Gå til innhold
Arkivverket

Peder Hjermann Pederson Hauge, fødd i Hafslo 1857 - forsvinn i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gardbrukar Peder Rumohr Thomasson Hauge (1816-1879) og kona Cecilia Pedersdotter Moe (1823-1869) fekk i alt åtte born. Av dei døydde tre kort etter fødsli, medan to andre døydde ugift om lag 25 år gamle. Av dei tre som var att, utvandra yngste dotteri Karen Kirstine Munthe Pedersdotter Hauge (1862-1948) til Amerika i 1880 og busette seg i Chicago, IL der ho var gift med Anders Ravn Olson Melheim frå Hafslo.

 

So var det to gutar:

 

* Peder Fredrik von Krogh Pederson Hauge (1855-1944) utvandra til Amerika i 1885 og budde ei tid i Minneapolis, MN og sidan i Kenyon, MN. Han gifte seg med ei enkje, men vart barnlaus.

 

* Peder Hjermann Pederson Hauge, fødd 2.12.1857, skal vera identisk med den Peder Pederson Hauge som i 1883 fekk odelsskøyte på heimebruket på Hauge (etter at garden då var gått ut av ætti). Han var då til stades. Men då han selde garden att i 1889, hadde han fullmektig for seg. Ogso då er han nemnd berre Peder Pederson Hauge!

 

Ein fetter av desse brørne, major Per Tang skriv i 1923 følgjande om den yngste Peder:

 

"Han utvandra til Amerika der han døydde ugift"!

 

Ein kunne vera frista til å tru at det var Peder Fredrik von Krogh Pederson Hauge som fekk denne skøyta i 1883 og som etter han var utvandra i 1885 igjen selde garden, men me har ingen haldepunkt for å seia noko sikkert om dette. Og ikkje heller ser me noko meir til den yngste Peder Pederson i Amerika!

 

Båe gutane voks opp, og båe var heime på Hauge både i 1865 og i 1875! I 1891 er ingen av dei i Hafslo!

 

Om nokon har tips å komma med når det gjeld lagnaden til denne yngre Peder Hjermann Pederson Hauge, so ville eg setja stor pris på dette!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.