Gå til innhold
Arkivverket

Kirstina Eriksdotter Njøs, f. Leikanger 1872 - flytte 1896 til Christiania - kvar vart det av ho? - mysterium?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Erik Olson frå Fardal i Sogndal (1829-1889) og kona Anna Jørgensdotter frå Hauge i Hafslo (1840-1928) var husmannsfolk på ein plass under Njøs i Leikanger. Dei fekk fire born i lag; tre av dei vart buande i Leikanger, men so var det den nesteldste dotteri då:

 

Kirstina Eriksdotter Njøs, fødd i Leikanger 29.7.1872, fekk i 1896 attest for å flytta til Christiania (Oslo).

 

Då mori døydde i Leikanger i 1928, seier dødsmeldingi hennar følgjande: "Kristine Njøs, Oslo?" med spørsmålsteikn! Det er tydeleg at her ikkje hadde vore kontakt på mange år, og søskeni hennar visste ikkje noko om lagnaden hennar!

 

Eg har sjekka eit par tilfeldige adressebøker for Oslo (1920 og 1946), men finn ikkje nokon Njøs nemnd i det heile.

 

Kanskje har Kirstina gift seg i Christiania eller nær Christiania?

 

Eg står heilt fast på dette problemet, men vonar at kanskje einkvan dreg kjensel på namnet og kan hjelpa meg vidare?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette spørsmålet om Kirstina Njøs i Christiania, som framleis står som eit stort mysterium. Er det mogeleg å berre "forsvinna" på dette viset?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne saki er tydeleg ikkje noki lett sak å løysa, men eg har motteke eit tips om at det på 1950- og 1960-talet budde ei Njøs-dame i Kjelsåsveien 96B i Oslo. Ho var visstnok ugift og dreiv garn- og broderiforretning i sidedelen av huset. Ho var slank og hadde mørkt hår, men fornamnet kunne vedkommande ikkje komma i hug!

 

Kan dette ha vore "vår" Kirstina Njøs? Eller vert dama på Kjelsås litt i yngste laget?

 

Eg har ei kjensle av at eg "famlar" litt i blinde...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I adr bok for Aker 1955 bodde Borghild og Gjertrud Njøs på den adressen

ildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Adressebok, avd. Aker, Bok , 1955-1955, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 77. årgang, Akeravdeling. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49289/177/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061211141264.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Solveig for interessant om enn noko skuffande innlegg!

 

Då kan me avskriva Kirstina som busett på Kjelsås! Eg veit heller ikkje kven Boirghild og Gjertrud Njøs klan ha vore. Njøs er ein av dei folkereikaste gardane i Leikanger, og eg kan ikkje sjå at dei er noki ættetilknyting til Kirstina!

 

Slik det ser ut i kjeldene i Sogn, hadde dei tydeleg ikkje nokon kjennskap til Kirstina då mori døydde i 1928. Det står berre Kristine Njøs, Oslo, med spørsmålsteikn.

 

Eg finn ikkje nokon gode "kandidatar" korkje i 1900 eller 1910 for Christiania eller Akershus, men kanskje kan ho finnast i adressebøker utanfor sjølve Oslo? Eg har aldri leitt i Aker!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.