Gå til innhold
Arkivverket

Christen Jørgensen (1837-1886) - røyrleggjar i Stavanger - dei to konene hans og opplysningar om dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette tema tek utgangspunkt i tema #11905 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/97797-11905-christen-joergensen-1837-1886-fraa-hafslo-i-sogn-roeyrleggjar-i-stavanger/page__p__803835__hl__+11905#entry803835) der eg framleis slit med å få tak i manglande detaljar. Kanskje er det no vorte mogeleg eller i alle fall lettare å finna litt fleire opplysningar?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Jørgenson, f. i Hafslo 23.9.1837, flytte med foreldri til Leikanger i 1847, men fór sidan til Stavanger der han 6.2.1870 gifte seg første gongen med Inger Dorthea Hansdotter Hansen frå Stavanger. Ho var dotter av tømmermann Hans Andreas Hansen i Stavanger, opphavleg frå Lilleland i Håland (Sola), og kona Ranveig, kjend som Rakel Constantinsdotter Riis frå Hustoft i Nedstrand og f. i Stavanger 11.3.1852. Inger d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1885!)

 

og Christen gifte seg 4.10.1886 att med enkja Elsa Carlsdotter, opphavleg frå Lima ytre i Gjesdal, Time. Ho var dotter av gardbrukar Carl Simonson på Lima ytre og kona Martha Gurine Svendsdotter frå Eidland og f. i Time 21.2.1850. Elsa gifte seg første gongen i Gjesdal 1.7.1875 med John Torgersen frå Taksdal i Time. Han var son av husmann Torger Johnson på Valbræk under Taksdal, opphavleg frå Tjåland i Time, og første kona Bertha Sophie Olsdotter frå Breilien i Time og f. i Stavanger 25.6.1846. John var

 

##### (yrket hans?)

 

og han og Elsa busette seg i Stavanger der John d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Christen Jørgensen var mekanikar og sidan røyrleggjar og vart buande i Stavanger der han d. 22.12.1886. Andre kona Elsa gifte seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hennar? – før 1900!)

 

med Enok Olson Enoksen frå Stavanger. Han var son av arbeidar Ole Enoksen i Stavanger, opphavleg frå Solberg i Bjerkreim, Helleland, og kona Martha Kirstine Pedersdotter frå Versland i Bjerkreim, Helleland, og f. i Stavanger 19.10.1865. Ogso Enok var røyrleggjar, og han og Elsa vart buande i Stavanger der Elsa d. 15.4.1933. Enok Enoksen d. same staden 23.11.1939. Elsa fekk

 

##### (kor mange born? – minst to som er nemnde i FT1900)

 

frå første ekteskapet sitt, medan ekteskapet med Enok visstnok var barnlaust. Christen fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet med Inger og eitt frå det andre med Elsa:

 

a. Lise Fredrikke Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 29.9.1870, d. i Stavanger 9.10.1884.

 

b. Rakel Hansine Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 15.1.1874, d. i Stavanger 2.6.1877.

 

c. Thomas Fredrik Hess Christenson Jørgensen, kjend som Thomas Hess, f. i Stavanger 27.7.1877, d. på Skøyen i Austre Aker 12.7.1915. Han gifte seg i Christiania 3.3.1906 med Sigrid Jensdotter Holth, f. i Christiania 20.3.1878. Ho d. i Oslo 20.6.1947. Thomas var redaktør og vekebladutgjevar, medan Sigrid var bokhaldar. Dei budde på Skøyen i Austre Aker og fekk to born i lag.

 

d. Rakel Hansine Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 29.2.1880, d. i Stavanger 20.6.1880.

 

e. Elise Fredrikke Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 25.8.1886, d. i Stavanger 5.11.1886.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og nyttig innlegg!

 

Eg freista med å sjå etter John Torgerson Taxdal i dødsmeldingane for Hetland, men der står han ikkje innført, kva no enn grunnen kan vera... Der ville det jo truleg stått kor mange born han let etter seg...?

 

MEN, han er ikkje innskriven i dødsmeldigslista for Hetland, so kanskje er han registrert i Stavanger by? Men dei bøkene er tydeleg ikkje scanna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nytt flott innlegg om dødsfallet til Inger Jørgensen! So døydde ogso ho i Hetland...!

 

Elles har eg i ettermiddag blatt igjennom vigde i St. Petri, St. Johannes, Domkyrkja og Hetland-Vår Frue (1880-1900) på leiting etter vigsli til Enok Enoksen og Elsa Jørgensen, men eg har ikkje funne vigsli i nokon av desse kyrkjelydene! Sjølvsagt kan eg ha oversett vigsli, men ... Kvar kan dei då ha gift seg??

 

Alle gode forslag vert mottekne med stor takksemd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet og vil då leggja inn ein oppdatert status frå manuskriptet mitt! Kanskje ein eller annan kan hjelpa meg finna svari på dei to detaljane som manglar?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Jørgenson, f. i Hafslo 23.9.1837, flytte likeins med foreldri til Leikanger i 1847, men fór sidan til Stavanger der han 6.2.1870 gifte seg første gongen med Inger Dorthea Hansdotter Hansen frå Stavanger. Ho var dotter av tømmermann Hans Andreas Hansen i Stavanger, opphavleg frå Lilleland i Håland (Sola), og kona Ranveig, kjend som Rakel Constantinsdotter Riis frå Hustoft i Nedstrand og f. i Stavanger 11.3.1852. Inger d. i Stavanger 24.1.1881, og Christen gifte seg 4.10.1886 att i Stavanger med enkja Elsa Carlsdotter, opphavleg frå Lima ytre i Gjesdal, Time. Ho var dotter av gardbrukar Carl Simonson på Lima ytre og kona Martha Gurine Svendsdotter frå Eidland og f. i Time 21.2.1850. Elsa gifte seg første gongen i Gjesdal 1.7.1875 med John Torgerson Taxdal frå Taksdal i Time. Han var son av husmann Torger Johnson på Valbræk under Taksdal, opphavleg frå Tjåland i Time, og første kona Bertha Sophie Olsdotter frå Breilien i Time og f. i Stavanger 25.6.1846. John var tømmermann, og han og Elsa busette seg i Taulovhagen i Hetland, Stavanger der John d. 6.3.1884. Christen Jørgensen var mekanikar og sidan røyrleggjar og vart buande i Stavanger der han d. 22.12.1886. Andre kona Elsa gifte seg att

 

##### (dato og stad for andre vigsli hennar? – før 1900!)

 

med Enok Olson Enoksen frå Stavanger. Han var son av arbeidar Ole Enoksen i Stavanger, opphavleg frå Solberg i Bjerkreim, Helleland, og kona Martha Kirstine Pedersdotter frå Versland i Bjerkreim, Helleland, og f. i Stavanger 19.10.1865. Ogso Enok var røyrleggjar, og han og Elsa vart buande i Stavanger der Elsa d. 15.4.1933. Enok Enoksen d. same staden 23.11.1939. Elsa fekk

 

##### (kor mange born? – minst to som er nemnde i FT1900)

 

frå første ekteskapet sitt, medan ekteskapet med Enok visstnok var barnlaust. Christen fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet med Inger og eitt frå det andre med Elsa:

 

a. Lise Fredrikke Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 29.9.1870, d. i Stavanger 9.10.1884.

 

b. Rakel Hansine Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 15.1.1874, d. i Stavanger 2.6.1877.

 

c. Thomas Fredrik Hess Christenson Jørgensen, kjend som Thomas Hess, f. i Stavanger 27.7.1877, d. på Skøyen i Austre Aker 12.7.1915. Han gifte seg i Christiania 3.3.1906 med Sigrid Jensdotter Holth, f. i Christiania 20.3.1878. Ho d. i Oslo 20.6.1947. Thomas var redaktør og vekebladutgjevar, medan Sigrid var bokhaldar. Dei budde på Skøyen i Austre Aker og fekk to born i lag.

 

d. Rakel Hansine Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 29.2.1880, d. i Stavanger 20.6.1880.

 

e. Elise Fredrikke Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 25.8.1886, d. i Stavanger 5.11.1886.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld desse detaljane...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da Else Enoksen døde i 1933 sto det i dødsannonsen

Min kjære hustru, min gode mor, svigermor, bestemor og vår søster,

Else Enoksen, f. Lima.

døde stille påskeaften 83 år gl. stavanger 18. april 1933

Enok Enoksen

Ingeborg f. Netland og Theodor John Johnsen, søsken.

kjøres fra hjemmet Stiftelsesgt 22 til Ladegårds kapell onsdag aften kl. 7

 

Rørleggermester Enok Enoksen

vår kjære bror døde stille idag

stavanger 23-11-1939

avdødes søsken.

Hvis du ønsker selve annonsen send meg en mail

lisatk@lyse.net

Hilsen Lisa

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lisa for interessante opplysningar frå dødsannonsene!

 

Eg tolkar annonsa etter Elsa slik at ho berre hadde EITT barn som levde att etter ho, og det var Theodor Johnsen, fødd 1878. Dotteri Sofie Torgersen, fødd 1876, må vera avlidi før mor si. Ho kan sjølvsagt ha hatt fleire born med første mann sin før han døydde i 1884, men i so fall døydde dei kort etter fødsli! Det hadde vore kjekt å vita KOR MANGE born ho fekk...

 

Elles saknar eg framleis vigsli til Elsa og Enok. Er det i det heile mogeleg å finna denne?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...

Det er no dukka opp ei etterlysning etter Christen Jørgensen frå 1859 i samband med at han då laut møte til militær teneste i Sogn:

 

image.png.c841516982aa59a2f74e3b7e1d5c8488.png

 

Om han møtte fram, veit me ikkje; truleg var han lengst i Stavanger på den tidi...(?)

 

Men etterlysningi er eit godt påskòt til å henta fram att dette emnet frå 2013 med von om at det kanskje no kan lata seg gjera finna svar på den siste utfordringi her:

 

** Dato og stad for siste vigsli til Elsa Jørgensen med Enok Enoksen kring 1890?

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Jørgenson {Hauge}, f. {i Hafslo} 23.9.1837,

Christen Jørgensen flytte likeins med foreldri til Leikanger i 1847, men fór sidan til Stavanger der han 6.2.1870 gifte seg første gongen med Inger Dorthea Hansdotter Hansen frå Stavanger.  Ho var dotter av tømmermann Hans Andreas Hansen i Stavanger, opphavleg frå Lilleland i Håland (Sola), og kona Ranveig, kjend som Rakel Constantinsdotter Riis frå Hustoft i Nedstrand og f. i Stavanger 11.3.1852.  Inger d. i Stavanger 24.1.1881, og Christen gifte seg 4.10.1886 att i Stavanger med enkja Elsa Carlsdotter, opphavleg frå Lima ytre i Gjesdal, Time.  Ho var dotter av gardbrukar  Carl Simonson på Lima ytre og kona Martha Gurine Svendsdotter frå Eidland og f. i Time 21.2.1850.  Elsa gifte seg første gongen i Gjesdal 1.7.1875 med John Torgerson Taxdal frå Taksdal i Time.  Han var son av husmann Torger Johnson på Valbræk under Taksdal, opphavleg frå Tjåland i Time, og første kona Bertha Sophie Olsdotter frå Breilien i Time og f. i Stavanger 25.6.1846.  John var tømmermann, og han og Elsa busette seg i Taulovhagen i Hetland, Stavanger der John d. 6.3.1884.  Christen Jørgensen var mekanikar og sidan røyrleggjar og vart buande i Stavanger der han d. 22.12.1886.  Andre kona Elsa gifte seg

 

##### (dato og stad for andre vigsli hennar – kring 1890?)

 

med Enok Olson Enoksen frå Stavanger.  Han var son av arbeidar Ole Enoksen i Stavanger, opphavleg frå Solberg i Bjerkreim, Helleland, og kona Martha Kirstine Pedersdotter frå Versland i Bjerkreim, Helleland, og f. i Stavanger 19.10.1865.  Ogso Enok var røyrleggjar, og han og Elsa vart buande i Stavanger der Elsa d. 15.4.1933.  Enok Enoksen d. same staden 23.11.1939.  Elsa fekk to born i første ekteskapet sitt, medan ekteskapet med Enok var barnlaust.  Christen fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet med Inger og eitt frå det andre med Elsa:

a. Lise Fredrikke Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 29.9.1870, d. i Stavanger 9.10.1884.

b. Rakel Hansine Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 15.1.1874, d. i Stavanger 2.6.1877.

c. Thomas Fredrik Hess Christenson Jørgensen, kjend som Thomas Hess, f. i Stavanger 27.7.1877, d. på Skøyen i Austre Aker 12.7.1915.  Han gifte seg i Christiania 3.3.1906 med Sigrid Jensdotter Holth, f. i Christiania 20.3.1878.  Ho d. i Oslo 20.6.1947.  Thomas var redaktør og vekebladutgjevar, medan Sigrid var bokhaldar.  Dei budde på Skøyen i Austre Aker og fekk to born i lag.

d. Rakel Hansine Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 29.2.1880, d. i Stavanger 20.6.1880.

e. Elise Fredrikke Christensdotter Jørgensen, f. i Stavanger 25.8.1886, d. i Stavanger 5.11.1886.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetrak for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.