Gå til innhold
Arkivverket

Guri Eriksdotter Leite, fødd Hafslo 1751, konf. Hafslo 1768, forsvinn - til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Guri Eriksdotter Leite, døypt i Hafslo 14.2.1751, eldste dotter av husmann Erik Erikson og andre kona Martha Eriksdotter på Leite under garden Hauge i Hafslo, vart konfirmert i Hafslo i 1768, og etter den tid ser me ikkje noko meir til denne jenta i bygdi! Kvar kan ho ha vorti av?

 

Ho hadde ei yngre søster Christi Eriksdotter Leite, døypt i Hafslo 22.4.1759. Ho finn me ikkje konfirmert i Hafslo i det heile. Far deira døydde kring 1770, og mori gifte seg att i 1772. Kanskje er Guri fari frå bygdi på den tidi og har då teke med seg vetlesøsteri? Berre ein tanke...

 

FT1801 for Sogn har berre ei einaste Guri Eriksdotter som høver so nokolunde i alder. Ho er ugift, 54 år og bur på Holstad i Vik.

 

Eg ville nok då føretrekt å finna nokon anten i nabobygdene i indre Sogn eller eventuelt i Solund. Eller kanskje Bergen er eit relevant alternativ?

 

Eg ser ei vigsli i Domkyrkja i Bergen 12.5.1793 for ei Gurine Eriksdotter og ein enkjemann gesell Peder Pederson (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=4904&merk=4904#ovre). Eg finn ikkje born etter dei, men eg finn dei heller ikkje i FT1801!?

 

Kanskje andre har betre auge enn eg? Eller kanskje ser nokon andre "kandidatar" for kvar Guri Eriksdotter kan ha vorti av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til bergiverson for nytt interessant innlegg!

 

Det var svært lite flytting frå indre Sogn til Nord-Hordland på 1700-talet, men det skjedde, og det kan kanskje vera vel verdt å undersøka dette nærare? Eg vil ta temaet opp under eigi overskrift for å få merksemd frå "Lindås-folk"...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har me fått stadfest at Guri Eriksdotter på Lindås IKKJE kan vera vår Guri frå Hafslo.

 

Kanskje burde ein ta ein nærare kikk på den Gurine Eriksdotter som gifte seg i Domkyrkja i Bergen i 1793? Kvar vart det av dette paret??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.