ingebrigtson! Eg har søkt etter alle enkjer med namn Martha i Amerika i 1880, fødde i 1812 +- 2 år, og fann denne spennande kombinasjonen på ein farm i Niles township, Floyd Co., IA:

 

Ole Thompson 28 farmer Nor Nor Nor

Martha Thompson 68 mother Nor Nor Nor widowed housekeeper

 

Ole J. Thompson gifte seg:

 

Name: Ole J. Thomson

Event Type: Marriage

Event Date: 22 Jan 1896

Event Place: Floyd, Iowa, United States

Age: 45

Birth Year (Estimated): 1851

Spouse's Name: Augusta Winter

Spouse's Age: 44

Spouse's Birth Year (Estimated): 1852

 

Og i FT1900 for Niles township, Floyd Co., IA:

 

Ole I. Thompson Mar. 1852 farmer Nor Nor Nor emigrated 1871

Augusta Thompson Dec. 1853 wife Ger Ger Ger emigrated 1870

ho hadde vore gift før for 27 år sidan og hadde 6 born, 5 var ilive, men ingen budde hjå Ole og Augusta i 1900!

 

Ole er rett nok vorten fem år yngre enn han skulle vera, men fødselsmånaden er mars, mellombokstaven 1900 er I (for Ingebrigtson?), utvandringsåret er 1871 og alderen til mori frå 1880 høver perfekt!

 

Har eg funne rett person?

 

Kanskje Margretha og Thomas òg har nytta THOMPSON som ættenamn i Amerika?

 

Elles vert det no viktig å leita etter lagnaden til denne Ole I. Thompson...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lurer litt på om denne T. F Thompson (Thomas F. Thompson) kan være Thomas Fredrik Ingebrigtson? Fødselsmåned og immigrasjonsår stemmer, men ikke alderen. Han har jo også en sønn Fred - kanskje fra farens mellomnavn?

 

Name: T Thompson

[F Thompson] Age: 51 Birth Date: Aug 1848 Birthplace: Norway Home in 1900: Niles, Floyd, Iowa

[Floyd] Race: White Gender: Male Immigration Year: 1866 Relation to Head of House: Head Marital Status: Married Spouse's Name: Francis C Thompson Marriage Year: 1876 Years Married: 24 Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Samme mann som Arne fant?Det opereres med fødselsår 1848/1849 på denne mannen.

 

Thomas F Thompson, "United States Census, 1910"

 

Name: Thomas F Thompson Event Place: Charles Ward 3, Floyd, Iowa Gender: Male Marital Status: Married Race: White Relationship to Head of Household: Self Immigration Year: 1866 Birthplace: Norway Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway

Household Gender Age Birthplace SELF Thomas F Thompson M 61y Norway

 

WIFE Francis Thompson F 62y New York

 

SON E Merton Thompson M 24y Iowa

 

SON Fred Thompson M 28y Iowa

 

https://familysearch...M9.1.1/ML1T-T2X

 

Thomas F. Thompson, "United States Census, 1880"

 

Name: Thomas F. Thompson Event Type: Census Event Date: 1880 Event Place: Niles, Floyd, Iowa, United States Gender: Male Age: 31 Marital Status: Married Occupation: Farmer Race (Original): Ethnicity: American Relationship to Head of Household: Self Birthplace: Norway Birth Date: 1849 Spouse's Name: Frances Thompson Spouse's Birthplace: New York, United States Father's Name: Father's Birthplace: Norway Mother's Name: Mother's Birthplace: Norway Household Gender Age Birthplace Self Thomas F. Thompson M 31 Norway

 

Wife Frances Thompson F 33 New York, United States

 

Daughter Louisa Thompson F 3 Iowa, United States

 

Other Newman Dutcher M 25 Wisconsin, United States

 

https://familysearch...M9.1.1/MD2D-649

 

Sønnene deres?

Fred V Thompson

Texas, Deaths (New Index, New Images), 1890-1976 birth: 09 Jun 1882 Charles City, Iowa death: 02 Oct 1943 Sherman, Grayson, Texas, United States

  • parents:Thomas Thompson, Frances Snyder

Edgar M. Thompson

Iowa, Marriages, 1809-1992 birth: Charles City, Iowa marriage: 01 May 1920 Waterloo, Black Hawk, Iowa

  • parents:Thomas F. Thompson, Frances Snyder
  • spouse:Anna Aiken Givens

Edgar M. Thompson

Iowa, Deaths and Burials, 1850-1990 birth: 02 Sep 1886 Iowa death: 12 Jul 1920 Waterloo burial: 14 Jul 1920

  • parents:Thomas F. Thompson, Frances Shnyder

https://familysearch...M9.1.1/XV3G-35B

 

Tror dette er barnas foreldre sin vielse:

Frances Sneider

Iowa, County Marriages, 1838-1934 marriage: 30 Jan 1882 Tama, Iowa, United States

  • spouse:Thomas Vacha Or Walker

Frances Sneider

Iowa, County Marriages, 1838-1934 birth: 1864 Tama Co., IA marriage: 30 Jan 1882 Otter Creek Twp., Tama, Iowa, United States

  • parents:Adalbert Sneider, Frances Prusa
  • spouse:Thomas Vacha

Frances Sneider

Iowa, Marriages, 1809-1992 marriage: 30 Jan 1882 Tama, Iowa

  • spouse:Thomas Vacha Or Walker

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsregistreringen gi også fødselsår 1848 for Thomas F. - så da spørs det.......

 

Name: Thomas F Thompson

Birth Date: 1848 Death Date: 13 Dec 1915 Age: 67 Burial Location: Charles City, Floyd Cemetery: Riverside Source: Tombstone Records of Floyd County Page Number: 114

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne karen er oppført sammen med Frances:

 

Name: Thomas Vacha Census Date: 1905 Residence State: Iowa Residence County: Tama Locality: York Roll: IA_111 Line: 106

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om dette er "min" kandidat i 1870 så er det vel neppe den Thomas Fredrik Ingebrigtson som etterspørres. Såpass mye avvik i alder i en så tidlig telling virker lite sannsynlig. Men ellers var det jo mye som kunne passe....:)

 

Name: Thos F Thompson Age in 1870: 21 Birth Year: abt 1849 Birthplace: Norway Home in 1870: Niles, Floyd, Iowa Race: White Gender: Male Post Office: St Charles

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok ein gong er eg ganske so mållaus! Hjarteleg takk til Arne og Ann-Mary for kjempeflotte og spennande innlegg! Eg har vore gjennomdei alle og har ogso konsultert ymse andre kjelder og har no laga eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Thomasson, døypt i Hafslo 8.2.1809, gifte seg i Hafslo 14.11.1837 med Martha Olsdotter frå Okleviki. Ho vart døypt i Hafslo 2.2.1812. Ingebrigt og Martha flytte hausten 1837 til Sogndal der dei var gardbrukarar både på Hillestad og sidan på Vikeim til dei hamna som husmannsfolk under Stenehjem i Sogndal. Ingebrigt vart spedalsk og flytte til St. Jørgens hospital i Bergen der han d. 15.2.1868. Martha utvandra i 1871 som enkje til Amerika. Under namnet Martha Thompson fór ho då med yngste son sin til Niles township, Floyd Co, Ia der ho visstnok d. kring 1883. Ingebrigt og Martha fekk tre born i lag:

 

a. Margretha Ingebrigtsdotter, f. i Sogndal 17.7.1841, utvandra til Amerika i 1866 og

 

##### (lagnaden hennar?)

 

b. Thomas Fredrik von Krogh Ingebrigtson, kjend som Thomas F. Thompson, f. i Sogndal 25.8.1844, utvandra òg til Amerika i 1866 og gifte seg

 

##### (date and place of his mariage? - 1876!?)

 

med Frances C.

 

##### (middle name? – par: John Snyder PA and Louisa Brown NY)

 

Snyder, f. i Oneida Co., N.Y.

 

##### (exact date of her birth?)

 

.1.1847. Thomas og Frances slo seg ned som farmarar i Niles township, Floyd Co., Ia., men flytte kring 1905 som pensjonistar til Charles City, Floyd Co., Ia. der Thomas d. 13.12.1915. Frances Thompson d. same staden 29.5.1931. Dei fekk fire born i lag.

 

c. Ole Ingebrigtson, kjend som Ole I. Thompson, f. i Sogndal 5.3.1847, utvandra til Amerika med mor si i 1871 og gifte seg i Floyd Co., Ia. 22.1.1896 med enkja Augusta

 

##### (middle name? – parents Herman and Minnie Volbrecht)

 

f. Volbrecht, f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? - Germany 30.12.1850 – eller 1851 – em. 1865?)

 

men utvandra til Amerika i 1870. Ho gifte seg første gongen i Chickasaw Co., Ia. 17.4.1871 med George

 

##### (middle name? - ættenamn Winters?)

 

Winter, f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans? - Bayern 1828 – grave marker shows: 6.6.1825)

 

Han utvandra til Amerika i 1853. George og Augusta slo seg ned som farmarar i Niles township, Floyd Co., Ia. der George d. 4.3.1895. Ole og Augusta farma òg i Niles township, Floyd Co., Ia., men flytte kring 1905 som pensjonistar til Charles City, Floyd Co., Ia. der Ole d. 5.2.1909. Augusta Thompson d. same staden 25.10.1930. Augusta fekk i alt seks born, men dei var alle frå første ekteskapet hennar.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So, denne huslyden tek til å verta skikkeleg bra dekt! Både Ole og Thomas har tydeleg ljuge når det gjeld alder, men det berre MÅ vera dei me har funne!

 

No sit me att med søster deira, Margretha, men eg har nettopp ringt biblioteket i Charles City, IA og bestilt nekrologar for båe brørne, so får me vona at dei fortel oss litt meir...

 

Nok ein kjempestor takk for kjempeflott innsats!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.