Gå til innhold
Arkivverket

Dorothea Christine Moe, fødd i Hafslo 1871 - døydde som Dorothea Bentel i San Antonio, TX 1951 - korleis trefte ho mann sin? - Vigsli deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dorothea Christine Clausdotter MOE, yngste dotter av gardbrukar Claus Rumohr Pederson MOE (1812-1882) og andre kona Britha Pedersdotter f. Lomheim (1830-1884), var fødd i Hafslo 12.9.1871. Ho vart foreldrelaus berre 13 år gamal og følgde med den eldre søsteri, den sidan kjende afrikamisjonæren Malla MOE (1863-1953) til Chicago, IL i 1885.

 

Dorothea MOE tok lærarutdannig og arbeidde som lærar i Chicago IL like fram til kring 1930. So, kort etter 1930, gifte ho seg med ein George Edward Bentel, fødd i St. Joseph Co., IN 8.4.1874. Han hadde butt mange år i Manitowoc, WI der han mellom anna var verftsarbeidar, inkl. FT1930.

 

So har me funne ein avisartikkel frå San Antonio, TX frå 1933 som fortel om George Edward Bentel og Dorothea Moe, men so er det stilt til Dorothea Bentel dukker opp i FT1940 i San Antonio, TX som enkje. Då får me òg opplyst at ho hadde butt der i 1935.

 

Dorothea Bentel døydde i San Antonio, TX 8.3.1951 og ligg gravlagd åleine på ein kyrkjegard i byen. Mannen er ikkje å sjå nokon stad!! Eg har òg motteke ein liten nekrolog for Dorothea, men den seier absolutt ikkje noko om ekteskapet hennar eller om mann hennar!

 

Kven er i stand til å finna ut korleis dette paret treftes og dato og stad for vigsli deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arne for kjempespennande svar! Eg gløymde sjølvsagt i det opphavlege innlegget mitt å etterlysa opplysningar om LAGNADEN til George Bentel, men den er jo òg av interesse for meg! Og eg trur du Arne har funne rett mann! Både alder og dødsstad tyder på det!

 

Det kan synest merkeleg at George fekk den lagnaden som han gjorde, men det KAN jo tenkjast at han og Dorothea, han som gamal ugift verftsarbeidar, og ho som gamal ugift "frøken", over hovudet ikkje gjekk i lag over lengre tid, og at dei rett og slett skilde lag, utan formelt å verta skilde? Det er jo òg underleg at nekrologen hennar ikkje nemner noko om nokon ektemann, og ho ligg gravlagd åleine i San Antonio, TX!

 

Det hadde uansett vore kjekt om vigsli deira kunne finnast...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.